NRK Meny
Normal

Noreg på føflekkreft-toppen - men ingen planar om masseundersøking

Noreg er i verdstoppen når det gjeld førekomst og døyelegheit av føflekkreft. Likevel finst det lite forsking og ingen planar om å innføra nasjonale masseundersøkingar mot denne krefttypen.

Dødsfall av kreft i 2013. 327 døde av føflekkkreft. Grafikk.

Grafikken viser dødsfall av ulike krefttypar i Noreg etter alder i 2013.

Foto: Tom Gabriel Johansen / NRK

Viggo på lørdag 26.11.11

Anne Hafstad er prosjektdirektør for kreftområdet i Helsedirektoratet, som har ansvaret for å vurdera innføring av nye screeningprogram i Noreg.

Foto: NRK

Noreg er det landet i verda med høgast førekomst og døyelegheit av føflekkreft, etter New Zealand og Australia. To av ti nordmenn som får påvist føflekkreft døyr som følgje av sjukdomen.

Utviklinga går dessutan i feil retning: talet på nordmenn som får føflekkreft er tidobla i løpet av dei siste 60 åra, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Det eksisterer per i dag nasjonale screeningprogram for to typar kreft: brystkreft og livmorhalskreft. Sjølv om desse har vist seg å ha god førebyggande effekt, har ikkje helsestyresmaktene planar om å innføra tilsvarande undersøkingar mot føflekkreft.

– Me kan ikkje utan vidare seia ja til å innføra screening for føflekkreft, seier prosjektdirektør for kreftområdet Anne Hafstad i Helsedirektoratet.

Manglar forsking

Helsedirektoratet har ansvaret for å vurdera om det bør innførast nye screeningprogram og gje sine råd til Helse- og omsorgsdepartementet.

Hafstad påpeikar at ein blant anna må kunne dokumentera at ei slik ordning fører til at færre døyr eller blir enda sjukare. Dette er eit av i alt 16 kriterium som styresmaktene legg til grunn når dei vurderer å innføra nye screeningprogram (sjå faktaboks).

– Totalverdien av screening må dessutan overgå den belastninga det kan vera for friske personar å delta, før me kan forsvara å innføra det. Det er mange forhold som må vurderast grundig og me sjå på kunnskapsgrunnlaget og på kva som blir gjort i utlandet for å finna ut om masseundersøkingar er det riktige å gjera, fagleg, etisk og økonomisk.

Ifølgje Kreftregisteret er det derimot dårleg med forsking på området – både i Noreg og i utlandet.

– Det eksisterer nesten ikkje forsking på hudkreft og screening og det er førebels ingenting på trappene her i Noreg. Det er gjort ein klinisk studie i Tyskland med svært gode resultat, men den er omdiskutert på grunn av låg deltaking, seier forskar Trude Eid Robsahm til NRK.

Ingen garanti

Trude Eid Robsahm

Det er forska svært lite på effekten av nasjonale masseundersøkingar på føflekkreft, opplyser forskar Trude Eid Robsahm, ved Kreftregisteret.

Foto: Ann-Eli Wang / Kreftregisteret

I Australia har diskusjonane om å innføra screening mot føflekkreft blitt lagde på is. Det som finst av forsking og utgreiingar der, tyder nemleg på at slike masseundersøkingar ikkje fører til at færre døyr av sjukdomen.

Grunnen til det er at ei masseundersøking ikkje nødvendigvis avdekkjer dei farlege føflekkane, fortel Robsahm i Kreftregisteret.

– Når ein går inn i ein frisk folkesetnad og ser etter sjukdom, vil ein også oppdaga andre, ufarlege kreftformer og forstadium til kreft som må behandlast. Det medfører ein kostnad for helsevesenet, utan at det bidreg til at færre døyr.

Hafstad i Helsedirektoratet ser ikkje bort frå at føflekk-screening kan bli aktuelt i framtida, når ein har meir nøyaktige testmetodar og meir kunnskap om effekten.

– Men å sola seg med fornuft er uansett viktigare enn masseundersøkingar, seier prosjektdirektøren.

Symptomer på føflekkreft. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger