Hopp til innhold

Israel hentar heim diplomatar frå Irland og Noreg

Noreg anerkjenner i dag Palestina som eigen stat. Det har fått Israels utanriksminister til å hente heim diplomatane. Men her heime er jubelbrusa høge.

Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein.
Oslo 20231107. Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein på den israelske ambassaden i Oslo. Foto: Emilie Holtet / NTB

HENTA HEIM: Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein blir henta heim av Israels utanriksminister.

Foto: NTB

– Palestinarane har ein grunnleggande rett til ein eigen stat. Det kan ikkje bli fred i Midtausten utan at palestinarane og israelarane har eigen stat.

Slik opna statsminister Jonas Gahr Støre pressekonferansen onsdag morgon då regjeringa kunngjorde at dei vil anerkjenne Palestina. Irland og Spania følgde etter.

Les også Noreg anerkjenner Palestina

espen barth eide og Mahmud Abbas i kvar sin stol. palestinsk flagg bak dei. begge har p å dress og smiler.

75 år etter at Noreg anerkjente Israel som stat, blir Noreg no det 144. FN-landet som også anerkjenner Palestina.

– Strategien har vore at ei anerkjenning må komme etter ei fredsløysing. Det må vi erkjenne ikkje har fungert, seier Støre.

Norge anerkjenner Palestina som stat. Pressekonferanse i Marmorhallen 22. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre inviterte til pressekonferanse i marmorhallen på Stortinget.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / Cicilie Sigrid Andersen

Hamas: – Et steg i riktig retning

Like etter varsla Israel at dei vil hente heim diplomatane sine frå Noreg og Irland.

Den spanske ambassadøren blei sendt heime allereie i november.

– I dag sender eg ein tydeleg beskjed til Irland og Noreg: Israel vil ikkje møte dette med å vere stille. Eg har nettopp bedt dei israelske ambassadørane i Noreg og Irland for konsultasjonar i Jerusalem, seier Israels utanriksminister Israel Katz.

Norge anerkjenner Palestina som stat. Pressekonferanse i Marmorhallen 22. mai

– Noreg vil med det sjå på Palestina som ein uavhengig og sjølvstendig stat med alle dei pliktar og rettar det inneber, sa Støre på pressekonferansen.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / Cicilie Sigrid Andersen

Førre veke gjorde NRK eit intervju med Israels ambassadør i Noreg Avi Nir-Feldklein. Då sa han at dersom Noreg anerkjente Palestina som stat, ville det ha ein dårleg innverknad på Noreg sitt forhold til Israel.

Katz representerer ytre-høgre-partiet Likud og seier i dag at anerkjenninga vil få ytterlegare konsekvensar for Noreg.

Han meiner at Noreg med dette sender ein bodskap til palestinarane og resten av verda om at «terrorisme lønner seg».

Ronen-Bahar01-140424

Styreleiar Ronen Bahar i Det mosaiske trosamfunnet seier til NRK at Israel sin reaksjon var overdriven.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Det mosaiske trosamfunnet i Noreg seier dei stiller seg bak regjeringa, men meiner at tidspunktet er problematisk.

– At Israel har trekt diplomatane tilbake, syns eg er ein overdriven reaksjon, seier styreleiar Ronen Bahar til Vårt Land

Palestinaranes president Mahmoud Abbas gler seg over at Noreg, Spania og Irland vil anerkjenne Palestina som eigen stat, skriv NTB.

Hamas sin talsperson i Libanon, Walid Kilani, seier til NRK at dei ønsker anerkjenninga velkommen.

– Dette er eit steg i riktig retning. Vi ønsker ein stat som har både hamn og flyplass, og med Jerusalem som hovudstad.

Israel og Palestina 1949

De rosa feltene viser palestinske områder fra 1949 frem til 1967. Gaza var da okkupert av Egypt. Vestbredden var okkupert av Jordan.

Når Norge nå anerkjenner Palestina som egen stat, er det disse grensene Norge mener staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovedstad og med åpning for avtaler om landbytte.

Israel og Palestina i dag

De rosa feltene viser de palestinske områdene i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.

På Vestbredden viser de rosa områdene hvilke områder som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. De mørkeblå områdene er underlagt israelsk kontroll.

Grafikk: Eirik Kirkaune, NRK / KARTDATA FRA OPENSTREETMAP

– Ikkje ein dag for tidleg

Men her heime er det stort sett lovord om regjeringa i dag.

– Dette er noko LO har arbeidd for lenge. Vi gratulerer Noreg og palestinarane, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Kirsti Bergstø, leiaren i regjeringa sitt samarbeidsparti SV, seier dei har venta lenge på denne dagen.

Norge anerkjenner Palestina som stat. Pressekonferanse i Marmorhallen 22. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide under regjeringa sin pressekonferanse i dag.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen

– Det er ein stor dag når regjeringa endeleg anerkjenner Palestina som stat. Dette har vi venta lenge på.

– Anerkjenning er eit viktig steg for å styrke palestinarane sin forhandlingsposisjon og eit uttrykk for ein etterlengta forståing for at Israel er ein langt sterkare part.

Også Arild Hermstad i MDG seier dette er ein gladnyheit.

– Regjeringa gjer det einaste rette og anerkjenner Palestina som eigen stad. Dette er ikkje ein dag for tidleg, men det har ei god symbolsk effekt.

I november stemte Stortinget over eit forslag frå Raudt om å anerkjenne Palestina. Det ville ikkje regjeringspartia gå med på.

Men eit breitt fleirtal på Stortinget kunne gå med på eit kompromiss, nemleg at regjeringa skulle førebu seg på å anerkjenne Palestina idet det kan ha ein positiv innverknad på ein fredsprosess mellom Israel og palestinarane.

Norge anerkjenner Palestina som stat. Pressekonferanse i Marmorhallen 22. mai

– Når vi anerkjenner Palestina, kan vi med større tyngde oppmode andre land til å støtte oppbygginga av ein palestinsk stat og vi kan halde den palestinske staten ansvarleg, sa Støre under pressekonferansen.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / Cicilie Sigrid Andersen

Regjeringa kan bestemme å anerkjenne Palestina som stat på eiga hand, og det gjorde dei i dag.

Tidlegare Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er nøgd med ar regjeringa snur i saka.

– Samstundes held det ikkje å anerkjenne Palestina om vi samstundes let Israel utføre eit folkemord mot Palestinarane.

Utspelt rolla som fredsmeklar

Frp-leiar Sylvi Listhaug er ikkje nøgd med tonen frå regjeringspartia. Framskrittspartiet, saman med Kristeleg Folkeparti var dei einaste partia som stemte mot Palestina-kompromisset i Stortinget i november.

Norge anerkjenner Palestina som stat. Pressekonferanse i Marmorhallen 22. mai

Eide åt palestinsk Meze og vassmelon ho ungdomspartiet AUF etter kunngjeringa.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

– Med denne symbolske handlinga som ikkje har noko reell betyding, har regjeringa totalt utspelt Noreg si rolle som potensiell fredsmeklar i denne konflikten, seier Listhaug.

Høgre derimot støtter regjeringa i å anerkjenne Palestina som eigen stat og ei tostatsløysing, men også dei er usikre på om dette er riktig tidspunkt.

– Høgre er usikre på om å gjere dette akkurat no vi ta oss nærare ei politisk løysing på denne konflikten, seier Erna Solberg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger