Hopp til innhold

Noreg anerkjenner Palestina

75 år etter at Noreg anerkjente Israel som stat, føyer Noreg seg inn i rekka av 146 FN-land som anerkjenner Palestina. Det same gjer Irland og Spania.

espen barth eide og Mahmud Abbas i kvar sin stol. palestinsk flagg bak dei. begge har p å dress og smiler.

SAMTALAR OM FRED: Utanriksminister Espen Barth Eide og den palestinske presidenten Mahmoud Abbas under Verdas økonomiske forum i april. Ifølge Eide var «nøkkelpersonar» til stades for å diskutere ein fredsprosess.

Foto: Thaer Ghanaim/PPO / AFP

I denne kan du lese om:

Statsminister Jonas Gahr Støre kunne onsdag morgon fortelje at Noreg er klare for å anerkjenne Palestina som stat. Anerkjenninga trer i kraft 28. mai.

Han meiner det er heilt naudsynt med ein palestinsk stat for å skape fred i Midtausten.

– Når vi anerkjenner Palestina, kan vi med større tyngde oppmode andre land til å støtte oppbygginga av ein palestinsk stat og vi kan halde den palestinske staten ansvarleg, seier Støre.

eide og støre

Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre kunne onsdag kunngjere at Noreg vil anerkjenne Palestina som stat.

Foto: Cicilie Andersen / NRK

I november stemte Stortinget over eit forslag frå Raudt om å anerkjenne Palestina. Det ville ikkje regjeringspartia gå med på.

Men eit breitt fleirtal på Stortinget ville inngå eit kompromiss, nemleg at regjeringa skulle førebu seg på å anerkjenne Palestina idet det kan ha ein positiv innverknad på ein fredsprosess mellom Israel og palestinarane.

Regjeringa kan anerkjenne Palestina som stat på eigehand, og det er dette dei gjorde i dag.

«Eit anna håp enn vald»

I territoriet Noreg no anerkjenner som Palestina, er grensene frå før 1967 lagt til grunn. Det inneber Vestbreidda, Gaza, i tillegg til Jerusalem som delt hovudstad.

Israel og Palestina 1949

De rosa feltene viser palestinske områder fra 1949 frem til 1967. Gaza var da okkupert av Egypt. Vestbredden var okkupert av Jordan.

Når Norge nå anerkjenner Palestina som egen stat, er det disse grensene Norge mener staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovedstad og med åpning for avtaler om landbytte.

Israel og Palestina i dag

De rosa feltene viser de palestinske områdene i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.

På Vestbredden viser de rosa områdene hvilke områder som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. De mørkeblå områdene er underlagt israelsk kontroll.

Grafikk: Eirik Kirkaune, NRK / KARTDATA FRA OPENSTREETMAP

Sjølv om Hamas i dag styrer Gazastripa, ønsker ikkje regjeringa å støtte dei i ein palestinsk stat.

– Å anerkjenne ein stat handlar ikkje om å gi grønt lys til all politikk ein stat fører. Vi kjem ikkje til å gi støtte til ein stat som driv med vald, seier Støre.

– Palestinarane må sjå at det er eit anna håp enn valdens veg.

jonas

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at regjeringa anerkjenner Palestina på veg mot ei fredsløysing mellom israelarane og palestinarane.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Støre håper det vil styrke moderate krefter både på palestinsk og israelsk at enda fleire land anerkjenner Palestina som ein stat.

– Og det kan gi framtidshåp til palestinarane, seier han.

Noreg har vore klare på at ei anerkjenning bør skje etter at ei fredsløysing er på plass. Dette vedkjenner Støre at ikkje er mogleg i dag.

Men arbeidet med ei fredsløysing er i gang.

Arabisk fredsplan

Arabiske utanriksministrar samarbeider no om ein fredsplan. Noreg har bidratt inn i dette arbeidet, først og fremst som tilretteleggar for samtalar mellom aktørane.

I slutten av april organiserte Eide, saman med Saudi-Arabia, eit møte mellom arabiske utanriksministrar og representantar frå europeiske land. Formålet var å komme nærmare ein fredsplan.

– Partane er ikkje i stand til å forhandle fram ei løysing. I fråvær av ein plan, får nokon andre prøve å lage ein plan, sa Eide den gongen.

F2rIpbWb4Hs

Dei fleste land i Midtausten anerkjente Palestina som stat i 1988. Palestinaranes president Mahmoud Abbas har jamlege samtalar med statsleiarar i regionen.

Foto: Thaer Ghanaim / AFP

Eide fortel i dag til NRK at denne fredsplanen har visse krav. Han skal gi sikkerheitsgarantiar til Israel og demobilisere Hamas og andre væpna grupper.

Utanriksministeren har lenge vore klar på at Noreg ikkje ønsker å støtte eit Palestina som er styrt av Hamas.

– Vi vil jo ikkje ha ein «Hamas-stat», men éin palestinsk stat som politisk sett henge i hop, som spring ut av Den palestinske sjølvstyremyndigheita, sa Eide til NTB tidlegare i vår.

Sjølvstyremyndigheita og området

Utanriksminister Eide meiner at Palestina, som inkluderer både Gaza og Vestbreidda, skal ha ei felles leiing. I dag er det Hamas som styrer på Gazastripa og Fatah som styrer på Vestbreidda.

Dei to partane kom til makta i 2006, etter at val blei halde. Ingen av områda har hatt val sidan den gong.

Dei fleste land forheld seg til Den palestinske sjølvstyremyndigheita på Vestbreidda i samtalar om Palestina.

Fatahs partileiar Mahmoud Abbas er derfor anerkjent som palestinaranes president. Han kallar dagens kunngjering for eit «steg i riktig retning», og legg til at han ønsker seg ein fullverdig stat med både hamn og flyplass.

I dag er Vestbreidda okkupert av Israel. Gazastripa er omringa av eit seks meter høgt gjerde, og Israel og Egypt kontrollerer alt som kjem inn og ut av området.

Eide meiner at eit styre på Gazastripa må springe ut frå Den palestinske sjølvstyremyndigheita.

Les også Israel hentar heim diplomatar frå Irland og Noreg

Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein.
Oslo 20231107. Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein på den israelske ambassaden i Oslo. Foto: Emilie Holtet / NTB

Denne myndigheita blei oppretta som følge av Oslo-avtalen i 1993, den første fredsavtalen mellom Israel og palestinarane. Ein avtale som av mange har blitt kritisert for å ikkje vere tilstrekkeleg bindande, og som ikkje har ført til fred.

Opprettinga var eit ledd i vegen mot opprettinga av ein palestinsk stat, noko som ikkje skjedde.

I same avtale var det eit krav at palestinarane skulle anerkjenne Israel, men ikkje omvendt.

Bill Clinton, Yitzhak Rabin og Yasir Arafat

13. september 1994, framfor Det kvite hus og ein nokså fornøgd Bill Clinton, tok Israels statsminister Yitzhak Rabin og PLO-leiar Yasir Arafat kvarandre i handa. Oslo-avtalen var signert og offentleg kjend.

Foto: RON EDMONDS / AP

Ei felles avgjersle

Å anerkjenne Palestina har i lang tid vore førespegla.

Palestina har hatt eit såkalla representasjonskontor i Noreg sidan 2011, norske styresmakter har begynt å bruke «Palestina» i omtale av dei palestinske områda og tidlegare i mai stemte Noreg ja for palestinsk medlemskap i FN.

Palestinas representasjonskontor i Oslo blir med dagens kunngjering omgjort til ein ambassade.

Eide har ved fleire anledningar sagt at ei anerkjenning er nær i tid, men at ho må skje i samarbeid med andre land. Og i dag kunne også Spania og Irland annonsere at dei anerkjenner Palestina som stat.

Israel har no tilbakekalla diplomatar frå både Irland og Noreg.

Israels finansminister Bezalel Smotrich seier han vil trekke landet frå ein avtale der palestinske skattepengar blei overførte til palestinske styresmakter via Noreg.

I november kalla Israel tilbake diplomatane sine frå Spania, etter at den spanske statsministeren sa at han «tviler på at Israel følger folkeretten» i krigen på Gazastripa.

Støre seier på pressekonferansen onsdag at han respekterer Israels val, men vil presisere at ei anerkjenning av Palestina ikkje er ei handling som er retta imot Israel:

– Det er ei avgjersle som er gjort for å gi palestinarane dei same moglegheitene og referansane til ein stat som Israel fekk i 1947 og som vi anerkjente i 1949, seier Støre.

Også Spanias statsminister presiserte i si kunngjering at avgjersla ikkje er imot Israel, og heller ikkje i Hamas' favør.

SISTE NYTT

Siste nytt