Hopp til innhold

Regjeringa med nye endringar - no kan studentane droppe reisa tilbake frå juleferie

– Eg er svært uroa, skriv helseminister Bent Høie på si eiga Facebookside. Regjeringa krev digital undervising, noko som opnar for at studentar kan utsette reisa tilbake til studiestaden.

Deichmanske hovedbibliotek i Bjørvika

Lesesalen på Deichmanske bibliotek i Oslo har vore tommare enn ein skulle ønske, og no krev regjeringa at alle landets universitet og høgskular har digital undervising i to veker.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Kravet om digital undervising gjeld landets universitet og høgskular.

Bent Høie skriv at avgjersla om å gjere all undervising digital er fatta etter at har blitt gitt råd frå Helsedirektoratet og Folkehelsinstituttet.

– Målet med å forskyve den fysiske oppstarten er å dempe smittetrykket. Det betyr at dei som ønskjer og har anledning kan bli igjen der dei har vore gjennom juleferien, og unngå å sette seg på fly, tog eller buss for å reise tilbake til studiestaden, seier minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, ifølge ei pressemelding som er sendt ut av regjeringa.

Helseminister Høie varslar at det vil komme fleire tiltak i morgon. Grunnen til at regjeringa går ut med informasjon allereie i kveld er at morgondagen er venta å vere den store reisedagen før neste semester startar.

Smitta er på veg opp fleire stader i landet, og det var før juleferien frykt for at mange unge ville ta med seg smitte heim til jul. Det er spesielt Rogaland og Trøndelag som opplever ei stor smitte akkurat no.

Reising er noko som fører til auka smitte, og difor gjer altså regjeringa det mogleg for landets studentar å droppe reisa tilbake til studiestaden akkurat no.

Studentane er blant dei som har ofra mykje gjennom pandemien, særskild når det gjeld sosialt liv. Fleire undersøkingar viser at studentane er meir einsame under pandemien enn vanleg, og einsemd er i utgangspunktet vanleg blant studentar.

– Vi nærmar oss eit heilt år med mykje tid åleine på studenthybelen, karanteneperiodar og lite sosial kontakt. Eg veit det er vanskeleg for mange, og min tydelege beskjed til alle rektorane er at dei må følge opp studentane sine og lage alternative faglege møteplassar. Me må alle saman ta vare på kvarandre, seier Asheim i pressemeldinga.

Tidlegare i dag sa Folkehelseinstituttet (FHI) at smittetala no kan vere tilbake på same nivå som då toppen vart nådd i haust. Smittetalet R er no på 1,3, noko som betyr at 100 smitta personar vil føre smitta vidare til 130 personar.

FHI skriv i ei pressemelding i kveld at det så langt er påvist 11 tilfelle av den nye virusvarianten som først vart oppdaga i Storbritannia.

Denne varianten er meir smittsam. Det er fire tilfelle i Rogaland, fire i Oslo og tre tilfelle i Viken. Tre av personane har vore i Storbritannia, og åtte andre er deira nærkontaktar.

AKTUELT NÅ