Hopp til innhold

NHO vil hente pengar frå pensjonistar for å senke formuesskatten

NHO vil at du skal betale meir i skatt for huset ditt og at gifte og sambuande pensjonistar skal få mindre i pensjon. Slik skal staten få råd til å senke formuesskatten.

Ole Erik Almlid

VIL HA LÅGARE FORMUESKATT: NHO og Ole Erik Almlid vil ha lågare formueskatt, og meiner at det er naudsynt å ha ei strammare skattelegging av eigedom og å stramme inn pensjonen til gifte og sambuande pensjonistar.

Foto: Terje Pedersen

NHO viser til at det er nesten seks milliardar kroner å hente på ei hardare skattlegging av eigedom og på å stramme inn pensjonen til gifte og sambuande pensjonistar.

Det vil næringslivstoppane bruke til å gje lette i formuesskatten.

Skuffa bedrifter

I dag betalar ein 0,85 prosent skatt av formue over 1,5 millionar kroner.

Ein får skatterabatt på verdiar som kan bidra til å skape arbeidsplassar – slik som aksjar og maskiner. Men ikkje nok, meiner NHO.

Næringslivet vil gå lenger. Og i teorien har dei Regjeringa med på laget. I Granavolden-plattformen lovar den at formuesskatten på arbeidande kapital skal bli trappa vidare ned.

Men då Siv Jensen la fram statsbudsjettet for 2020 var det ikkje spor etter vidare nedtrapping.

– Vi må ha ein politikk som legg til rette for jobbskaping, sa NHO-sjef Ole Erik Almlid under høyringa om statsbudsjettet i Stortinget i dag.

Han seier både NHO og mange bedrifter vart skuffa over at regjeringa ikkje følgde opp lovnadane sine på dette området.

Kan hente frå hus og pensjonistar

NHO-sjefen vil hente fire milliardar kroner for å halvere skatten på arbeidande kapital og peika på to forslag der det etter NHOs syn er mogleg å hente pengar:

  • Auke verdisettinga av primærbustad frå 25 og opp til 35 prosent. Det vil gje 2,7 mrd kroner meir i skatteinntekter til staten, meiner NHO.
  • Reversere endringane i grunnpensjon til gifte og sambuande frå 90 til 85 prosent. Det vil gje 3 milliardar kroner.

Storleiken på grunnpensjonen frå folketrygda er avhengig av sivilstand. Einslige får 100 prosent av grunnbeløpet, mens regjeringa Solberg i 2016 auka grunnbeløpet for gifte og sambuande frå 85 til 90 prosent.

– Kven råkar dette forslaget, Almlid?

– Eg vil anta at nokre av pensjonistane vil reagere på dette, men det er akkurat same nivået som vi hadde for nokre få år sidan. Eg trur veldig mange av dei vil forstå at vi treng å skape jobbar.

Forslaget om endring av skattlegging av primærbustad meiner NHO berre vil råke dei med høgast bustadverdiar.

– Det kan jo høyrest litt kynisk ut å auke skatten på å bu og å ta pengar frå pensjonistar for å gje formuesskattelette?

– Nei, dette er for å sikre jobber framover.

Døve øyrer

Og NHO-forslaget møter reaksjonar.

– Dette reagerer vi kraftig på, seier leiar i pensjonistforbundet Jan Davidsen. – Dette er opparbeida rettar. At det er pensjonistane som skal vere med å betale andre typar skattelette høyrer ikkje nokon stad heime.

Han meiner forslaget vil råke både pensjonistpar og pensjonistar som sit med verdiar i nedbetalte hus.

– Det er openbert at dette går rett på den delen av folket som i fem år har fått underregulert kjøpekrafta si, seier Davidsen.

Finansminister Siv Jensens partifelle på Stortinget, Bård Hoksrud, reagerer særleg på den delen av NHO-forslaget som råkar pensjonistane.

– Det som gjeld gifte og sambuande pensjonistar er ei sak som Frp har kjempa for heilt sidan 90-talet, så dette er eit svært dårleg forslag frå NHO.

Og frå det største opposisjonspartiet kjem det som venta heller ikkje støtte til ideen om å bruke midlar på ytterlegare formuesskattelette.

– Vi treng ikkje kutt i formuesskatten, vi treng betre fordeling gjennom sterkare skattlegging av dei som har store formuar, seier finanspolitisk talsperson Hadia Tajik i Arbeidarpartiet.

AKTUELT NÅ