Hopp til innhold

Nasjonalt tryggingsorgan om pandemien: – Dette krev ekstra merksemd rundt falske nyheiter

Norske styresmakter fryktar at covid-19 pandemien gjev grobotn for falske nyheiter. Justisministeren ber oss alle om å passe på kva vi deler.

 Justis- og beredskapsminister Monica Mæland under den daglige pressebriefen i forbindelse med korona-siyuasjonen i Norge

FRYKTAR VONDSINNA INNGREP: Justisminister Monica Mæland åtvarar mot framand påverking i det norske demokratiet under koronakrisa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ikkje tru på alt som vert spreidd i sosiale medium om covid-19 pandemien, og tenk deg om før du spreier ubekrefta informasjon vidare, seier Monica Mæland til NRK.

Justisministeren uttalar seg om Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) sin nye risikorapport for 2020.

Fryktar desinformasjon kan påverke demokratiet

I rapporten åtvarar NSM mot spreiing av desinformasjon og korleis dette kan bidra til å destabilisere Noreg i den sårbare situasjon vi er i.

«Pandemien krev ekstra merksemd rundt falske nyheiter og uønskt påverknad, står det skrive i rapporten».

– Det er heilt klart at vi i denne situasjonen er prega av uvisse. Vi er veldig opptatt av nyheiter og vi bruker nettet meir enn noka gang, det gjør oss sårbare, seier justisministeren.

Mæland fryktar desinformasjonen kan påverke det norske demokratiet.

– Det er mange som no føler på ein generell uvisse. Det kan gjere oss sårbare, seier Mæland.

Ho meiner pandemien kan bli utnytta i såkalla påverkingsoperasjonar.

Der trusselaktørar prøvar å undergrave tilliten til norske styresmakter, skape sterke motsetningar i befolkninga eller å påverke avgjerder nasjonalt eller internasjonalt, seier Mæland.

Ikkje berre digitale truslar

I forordet til risikorapporten åtvarar direktør i NSM Kjetil Nilsen om at «aktørar» vil kunne utnytte sårbarheita til Noreg under den pågåande epidemien.

– Vi må ta høgde for at trusselaktørar ser sitt snitt til å utnytte seg av den auka sårbarheita som oppstår, skriv han.

Nilsen understrekar seinare i forordet at truslane mot rikets sikkerheit ikkje berre er digitale.

Utanlandske etterretningstenester søker mellom anna innpass i miljø som driver med forsking og teknologiutvikling, og kartlegg installasjonar og infrastruktur, åtvarar direktøren.

Vi står overfor profesjonelle aktørar med store arsenal av metodar, skriv Nilsen.

xzp9ulOgeZc

ÅTVARAR MOT AUKA SÅRBARHEIT: Kjetil Nilsen, direktør i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Heimekontor gjer oss meir sårbare

Når folk jobbar på pc-en heimanfrå har dei ofte mindre tryggleik mot at andre stel informasjon.

Norske styresmakter har tidlegare åtvara folk på heimekontor mot dataangrep.

– Dette vil aktørar forsøke å utnytte, åtvara Bente Hoff i Nasjonalt cybersikkerhetssenter.

Økokrim frykta og auka svindel som eit resultat av koronaviruset.

– Vi meiner at meir bruk av heimekontor og nye kommunikasjonslinjer i bedriftene aukar faren for at kriminelle vil kunne lykkes med bedrageri, sa Inge Svae-Grotli i Økokrim i mars.

Fraflyttende gutterom og andre rom gjøres i disse dager om til hjemmekontor.

HEIMEKONTOR: Fleire brukar no fråflytta barnerom til heimekontor.

Foto: Marit Kolberg / NRK
  • Les om korleis å avsløre falske nyheiter her

Ber bedrifter om å gjere grep

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit oppfordrar no bedrifter til å ta grep for å hindre at sensitiv informasjon hamnar i feil hender når tilsette jobbar heimanfrå.

– Slike omfattande endringar kan innebere uventa sårbarheit og auka risiko for bedrifter, skriv dei.

Monica Mæland forklarar at ein stor del av trusselaktiviteten mot Noreg skjer i «det digitale rom», altså på internett.

Ho meiner folk kan bli tryggare med å følgje desse enkle råda:

  • Bruk unike passord, altså ikkje bruk same passord til fleire tenester.
  • Byt passord om du kjøper ny PC, mobil eller liknande.
  • Unngå heimekontor frå opne og/eller offentlege nettverk.
  • Vær bevisst på kvar du lagrar informasjon på pc-en når du jobbar på heimekontor.

– Kven er det ein fryktar skal utnytte situasjonen?

– Det er mange. Det kan vere framande stater, det kan vere menneske, kriminelle organisasjonar. Det er rett og slett å vere oppmerksam på at vi har denne trusselen, og forsøke å beskytte oss litt mot den, seier justisministeren.

AKTUELT NÅ