Hopp til innhold

Møter på Slottsplassen med kraftig influensa

Åse Michaelsen (Frp) trosser kraftig influensa og møter på Slottsplassen i ettermiddag. Ho vert etter det NRK erfarer landets første statsråd for eldresaker.

Åse Michaelsen

TROSSER SJUKDOM: Åse Michaelsen frå Frp vert i ettermiddag utnemnd som eldreminister i Solberg-regjeringa, men må trosse alvorleg influensa

Foto: Svein Sundsdal / Nrk

Åse Michalsen vert i dag utnemnd som eldreminister, når statsminister Erna Solberg presenterer den blågrøne regjeringa på Slottsplassen i ettermiddag.

NRK får bekrefta at Michalsen har vore innom sjukehus i Oslo med kraftig influensa. Det ser likevel ut til at ho trappar opp på Slottsplassen i ettermiddag kl. 14.

– Eg er laga av stål så stiller opp der eg skal, skriv ho i ein SMS til NRK.

Ho skriv vidare at ho har fått intravenøs penicillin og fått konstatert kraftig influensa av legen.

57-åringen frå Mandal representerte Vest-Agder på Stortinget frå 2005 til 2017, men tok ikkje attval i fjor.

På Stortinget har ho vore i transport- og kommunikasjonskomiteen, justiskomiteen, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og valkomiteen.

Ho har derimot aldri hatt ansvar for eldreomsorg i nokon komite.

Michaelsen er opphavleg utdanna interiørarkitekt. Ho har også tatt utdanning som treningsinstruktør, drevet bensinstasjon og jobba i SAS.

Vert den første eldreministeren

Michalsen vert ei av dei nye ansikta i den utvida regjeringa Solberg presenterer i ettermiddag. Statsrådsposten hennar er også heilt ny, og vil ligge under Helse- og omsorgsdepartementet, saman med helseminister Bent Høie.

Den offisielle tittelen skal vere statsråd med ansvar for eldresaker.

Posten skal ha vore ei kampsak for Frp i fleire år.

Andre nye ansikt i regjeringa:

  • Trine Skei Grande (V) blir kulturminister
  • Ola Elvestuen (V) blir klima- og miljøminister
  • Iselin Nybø (V) blir forsknings- og høyere utdanningsminister
  • Nikolai Astrup (H) blir bistandsminister i Utenriksdepartementet
  • Åse Michaelsen (Frp) blir eldreminister i Helsedepartementet

Les meir: NRK erfarer: Her er alle statsrådene i Solbergs blågrønne regjering

AKTUELT NÅ