Hopp til innhold

Skulda for lovbrot: departementet krev forklaring frå forsvarssjefen

Forsvarsdepartementet vil ikkje ta stilling til brotet på islandsk straffelov før forsvarssjefen har gjort greie for omfanget av rekrutteringa av islandsk ungdom.

NETTVETT

Departementsråd Erik Lund-Isaksen i Forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere NRKs avsløringar før

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Departementsråd i Forsvarsdepartementet, Erik Lund-Isaksen, nekter å forhalde seg til skuldningane frå islandske styresmakter om at rekrutteringa på Island er i konflikt med islandsk straffelov.

– Vil ikkje kommentere påstandar

Lund-Isaksen påpekar at Noreg og Island har to forskjellige avtalar om at islendingar kan verve seg i Forsvaret. Men om rekrutteringa av islendingar på vidaregåande skular er innanfor dette avtaleverket, vil han ikkje kommentere.

– Er det greitt å rekruttere utanlandske tenåringar for å delta i Forsvaret?

– Me tykkjer det er greitt å tilby islandske statsborgarar utdanning sidan dei ikkje har same utdanningskapasitet på Island, seier Lund-Isaksen.

Lund-Isaksen understreker at Forsvaret fokuserer på å overhalde lovar i landa dei er involvert i.

– Me skal halde oss til inngåtte avtalar, og passe på at me ikkje beveger oss i ei gråsone til lova. Det me ser er ein påstand om at nokon har drive rekruttering til Ingeniørhøgskulen, og difor krev me at forsvarssjefen greiar ut om dette.

– Kva vil skje når de får stadfesta informasjonen frå forsvarssjefen?

– Eg vil ikkje spekulere i dette før eg veit kva som har skjedd.

Kastar ut Forsvaret frå skulane

Utdanningsministeren på Island forbyr no skulane å ta i mot representantar frå det norske forsvaret. Det skal bli sendt ut eit brev til alle skular på Island om at dei ikkje skal ta i mot representantar frå det norske forsvaret.

– Det er ulovleg å la utanlandsk forsvar drive med rekruttering på islandske skular, difor sender me ut denne påminninga, seier utdanningsministeren på Island, Svandís Svavarsdóttir til NRK.no.

Ifølgje den islandske statskanalen RUV, har tre vidaregåande skular i Reykjavík-området fleire gonger hatt besøk av representantar frå det norske forsvaret.

Ingen har så langt politimeldt forholda, trass i at fleire på Island har hevda at rekrutteringa av islandske soldatar er eit klart brot på islandsk straffelov.

– Klossete av forsvaret

trine skei grande

Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner forsvarsministeren bør svare for seg.

Foto: JOHANNESSEN, SARA / SCANPIX

Leiar i Venstre, Trine Skei Grande, reagerer sterkt på at det norske forsvaret mest sannsynleg bryt straffelova på Island.

– Dette synest eg ikkje noko om. Forsvarsministeren bør ordne opp i dette. Det høyres veldig underleg ut.

Skei Grande understrekar at forsvaret må vere påpasselege med å overhalde andre land sine lovar.

– Eg meiner at Forsvaret skal halde seg til lovane i det landet dei er, uansett kva det gjeld. Dette verkar som ein veldig klossete framferd, seier Grande.

Har sendt brev til ministeren

Parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, har sendt

Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten er skeptisk til at Forsvaret er i ei gråsone til islandsk lov.

Foto: Trond Vestre / NRK

eit brev til forsvarsministeren der han krev svar på kor omfattande rekrutteringa har vore. Han ønskjer også å få vite omfanget av ungdom utan norsk statsborgarskap som tenestegjer i militære operasjonar for Noreg.

– Det er veldig overraskande og spesielt å høyre om det. Difor vil me no krevje ei nærare forklaring av forsvarsministeren. Både om kor ønskeleg det er å ha utlendingar i norske operasjonar, og påstandane om at dette er i strid med lova på Island, seier Høybråten.

– Eg meiner det er grunn til å reise spørsmål ved denne praksisen, og dersom der er i strid ved islandsk lovgiving er dette tvilsamt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger