NRK Meny
Normal

Minas mor sakna eit år i Iran – får ikkje advokathjelp

FREDRIKSTAD (NRK): Aishe Mohammadi skulle berre på ferie i heimlandet Iran, men forsvann sporlaust. I Norge prøvar dottera Mina Berg å finne svar på gåta – men blir nekta fri advokathjelp.

Mina Berg

LEITAR: Mina Berg har leita i nesten eit år etter mora si Aishe Mohammadi. Mina Berg reiste til Iran i to månader for å søke etter mora, men turen gav ingen sikre svar på kva som kan ha hendt.

Foto: Øystein Windstad/NRK

Eg får verken sove eller ro i sjela mi, før eg får vite kva som ha skjedd med mor, fortel Mina Berg.

NRK treff Mina Berg heime i Fredrikstad, der ho vaks opp saman med mora Aishe Mohammadi. Men no har ho ikkje sett mora på snart eit år. Siste livstegn var 19. november i 2014, då ho drog på ferie til Iran.

Aishe Mohammadi

MOR AISHE: Dette er eit av dei siste bileta som er teke av Aishe Mohammadi. Mohammadi er norsk stasborgar og budde i Fredriskstad. Siste livstegn frå Mohammadi er frå november 2014.

Foto: Privat

Mohammadi, som er norsk statsborgar, er meldt savna av både Kripos og Interpol. Men etterlysninga har ikkje gjeve resultat.

– Det er fleire mistenkelege ting som har skjedd. Blant anna viser overvåkingsbilder frå Iran at bilen hennar har blitt brukt av to menn, fleire månader etter at eg meldte mor savna, fortel Mina Berg.

(Sjå videointervju med Mina Berg her. Saka fortset under videoen)

Mina Berg har ikkje hørt noko frå mor si på snart eit år. Alt ho har igjen no er ein bunke med familiebilder frå barndomen.

Etterforskinga har ikkje gjeve svar

Parallelt med å få kvardagen til å gå opp, har åleinemora med to barn kjempa ein kamp for å få fri rettshjelp. Nyleg kom det endelege avslaget. Verken Utanriksdepartementet eller Fylkesmannen i Oslo og Akershus vil støtte fri rettshjelp.

Det einaste som kan hjelpe meg no er at eg får støtte til ein advokat som kan hjelpe meg med å følge opp iranske myndigheiter og få starta ei skikkelig etterforskning. Saka står heilt stille og blir ikkje etterforska i Iran, fortel Berg.

Dermed står saka heilt stille. Etterforskinga i Iran gav ingen endelege svar og har stoppa opp. Eventuell oppfølging av saka frå norske myndigheiter side ville truleg også blitt vanskeleggjort grunna mora sitt doble statsborgarskap. Iranske myndigheiter godtek ikkje dobbelt statsborgarskap og ser på Aishe Mohammadi som berre iransk. Slik kan iranske myndigheiter velge å sjå vekk frå andre land sine ønsker om oppfølging.

(Saka fortset under bildet)

Aishe Mohammadi

MED BARNEBARNA: Bildet viser Aishe Mohammadi i Fredrikstad saman med sine to barnebarn. Mohammadi budde både i Fredrikstad og i Iran.

Foto: Privat

– Skulle selge alt og flytte til Norge

Mohammadi, som kom til Norge frå Iran på starten av 1990-talet, hadde årlege turar til heimlandet, der ho hadde eit stort nettverk. Då ho i november i fjor reiste til Iran, var det for å selge unna nokre leiligheiter ho eigde og kome tilbake til Norge «for godt». Salga gjekk bra, men plutseleg blei det stille. Då Mina Berg ringte mora, skjedde det noko merkeleg.

– Då eg prøvde å ringe mamma var det ein mann som svarte. Det var ein mann som mor mi hadde starta å stole på. Han fortalte at mor mi var i det største politiske fengselet, Evin. Eg fekk ikkje dette til å stemme, mamma hade aldri gjort noko gale mot nokon, fortel Berg.

(Saka fortset under videoklippet)

Mina Berg fortel korleis ho huska mor si og korleis det er å leve med savnet.

Mine Berg fortel korleis ho huska mora si, Aishe Mohammadi.

Reiste til Iran

Etter å ha kontakta UD og norsk politi, utan at ho sjølv opplevde at det førte til noko, tok ho permisjon frå jobben som helsesekretær og reiste til Iran for å lete etter mora på eigenhand. Målet var å få lokalt politi til å ta saka.

– Eg reiste til Evin-fengselet, der mor mi ifølge mannen som svarte telefonen skulle sitte. Ho var verken der eller i noko anna fengsel i Iran. Det viser at mannen som kalla seg for ein ven av mor mi laug til meg, fortel Berg.

Denne mannen dukka plutseleg opp igjen på overvåkingsbilder då iransk politi sette i gang kriminaletterforskning av forsvinninga. På bilda kjører han og ein anna mann bilen til Aishe Mohammadi – fleire månader etter ho forsvann.

(Saka fortset under bildet)

Mina Berg i Iran

I IRAN: Bildet viser Mina Berg då ho reiste til Iran i 2015. Kvinner må bruke spesielle klede som dekker kroppen og håret skal ein kunne gå ut offentleg i Iran. Berg var i Iran i to månader.

Foto: Privat

– Alt dette er veldig merkeleg, og eg veit at det kan ha skjedd noko kriminelt med mamma, fortel Berg.

Ho måtte reise tomhendt heim til Norge etter to månader, utan å finne mora i dei mange fengsla ho leita i.

Trass i at mannen i bilen og passasjeren på overvåkingsbilda blei arrestert, sikta og avhørt i saka, er dei no begge på frifot. Begge to er i følge iranske etterforskingsdokument NRK har fått innsyn i tidlegare straffedømt.

Planlegg ny reise

No ønskar Berg å reise til Iran ein gong til, saman med den norsk-iranske advokaten Farhad Shariati.

– At eg no ikkje får fri rettshjelp og støtte til advokat gjer det svært vanskeleg for meg. Om ikkje lova er til for å hjelpe mennesker, kva er vitsen med lova då, spør Berg og legg til.

– Mitt einaste håp og som kan få igang igjen etterforskninga er at eg sjølv reiser ned igjen og følger opp saka personleg, slik eg gjorde tidlegare. Dette må skje saman med ein advokat som kjenner systemet og som snakkar språket i Iran. Ein har ikkje det same rettssystemet som i Norge og ein er heilt avhengig av å følge opp saker personleg, skal det skje noko. Skjer ikkje dette vil eg aldri få svar på kor mamma er, seier fortel Berg fortvila.

– Ikkje UD si oppgåve

Pressetalsperson Veslemøy Lothe Salvesen i Utanriksdepartementet stadfestar at dei har vore kobla inn i saka, at dei har ytt konsulær bistand og at UD har vore i kontakt med politi og andre myndigheiter i Iran. Lothe Salvesen seier at Utanriksdepartementet ikkje dekker advokathjelp.

– UD kan ikkje betale advokatutgifter for norske borgarar i utlandet. Norske utanriksstasjonar kan hjelpe til med lister over anbefalte advokatar og tolkar, men kan ikkje dekke utgiftene.

– Kva type hjelp og bistand kan UD gje når ein norsk borgar er savna i utlandet?

– UD kan gjere enklare undersøkjingar lokalt når ein får bekymrings- eller savnamelding. Det vil sei blant anna å forhøre seg om personen har blitt arrestert, lagt inn på sjukehus, eksempelvis. Norske borgarar som er sakna i utlandet er primært ei politisak. Utanriksstasjonen vil kunne bistå pårørande i kontakten med lokal politi eller norsk politi, seier Lothe Salvesen.

Får ikkje støtte av Fylkesmannen

I avslaget til fri rettshjelp fra Fylkesmannen i Oslo og Akershus står det at ho tjener under inntektskravet og økonomisk er kvalifisert til fri rettshjelp. Men Merete Helstad, avdelingsdirektør i juridisk avdeling hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus, meiner dei ikkje kan gje Berg fri rettshjelp.

– Fylkesmannen kan i heilt spesielle tilfelle gjere unntak frå hovudregelen og gje fri rettshjelp i utlandet. Det er innvilga fri rettshjelp i utlandet i barnebortføringssaker og i alvorlege straffesaker der norske borgarar står i fare for å bli dømt til dødsstraff eller serleg lang fengselsstraff. Det er utgangspunktet, seier Helstad og legg til:

– Vi forstår godt at det er ei stor påkjenning når nærståande forsvinn i utlandet. Men me meiner at dette først og fremst er ei politisak der ein må etterforske kva som har skjedd med personen, og forsåvidt ikkje eit juridisk problem som skal løysast. Både Kripos og ambassaden er inne i bildet.

– Etterforskinga i Iran har stoppa opp og Berg meiner at grunna dårleg rettssikkerheit må det ein advokat til for å følge opp saka. Kva tenkjer du om det?

– Rettssikkerheita i Norge er god, slik er det ikkje i alle land. Utgangspunktet er at ein må forhalde seg til den bistanden ein kan få i det aktuelle landet, seier Helstad.

I Lov om fri rettshjelp står det at ein har krav på støtte i saker om barnebortføring eller saker som skal opp i Den Europeiske menneskerettsdomstolen. Vidare står det i paragraf 12:

«I andre saker for utenlandsk domstol eller forvaltningsorgan kan det unntaksvis innvilges helt eller delvis fritt rettsråd dersom de økonomiske vilkår i første ledd er oppfylt og særlige grunner taler for det».

(Saka fortset under bildet)

ENGLISH YELLOW NOTICE - MOHAMMADI Aishe

ETTERLYST: Aishe Mohammadi er internasjonal etterlyst av Interpol. Dette bildet er eit utdrag av den internasjonale etterlysninga til Interpol.

Foto: Faksimile Interpol

Kripos kobla inn

Både Kripos og Follo politidistrikt er kobla inn i forsvinninga til Aishe Mohammadi. Det stadfestar Ida Dahl Nilsen, presseansvarleg i Kripos.

– Vår rolle i slike saker er å sørge for internasjonal etterlysning samt å vere bindeledd mellom norske og utanlandske myndigheiter. I dette er tilfellet mellom Follo politidistrikt og den norske ambassaden i Teheran og Interpol Teheran, skriv Dahl Nilsen på epost til NRK.

Fylkesmannens avslag på støtte til fri rettshjelp blei sendt til Statens sivilrettsforvaltning. Der blei det også avslag:

– Eg er så fortvila og veit ikkje kva eg skal gjere no for å finne mamma. Eg veit ikkje kor ho er, om ho lever eller hva som har skjedd med henne. Dette er ein heilt forferdeleg situasjon for meg. Alt eg vil er å finne ut om eg har ei mor som er i live eller ikkje, seier Mina Berg.

Den iranske ambassaden i Oslo har ikkje svart på NRK spørsmål om intervju i denne saka.

Mina Berg seier at ho aldri vil slutte å leite etter mora.

GJEV IKKJE OPP: Mina Berg fortel at ho ikkje vil gje seg, trass alle avslaga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger