Hopp til innhold

MDG møter Facebook om netthets etter Berg-sjikane

– Vi ser at dei kvinnelege politikarane våre opplever grov sjikane og hets på sosiale medium, og vi har bedt om eit møte med Facebook, seier partisekretær i MDG, Lars Gaupset.

Lan Marie Nguyen Berg

HETS: Byråd for miljø og samferdsle i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg (MDG), opplever store mengder hets på Facebook og i andre sosiale medium. Dette er bakgrunnen for at partiet har bedt om eit møte med Facebook.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ei skjermdump frå den lukka Facebook-gruppa Mannegruppa Ottar har fått svært mange delingar i sosiale medium. Fleire reagerer på kommentarane under eit bilete av MDG-politikar Lan Marie Nguyen Berg.

Kommentarane omhandlar drap eller å fysisk skade Berg, andre går inn på henne som kvinne eller hennar etniske opphav.

– Det som gjer meg mest bekymra, er korleis denne typen ytringar skremmer folk bort frå å engasjere seg og delta i samfunnet, seier Berg sjølv om kommentarane.

Ho seier truslar og hets blir meldt til politiet. Ifølgje Oslo Kommune har dei ei politimelding inne, som gjeld fleire tilfelle av truslar mot Berg.

– Rammar kvinnene i partiet

Partisekretær i Miljøpartiet, Lars Gaupset, seier hets og truslar har vore ein aukande tendens mot politikarar i partiet, spesielt mot dei unge kvinnene.

Lars Gaupset

SKAL MØTE FACEBOOK: På grunn av auka netthets skal partisekretær i MDG, Lars Gaupset, i møte med Facebook.

Foto: CF-WESENBERG

– Kvifor rammar ikkje dette mennene trur du?

– Det er nok framleis slik at enkelte har haldningar og eit kvinnesyn som gjer at ein angrip unge og mindre erfarne kvinnelege politikarar, i eit parti med ein politikk som vert oppfatta radikal, seier han.

– Men er ikkje dette noko ein må rekne med, om ein vel å bli politikar som søkjer makt?

– Folk må gjerne vere ueinig i sak, men ikkje leggje igjen kommentarar med sjikane og grov personhets. Der har Facebook også eit ansvar, seier han.

Han seier dei har bedt om eit møte med Facebook for ein gjennomgang av netthets og arbeid mot dette.

Dette bekreftar Marianne Neraal, myndigheitskontakt i Facebook.

Mannegruppa positive til MDGs initiativ

Kay Erikssen

ADMINISTRATOR: Kay Erikssen, som starta og administrerer Mannegruppa Ottar, seier dei ikkje tillèt hets eller rasisme.

Foto: Privat

– Dette er noko vi tek alvorleg, som er i strid med vårt regelverk. Vi vil ikkje ha rasisme, hets eller anna søppel i vår gruppe, seier gruppeadministrator Kay Erikssen, som har sletta og tatt avstand frå kommentarane i den lukka gruppa Mannegruppa Ottar.

Ifølgje Erikssen er det ti til tolv personar som arbeidar med å moderere gruppa, men han seier at omfanget ofte er for stort til å oppdage alt i tide.

– Vi har kanskje eit av dei strengaste regelverka blant grupper eg har sett, seier han.

Han seier han også er positiv til initiativet Miljøpartiet har tatt i dialog med Facebook.

– Vil du beklage kommentarane som er retta mot Berg?

– Sjølvsagt vil vi i administrasjonen i gruppa beklage det på det sterkaste, seier Erikssen.

Hets mot Lan Marie Berg i MDG

KOMMENTARAR: Dette er eit eksempel på kommentarar under bilete av Lan Marie Nguyen Berg i Mannegruppa Ottar.

Foto: Skjermdump

Vart utestengt for å namngi hetsarar

Ei av dei som delte skjermdumpar frå kommentarfeltet til Mannegruppa var Ingvild Kessel, førstekandidat for MDG og fylkessekretær i Oppland. Dette enda med at innlegget vart fjerna, deretter vart ho blokkert frå Facebook.

Ingvild Kessel, 1. kandidat for De Grønne i Oppland

UTESTENGT: Ingvild Kessel frå MDG i Oppland vart utestengt frå Facebook for å dele eit skjermdump frå Mannegruppa Ottar.

Foto: Thomas Ekstrom

– Det er viktig å problematisere at nokon sit bak skjermen og mobbar andre. Så eg bestemte meg for å dele postane og konfrontere dei som har skrive det. Grov hets og drapstruslar er ikkje beskytta av ytringsfridommen.

Facebook beklagar feil og har opna profilen igjen.

– Å halde nettsamfunnet på Facebook trygt er det viktigaste vi gjer. Trass i gode intensjonar er det ikkje realistisk at det aldri vil førekome feil, seier Neraal i Facebook.

Ho peikar på at dei har to omsyn å ta, både for å ta vare på folk sin fridom til å dele tankar, og omsynet til at plattforma skal vere trygg og sikker.

Ingvild Kessel meiner ho vart blokkert frå Facebook fordi det gjekk føre seg ein kampanje på gruppa for å rapportere innlegget hennar.

– Synest ikkje ein skal henge ut nokon

Erikssen i Mannegruppa Ottar seier derimot at han ikkje har observert einslik kampanje i gruppa. Han meiner likevel det er unødvendig av Kessel å dele innlegget.

– Eg synest ikkje ein skal henge ut nokon uansett, dette kunne ho ha teke opp med oss i administrasjonen.

– Meiner du det er offentlege ytringar, når nokon av dei 60.000 medlemene dine ytrar seg i gruppa?

– Ja, det er heilt klart offentleg, men ting kan også bli tatt ut av kontekst, seier han.

Skjermdump frå Mannegruppa Ottar

MANNEGRUPPA: Skjermdump frå eit innlegg i Mannegruppa Ottar på Facebook.

Foto: Skjermdump

AKTUELT NÅ