NRK Meny
Normal

Milevis frå søppel-mål

Aldri før har den norske søppelfjellet vore høgare. Me er ikkje i nærleiken av å nå det nasjonale miljømålet. – Dette er trist, meiner Bellona.

Klemetsrud energigjenvinningsanlegg

Gjenvinning er på retur, medan stadig meir går til forbrenning og deponi.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Styresmaktene har som nasjonalt miljømål at avfallsauken skal vera vesentleg lågare enn den økonomisk veksten.

Utviklinga går i stikk motsett retning, viser det ferske avfallsrekneskapen til SSB.

I 2012 blei det generert meir avfall enn nokosinne: 10,7 millionar tonn.

Avfallsauken i Noreg er dermed nesten tre gonger større enn den økonomiske veksten. Medan BNP auka med 3 prosent, gjekk den totale avfallsmengda i Noreg opp åtte prosent frå 2011 til 2012.

Mindre gjenvinning

Etter fleire år med auke, er gjenvinning no på retur. Stadig meir går til forbrenning og deponi.

– Dette er ei trist men venta utvikling. Me er i full galopp vekk frå vegen mot kretsløpssamfunnet, seier fagrådgjevar i Bellona, Karl Kristensen.

Sidan 1995 har søppelhaugen vakse seg større og større. Unntaket er 2008-2009, då avfallsmengda brått stupa.

– Det kjem mest sannsynleg av den generelle økonomiske nedgangen på den tida. Kor mykje me kastar er sterkt avhengig av kor mykje me kjøper. I dårlege tider går avfallsmengda dermed ned, utdjupar Camilla Skjerpen i Statistisk sentralbyrå (SSB)

Avfall i Noreg (2012)

Avfallsrekneskapet for Noreg, avfallsmengd etter kjelde (2012)

Avfallskjelder:

1000 tonn                     

I prosent

Industri

2638

25

Private hushaldningar

2476

23

Tenesteytande næringar

1958

18

Byggje- og anleggsverksemd

1884

18

Totalt

10663

100

Meir pengar gir meir søppel

I åra etter finanskrisa har Noreg stabla seg på beina igjen. Med styrka kjøpekraft og økonomisk tryggleik er det slutt på måtehald og søppelhaugen har begynt å veksa igjen.

Det er framleis industrien som er den største kjelda til avfall, etterfølgt av dei private hushaldningane og tenesteytande næringar. Med unntak av industrien er det ein oppgang i avfallsmengda i alle sektorar.

Bellona trur likevel at det nasjonale miljømålet er oppnåeleg.

– Det er ikkje tvil om at dette er eit vanskeleg politisk mål å nå, men det er mogleg. Det har med korleis me prioriterer kvalitet framfor kvantitet, kva haldningar med har til gjenbruk, opplysningsnivå, haldningar. Mange faktorar kan endra situasjonen til trass for økonomisk vekst, meiner Kristensen i Bellona.

– Svake politiske målsettingar

Aller viktigast er det ifølgje miljøstiftinga at politikarane tek alvoret inn over seg og innfører effektive tiltak for å redusera avfallsmengda.

– Det er ikkje mogleg å snu denne utviklinga med så svake politiske målsettingar, manglande rammevilkår og verkemiddel som me har i dag. Me vil ha eit heilt krystallklart mål om materialgjenvinning av avfall og eit sorteringskrav på alt matavfall både frå hushaldningar og næring, seier Kristensen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger