Hopp til innhold

Nordmenn kastar som aldri før

Snart kastar kvar og ein av oss eit halvt tonn matrestar, emballasje og papir i året.

Klemetsrud energigjenvinningsanlegg, Oslo

For kvar tusenlapp du handlar for, produserer du to kilo avfall. Nordmenn kastar meir i søpla enn nokon gong, ifølgje ny statistikk frå SSB.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Etter fleire år med ein meir moderat auke, er kjøp & kast-trenden på full frammarsj igjen.

I snitt kasta Ola Nordmann heile 442 kilo hushaldsavfall i 2013. Det er 12 kilo meir enn i 2012, syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

1000 kroner = 2 kilo søppel

Arild Hermstad

Leiaren i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, meiner politikaren i langt større grad må styra nordmenn sitt forbruk i ei meir berekraftig retning.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB Scanpix

– Det var ein periode der folk hadde litt svakare økonomi og var meir opptekne av å spara. No er veksten i gang igjen, og kastinga aukar i takt med pengebruken, seier leiaren i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.

For kvar tusenlapp me brukar i butikkane, kastar me to kilo avfall.

På landsbasis gjekk mengda hushaldsavfall opp med 3,3 prosent, frå 2,2 millionar til 2,3 millionar tonn frå 2012 til 2013.

Av all maten som hamnar i søppelbøtta, er over halvparten fullt brukbar, viser ei undersøking utført av SSB, Østlandsforsking og Mepex i 2011.

Ferske grønsaker, frukt og brød er ifølgje Framtiden i våre hender dei matvarene me kastar mest av.

– Me kastar nesten 50 kilo fullt etande mat i året per innbyggjar. Folk må bli betre til å planleggja matinnkjøpa sine. Me må kjøpa det me har bruk for, ikkje det ein får eit godt tilbod på, men som er av dårleg kvalitet og dermed fort hamnar i søppelet, oppmodar Hermstad i Framtiden i våre hender.

Det norske matkastebordet


Type matvaregruppe
 

Kg/innbyggjar og år

Brød

9,28

Andre bakarvarer

3,52

Frukt og grønsaker

11,31

Kjøtt- og fiskeprodukt

3,65

Meieriprodukt

2,82

Gryte- og tallerkenrestar

10,25

Andre/ikkje identifiserbare restar

5,46

Totalt

46,30

Plukkanalyser av avfall blant totalt 220 hushaldningar i Fredrikstad og Drammen i 2010 (Østfoldforskning, Mepex Consult AS).

Unge og høgt utdanna er verstingar

Det er dei med høg utdanning og høg inntekt og den yngre garde som er verstingane: forbrukarane mellom 25 og 39 år kastar nesten dobbelt så mykje mat som dei over 60 år. I tillegg kastar store hushaldningar meir enn små.

Ei gjennomsnittleg norsk hushaldning bruker ifølgje SSB historisk liten del av pengane sine på mat: 11,8 prosent. Til samanlikning utgjorde matutgifter heile 40 prosent av dei totale utgiftene til ei hushaldning i 1958.

– Det er historisk lågt. Me har god økonomi og god kjøpekraft. Mange har bra med pengar og mykje av maten og tinga me kjøper blir stadig billegare. Når me har god råd, kjøper med meir og har lettare for å hiva, ifølgje Hermstad.

Sjølv om alle har eit ansvar for eige forbruk, er det politikarane som må sterkare på banen for å styra nordmenns forbruk i meir berekraftig retning, meiner han:

– Dei forbrukarane som produserer minst avfall må i større grad premierast gjennom grøne skattar og avgifter. Det må bli dyrare å forureina, og styresmaktene må bruka hardare lut overfor næringslivet.

AKTUELT NÅ