I januar starta Mette-Marit eit klimaprosjekt under World Economic Forum i Davos med mål om å engasjere unge i kampen for et betre klima.
I talen under Statkrafts rundebordskonferanse seier ho at kloden er i desperat naud etter smarte løysingar. Ho ber bedrifter om å vere opne for unge og nyskapande idear og kjem med forslag til korleis kvar enkelt kan bidra.
Ho tek også opp at ein ikkje må gløyme å sjå samanhengen mellom klimaendringar og andre globale utfordringar som fattigdom, matmangel og helse.