Hopp til innhold

Meiner politiet etterforskar for få brannar

Norsk brannvernforening meiner manglande etterforsking av bustadbrannar hindrar det førebyggjande arbeidet som skal få ned talet på brannar her i landet.

Boligbrann

Desember i høgsesongen for brannar her i landet. Biletet er frå ein bustadbrann på Gjemnes i Møre og Romsdal 27. desember.

Foto: Tom Arild Mkaelsen / Tidens Krav / NTB scanpix

– Vi meiner det ikkje er bra at så få brannar blir etterforska her i landet. Ut frå statistikken blir rundt 20 prosent av brannane etterforska av politiet. Vi har fleire gonger tidlegare etterlyst ei betring av dette, og vi har bede om at det blir sett av større ressursar til etterforsking av brannar, seier kommunikasjonssjef Mari Bræin Faaberg i Norsk brannvernforening til NRK.

Ho peikar på at jo fleire opplysningar dei får inn, til meir målretta kan dei vere i det førebyggjande arbeidet.

– Mange brannar med ukjent årsak

Mari Bræin Faaberg.

Mari Bræin Faaberg i Norsk brannvernforening er kritisk til at så få brannar her i landet blir etterforska av politiet.

Foto: Audun Braastad / Audun Braastad

– Manglande etterforsking hemmar det førebyggjande arbeidet. På same måten er det uheldig at majoriteten av brannane som blir rapporterte inn av brannvesen og politi blir ståande med ukjend årsak, seier Bræin Faaberg.

NRK har bede om ein kommentar frå Politidirektoratet, utan å lukkast.

Spesielt utsette grupper ved brann er eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige.

I 2019 var det 2511 registrerte bustadbrannar her i landet, ein auke i forhold til åra før. I 2015 var det registrert 1825 bustadbrannar, men i åra før det igjen var tala høgare.

I 2019 miste 29 menn og 12 kvinner livet i brannar. Det er det høgste talet sidan 2014., då 54 personar omkom i brannar. Desember var som vanleg den verste brannmånaden, og seks omkom i brannar i julemånaden i 2019.

Diverse brannstatistikkar frå DSB

Røyking og dødsbrannar

Dag Rune Omland, seksjonssjef for brann og redning i DSB, opplyser at røyking er den viktigaste årsaka til at menneske døyr i brann, og menn er kraftig overrepresenterte i statistikken. Statistikken viser at det skjer flest brannar i helgane i dei kaldaste månadene, spesielt om natta.

Dei fleste brannar her i landet startar i mat eller gjenstandar på eller i komfyr, viser statistikk frå DSB. I perioden frå 2016 til no er det registrert 7832 brannar som starta på denne måten.

3784 brannar starta i elektrisk utstyr, medan årsaka var ukjent i 375 brannar i same perioden. Vidare vier statistikken at kategorien anna startobjekt står oppført med 1467 tilfelle, medan 1251 brannar starta i møblar eller tekstilar.

1174 brannar starta i vegg, golv eller tak, medan kategorien anna utstyr tel 796 brannar. 539 brannar starta i avfallskonteinar eller annan type konteinarar, 429 brannar starta i skorstein eller eldstad og 175 brannar starta i køyretøy.

I tillegg til dette gjorde 112 brannar, som starta i vegetasjon, skade på hus og bygningar i perioden 2016 til januar 2020.

Norsk brannvernforening

Brutal start på året

Pr. 9. januar i år har fem personar mist livet i brann her i landet. Fire av desse omkom i branntragedien i Ytrebygda i Bergen 4. januar i år . Sidan DSB starta å registrere alle omkomne i brann i 1979 har i snitt 61 personar mist livet kvart år. Over 80 prosent av desse døydde i bustadbrannar.

I 2017 var talet på omkomne 26. Det er det lågaste talet som er registrert etter 1979. Til samanlikning omkom 91 i brannar i 1979 og 82 omkomne i 2008.

Tips til ein sikrare kvardag

AKTUELT NÅ