Hopp til innhold

Meiner mange elevar fekk for dårleg hjelp på heimeskule – forskar vil ha ny leksedebatt

Pandemien har gjeve oss meir innsikt i korleis heimearbeidet fungerer og no er det på tide med ein ny debatt om lekser seier forskar. Elise går på ein skule der elevane ynskjer å droppe lekser heilt.

Elise Gimse på Norhus skole

LEKSEFRI: Elise Gimse går i 7. klasse og meiner elevane burde få leksefri.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Det er ikkje alle som får like god hjelp til leksene heime, seier 7. klasse elev Elise Gimse på Nordhus barneskule.

Det er førsteamanuensis på OsloMet Cecilie Pedersen Dalland einig i. Ho har undersøkt korleis føresette opplevde heimeskule i starten av pandemien.

Cecilie Pedersen Dalland, førsteamanuensis på OsloMet

SLAGSIDE: Dalland meiner at dei som har kvalifisert hjelp heime klarar seg godt, medan dei som ikkje får den same hjelpa endar om som taparane.

Foto: Shane Colvin / Universitetet i Oslo

4642 svarte på undersøkinga, og tilbakemeldinga var at fleire føresette synst det var krevjande med heimeskule då barna hadde eit stort behov for hjelp og støtte i skulearbeidet.

Fleire måtte utsette heimekontor arbeidet til kvelden då dagane måtte brukast på å hjelpe barna med skulearbeidet.

Ny debatt

– Det er eit paradoks at ein skal ha lik rett til utdanning når elevane har så ulike føresetnader heime, seier Dalland.

Ho meiner det er mange som ikkje får den oppfølginga dei treng i heimen.

No ynskjer ho ein ny debatt om kva lekser er og kvifor elevane har det.

– Det treng ikkje vere ein debatt om ein skal ha lekser eller ikkje, men korleis leksene blir brukt, seier Dalland.

Ho meiner heimearbeidet skal vere tilrettelagt for elevane og skal fremje meistring på eiga hand.

Ho trur også det er viktig at elevane får oppgåver dei lærer noko av og ikkje noko dei gjer berre for å ha noko å vise til dagen etter.

Stort behov for leksehjelp

Røde Kors tilbyr leksehjelp over chat. Etter pandemien kom har dei hatt ei auke på over 60 prosent frå elevar som treng hjelp med leksene.

– Det er ikkje alle som har tilgang til god leksehjelp heime, seier frivillig Judith Jing Wen Wong i Røde Kors.

Ho fortel at fleire av dei som tek kontakt er frustrerte, og at dei har behov for motivasjon og støtte i leksearbeidet.

Wong har sjølv opplevd å trenge hjelp til leksene då ho var yngre, då hennar foreldre er frå eit anna land og ikkje snakka så godt norsk.

– Fleire føresette har nok problem med å hjelpe barna med leksene grunna språkbarrierar, seier ho.

Judith Jing Wen Wong i Røde Kors leksehjelp

FRIVILLIG: Wong jobbar til vanleg som farmasøyt og forskar. På Røde Kors leksehjelp hjelper ho elevar i naturfag og biologi.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Ikkje lovpålagt med lekser

Ifølge opplæringslova er det skulen sjølv som avgjer om dei vil pålegge elevane lekser.

Forsking som er sett på av Utdanningsdirektoratet viser at elevar med låg sosioøkonomisk bakgrunn ikkje lærer like mykje av leksene som andre elevar.

Den viser også at lekser gjer litt betre læring for elevar på ungdomstrinn og vidaregåande skule, men at det er andre skulefaglege faktorar som bidreg meir til elevane si læring.

Leksefri skule

Undervisning på Norhus skule

ENGASJERTE: Elevane på Nordhus skule ynskjer at skulen skal bli leksefri.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

På Nordhus skule har elevane tatt saka i eigne hender, og no jobbar dei for å få ein leksefri skule.

Det trur dei vil gje dei meir tid til fritidsaktivitetar og at hjelpa dei får i skulearbeidet vil vera betre.

Rektor Ståle Brun seier at han lyttar til tilbakemeldingane frå elevane, og at skulen no skal ta opp ulike alternativ til heimelekser med FAU og lærarane.

Han ynskjer at elevane skal komme godt førebudd på skulen, men trur ikkje det vil bli heilt leksefri.

– Det er snakk om ei bevisstheit til leksene og ikkje leksefri, seier Brun.

AKTUELT NÅ