Hopp til innhold

Marthe Sundby er død

Tidlegare meister i fitness og kroppsbygging, Marthe Sundby, døydde tysdag morgon med familien rundt seg.

Marthe Sundby

Marthe Sundby var open om kreftdiagnosen. Tysdag morgon døydde ho, 42 år gamal.

Foto: Facebook

Hausten 2016 fekk Marthe Sundby leverkreftdiagnosen, I sommar fekk ho meldinga om at behandlinga ho fekk mot sjukdommen ikkje verka lenger, og at ho ikkje hadde lenge igjen å leve.

Ho var open om diagnosen, og fortalde om livet med sjukdommen på sosiale medium. Tysdag morgon sovna ho inn, 42 år gamal, skriv Romerikes Blad.

Avisa siterer frå eit Facebook-innlegg som søstera til Marthe Sundby, Cecilie Sundby, hadde lagt ut:

– Marthe var ved godt mot heile vegen. Ho takla dette på strak arm. ho klarte å vere positiv til siste dag. Ho var sliten og ville bruke resten av tida saman med oss. Dette har vore ei viktig og fin tid saman med familien.

Siste ønske

I tillegg til å fortelje om livet som kreftsjuk på sosiale medium, har Sundby også ved fleire høve blitt intervjua av ulike medium. Til Dagbladet fortalde ho at ho hadde skrive testament og bestemt korleis gravferda skulle bli.

I eit intervju med VG sa ho at ho at hennar siste ønske var at uttrykket «tapte kampen mot kreften» kunne bli avvikla.

Mange har følgd oppdateringane til Marthe Sundby på Facebook dei siste månadane. No strøymer kondolansane til familien inn på sida hennar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger