Hopp til innhold

Manglar bustader til 8200 personar

Norske kommuner må førebu seg på å ta imot nesten dobbelt så mange flyktningar i 2009 som dei har gjort i år.

Asylsøkere
Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

I desse dagar tek staten kontakt med kommunane og bed dei finne bustad til 8200 flyktningar.

Det er det høgaste talet personar sidan 1994, seier direktør Osmund Kaldheim i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

I år vert det truleg busett ein stad mellom 4 og 5000 flyktningar i norske kommunar.

- Vi kjem til å be alle kommunar som har teke imot flyktningar dei seinare åra om å busetje eit stort tal fleire i 2009.

Krev innsats frå alle

Som kjent har talet på asylsøkjarar stige i år.

Les også: Dobbelt så mange asylsøkere

Mange av søkjarane får opphaldsløyve og skal flytte ut av asylmottak og inn i ein permanent bustad i ein norsk kommune.

200 av kommunar som har teke imot flyktningar i år, må ta imot endå fleire neste år, og kommunar som ikkje har teke imot flyktningar på ei stund, må no gjere ein innsats.

- Oppmodinga til kommunar som ikkje har teke imot flyktningar er å seie ja til å gjere dette, seier Kaldheim.

- Alle skal få bustad

Osmund Kaldheim

Osmund Kaldheim

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

I år er det langt frå alle flyktningar med opphaldsløyve som har fått seg bustad. Trass i dette er Kaldheim optimist med tanke på det langt meir utfordrande året som kjem.

- Alle som treng å verte busett i ein kommune, kjem til å verte det. Utfordringa er kor lang tid vi bruker på å få til dette.

Rådgjevar Nina Gran i Kommunenes Sentralforbund er ikkje like overtydd.

- Det vi har sett dei seinaste åra er at det går greitt å busetje om lag 5000 personar i året. Utover det får vi nok ei utfordring.

Svært mange desentraliserte mottak

Asylmottaksdrift er blant tinga som kan gjere det vanskeleg å i det heile teke finne ledige hus og leilegheiter.

- Dette skuldast både at det kjem fleire arbeidsinnvandrarar som no også får delar av familien hit, og fordi ein del pressområde etterkvart har svært mange desentraliserte mottak. Det vil seie at ein brukar leilegheiter i kommunen som vanlege mottaksplassar, seier Gran.

Integreringsdirektør Kaldheim meiner å ha funne eit grep som fungerer.

- Vi skal prøve å løyse dei konkrete bustadproblema saman med Husbanken og kommunen, slik at fleire bustader kan mobiliserast til fordel for flyktningar.

AKTUELT NÅ