Hopp til innhold

- Ser løysingar der andre ser problem

Ole Andreas Steen har Cerebral Parese (CP) og har vore avhengig av rullestolen heile livet. Det skal ikkje hindre han i å bli handballtrenar på toppnivå.

Dagsrevyen-intervju med Ole Andreas Steen, som på tross av at han har CP og er lenket til rullestolen har ambisjoner om å bli topptrener i handball.

VIDEO: Sjå intervjuet i Dagsrevyen.

Sist sesong var 22-åringen frå Moss assistenttrenar i Runar i Sandefjord, som enda på sjetteplass i toppdivisjonen. Her samarbeidde han med hovudtrenar Marinko Kurtovic, ein mann Ole Andreas set svært høgt.

I kveld var Ole Andreas gjest i Dagsrevyen, og NRK.no fekk ein liten prat med den funksjonshemma, men likevel ambisiøse handballtrenaren før han gjekk i studio.

Hovudtrenar i ein kamp

I ein seriekamp i vinter, som enda med seksmålssiger for Runar, hadde Ole Andreas Steen hovudansvaret for laget sitt. Fordi han vart fødd tre månader for tidleg, vart ikkje lungene hans fullt utvikla. Derfor har han ikkje så kraftig røyst.

Ole Andreas Steen (22) har store ambisjonar.

Ole Andreas Steen fortel at han har lært mykje av fotballtrenaren Nils Arne Eggen.

Foto: Bent Tandstad / NRK

I kampen der han var hovudtrenar gav han ordrane til Kurtovic, og han formidla dei vidare til spelarane under kampen. Og den arbeidsdelinga fungerte fint. Ole Andreas er oppteken av at han ikkje skal fortelje spelarane at dei spelar dårleg, men heller finne måtar å snu det negative til noko positivt.

– Det var ekstremt viktig for meg at det blei siger i den kampen, det gjer det lettare for meg å bli teken på alvor, seier han.

Stor kunnskap om handball

22-åringen fortel at det har vore vanskeleg å bli teken på alvor som handballtrenar. Mange har lett for å sjå at han er ein person i rullestol som ikkje har full kontroll over alle rørslene sine, utan å også sjå at han faktisk er ein person med stor kunnskap om handball.

I tillegg har han eit sterkt engasjement og har evna til å halde hovudet kaldt i pressa situasjonar. Han er så lite beskjeden at han karakteriserer seg sjølv som ei av dei skarpaste handballhjernane i landet. Ei av dei sterke sidene hans, seier han, er å sjå løysingar der andre ser avgrensingar.

– Marinko Kurtovic trudde på meg og gav meg sjansen. Det har betydd mykje for meg, seier Ole Andreas.

LES OGSÅ: – Jeg vil vise at jeg kan skape noe

LES OGSÅ: Fikk drømmejobben i Runar

Trenarkurs

Han fortel at han har vore interessert i handball i heile livet, men at han aldri vart teken på alvor i heimbyen Moss. No håper han at erfaringa frå Runar kan gi han sjansen til å kome inn på handballforbundet sine trenarkurs.

Marinko Kurtovic skal trene Arendal i neste sesong, og han har gitt Ole Andreas Steen tilbod om å bli assistenten hans. Men då må han flytte frå heimbyen Moss, for det blir for langt å pendle. Denne avgjerda har han ikkje teke enno.

Den store draumen til Ole Andreas er likevel knytt til kvinnehandball, og det er Hamar-laget Storhamar han har tenkt å gjennomføre draumen med.

LES OGSÅ: – Jeg er ingen maskot eller puslegutt

– Vippe Larvik frå trona

– Det er på tide å vippe Larvik ned av trona som det suverent beste laget her i landet. Draumen er å byggje opp eit topplag over tid. Eg er heilt sikker på at det er mogleg å få til, seier 22-åringen.

Det er faktisk ein fotballtrenar som har gitt Ole Andreas inspirasjon til å satse som handballtrenar, den tidlegare Rosenborg-trenaren Nils Arne Eggen.

– Eg har lært mykje av han, blant anna at vi må ta sjansen på å angripe for å vinne, og at vi kan få til alt, seier den unge trenaren, som i Runar gjekk under namnet «The rolling assistent», eller den rullande assistenten.

– Fungerer under press

Ole Andreas Steen ber om å bli teken på alvor som handballtrenar og ressursperson. Han veit at han har noko å bidra med, han veit at hjernen hans fungerer under press og han veit at han har evne til å finne dei rette løysingane.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger