Hopp til innhold

Lettar på innreiserestriksjonane – tredjelandsborgarar med jobb får kome inn likevel

Regjeringa opnar for innreise for utlendingar med arbeidsløyve og utanlandske studentar som skal studere i Noreg frå 1. juli. Då kan amerikanske Michael Scham endeleg starte i jobben på NTNU.

Michael Scham

IRONISK: Oppgåva som sikra Michael Scham jobben på NTNU handla om migrasjon. No får han oppleve problematikken på kroppen sjølv, noko han synest er ironisk.

Foto: privat

– Vi er takknemlege og gler oss til å kome til Noreg!

Michael Scham er letta over at det ser ut til at han endeleg får komme inn i Noreg. Scham, som er amerikansk statsborgar, bur i dag i Austerrike med austerriksk kone og to små barn, men skulle ha byrja i ny stilling på NTNU i Trondheim 1. juni.

Familien har sagt opp alt i Austerrike, og har opphaldsløyve, leilegheit og barnehageplass i Noreg. Flyttelasset vart sendt for lenge sidan, men dei kom seg ikkje inn i landet på grunn av innreiserestriksjonar i samband med koronapandemien.

Scham har amerikansk pass, og blir difor rekna som ein såkalla tredjelandsborgar. At regjeringa opna for at EU/EØS-borgarar kunne reise inn i landet for jobb eller for å besøke nær familie, hjelpte han difor ikkje.

– Vi bur berre med handbagasje no, og er i ein rein ventemodus. Vi har flytta tre gongar sidan 1. juni. Det er ein frustrerande og vanskeleg situasjon, særleg for småbarna, seier Scham.

Opnar for tredjelandsborgarar

No ser det likevel ut til å ordne seg for Scham og familien. Etter at NRK snakka med han, har regjeringa varsla lettingar i innreiserestriksjonane for arbeidsinnvandrarar og studentar.

Det inneber at frå 1. juli kan også tredjelandsborgarar som har fått opphaldsløyve etter reglane om arbeidsinnvandring reise inn i Noreg.

Det omfattar mellom anna faglærde og sesongarbeidarar i alle næringar. Til no har dette berre gjeldt sesongarbeidarar i landbruket.

Regjeringa opnar frå 1. juli òg for at utlendingar med teknisk kompetanse som er unntatt kravet om opphaldsløyve, kan reise inn i Noreg.

Sjølv om endringane er ei gladmelding for Scham, har han undra seg over kvifor det er nasjonalitet som avgjer om ein får innreise.

Michael Scham og familien lever i koffertar fordi dei ikkje får innreise pga koronarestriksjonar.

LIVET PÅ VENT: Michael Scham og familien har flytta fleire gonger medan dei ventar på å sleppe inn i Noreg.

Foto: privat

– Det eg ikkje forstår er kvifor innreiseløyve er basert på nasjonalitet og ikkje på kvar ein bur. Frå eit epidemiologisk perspektiv er det jo ikkje nasjonalitet som er viktig, men kvar ein kjem frå.

Vil ha unntak for universitetssektoren

Som arbeidsgjevar meiner NTNU situasjonen har vore problematisk.

– Internasjonalisering er heilt avgjerande for universitetssektoren. Dette er ein tap-tap-situasjon som får konsekvensar både for dei som står i det og for universitetet, fortel prorektor Bjarne Foss.

Prorektor Bjarne Foss

SVAK LOGIKK: Prorektor Bjarne Foss synest logikken til styresmaktene er svak i dette tilfellet, og meiner dei må gjere unntak i innreiserestriksjonane for universitetstilsette.

Foto: Thor Nielsen / NTNU

Han synest det er ein logisk brest og absurditet i denne saka.

NTNU meiner at universitetssektoren er i ei særstilling, og har bede regjeringa opne for å gjere individuelle vurderingar og unntak når det kjem til innreise for universitetstilsette utanfor EU/EØS.

– Dette vil typisk ramme ein 50–100 personar som vi ønskjer å tilsetje på NTNU i løpet av eit år.

Livet på vent

– Det å føle at du ikkje kan gå vidare med livet ditt, det er ei spesiell kjensle, seier Michael Scham.

Nesten ein månad etter at han skulle ha gått inn dørene på sitt nye kontor i Trondheim, sit han og familien framleis fast i Austerrike.

Slik bur familien Scham

PÅ FLYTTEFOT: Michael Scham og familien får bu hos onkelen til kona medan dei ventar på å få kome inn i landet.

Foto: privat

Han synest det er ironisk at det var ei førelesing om nettopp migrasjon som sikra han jobben på NTNU.

– Det er så klart mange meir dramatiske situasjonar enn den vi står i. Likevel, det å ikkje kunne gå til jobb, treffe familie, ha leilegheit og barnehageplass, det gjev ei ny forståing av temaet.

  • OPPDATERING: Etter at NRK publiserte saka er vi blitt gjort kjent med at dei nye retningslinjene frå regjeringa omfattar Scham og familien, og saka er oppdatert i tråd med den nye informasjonen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger