Hopp til innhold

Kvinne død etter knivstikking i Halden – Son sikta for drap

Ei kvinne i 60-åra er død etter å ha blitt knivstukke i Halden natt til onsdag. Sonen hennar, ein mann i 30-åra er arrestert og har status som sikta i saka, opplyser politiet.

Knivstikking Halden

Politiet dekker til staden utanfor bustaden der kvinna vart knivstukken.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

Politiet fekk i natt melding om ei kvinne som var stukken med kniv i eit bustadområde i Halden. Ho vart frakta til sjukehus med kritiske skader.

Politiet opplyste at kvinna var død klokka 6.47 onsdag morgon. Litt over ein time etter at politiet vart varsla om knivstikkinga.

Mor og son

Onsdag formiddag var politiet framleis på staden for å undersøke drapet.

Sonen til kvinna er sikta for drap, opplyser politiadvokat Ole Friestad til NRK klokka 10.30. Politiet jobbar framleis med å varsle pårørande.

– Offeret var mor til mannen som no er sikta for drap, seier han.

Mannen vart arrestert ute i eit bustadområde i Halden. Politiet har funne ein kniv som dei no undersøker.

– Då politiet kom til staden kort tid etter vi fekk melding om knivstikkinga fann dei ei hardt skadd kvinne. Ho vart frakta til sjukehus og døydde der. Mannen var på staden der vi fann kvinna. Utanfor ei bustadblokk i Halden, fortel Friestad.

– På Twitter beskriv politiet mannen som ein kjenning av politiet?

– Politiet har vore i kontakt med vedkomande fleire gongar. Han har fleire tidlegare straffesaker, seier Friestad.

Politiadvokaten fortel at den sikta no vert følgt opp av helsepersonell. Mannen skal ikkje ha fysiske skadar.

– Vi vil gjennomføre eit avhøyr med han så raskt det lar seg gjere, det er den generelle helsetilstanden hans som gjer at han no vert sjekka av helsevesenet, seier Friestad.

Politiet har sperret av åstedet.

Politiet har sperra av området utanfor bustaden der kvinna vart funnen kritisk skadd.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

Knuste vindauge og blodspor

– Eg vakna av at eg høyrde skrik og skrål. Ei rute vart knust. Eg så ut vindauget og trudde først at det var ei klesbylt som låg på bakken, men det var ho, seier eit vitne til NRK. Han fortel at fleire naboar skal ha varsla politiet.

Vindauge til inngangsdøra var knust og det var mykje blod og eit klesplagg ved inngangspartiet til bustaden der drapet skal ha skjedd, opplyste NRK sin reporter på staden onsdag morgon.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger