- Ford jobbar aktivt over heile verda for å leggje ned produksjonen av el-bilar. Ford kjøpte Think for å leggje det ned, og jobbar saman med oljeindustrien for å kvitte seg med el-bilen. Det finn vi oss faen ikkje i, seier Kurt Oddekalv.
![Kurt Oddekalv vil knuse Ford-konsernet, her representert ved ein Ford Scorpio framfor ein Ford-forhandlar i Bergen. Kurt Oddekalv vil knuse Ford-konsernet, her representert ved ein Ford Scorpio framfor ein Ford-forhandlar i Bergen.](http://img.nrk.no/img/399896.jpeg)
Kurt Oddekalv vil knuse Ford-konsernet, her representert ved ein Ford Scorpio framfor ein Ford-forhandlar i Bergen.
I dag knuste han ein Ford Scorpio på trappa til ein Ford-forhandlar i Bergen.
Vil knuse 400 Think
Bakgrunnen er at Ford-konsernet vil knuse over 400 el-bilar av merket Think. Samtidig byr firmaet Elbil Norge ein million dollar for bilane, og i tillegg vil dei betale for frakten til Noreg sjølv.
- Dette er ei veldig dårleg sak for Ford. Eg trur dei no vil ta inn over seg kor tåpeleg det er å knuse bilane, seier leiar Truls Gulowsen i Greenpeace.
![Think køyrer gjennom gamle Bergen. Think køyrer gjennom gamle Bergen.](http://img.nrk.no/img/237555.jpeg)
Think køyrer gjennom gamle Bergen.
I går demonstrerte Greenpeace mot Ford sitt kontor i Noreg, og det har allereie gitt resultat. I dag fekk ein dresskledd Truls Gulowsen i Greenpeace møte representantar for Ford Europa.
Ford lova ikkje noko
- Dei kunne ikkje gi oss løfter. Avgjerda vert ikkje teken i Europa, men på toppen i USA. Dei kom med mange argument om at bilane ikkje verkar og at dei treng oppgradering. Men så lenge det ligg eit bod på bordet, er det berre å halde seg til det, seier Truls Gulowsen.
- Truleg vil Ford revurdere haldninga si. Det er ikkje så verst resultat etter 24 timar, legg Greenpeace-leiaren til.
I dag var visepresident Ingvar Sviggum i Ford Europa i møte med både Greenpeace og samferdsleminister Torild Skogsholm.
Kan komme til å selje
- Vi vil sjølvsagt ikkje knuse bilar som vi meiner er riktig for å bli selt vidare. Men det skal vi tenkje gjennom. Desse bilane må takast ut av trafikken i California. Vi får vurdere at bilane er av ein slik kvalitet at kjøparane vert nøgde med dei, seier Sviggum.
- Vi kjem til å vurdere alle dei tilboda vi har fått inn, legg han til.
Selskapet Elbil Norge har til saman bydd sju millionar kroner for alle dei 440 bilane, eller 2300 dollar for kvar Think.
Har ikkje fått svar
- Vi har ikkje fått noko svar frå Ford på bodet vårt, seier dagleg leiar Hans Håvard Kvisle.
- Vi har ein fantastisk interesse for el-bilar, myndigheitene har lagt godt til rette. Det vil vere skuffande for alle som har interesse for meir miljøvenlege transportmiddel dersom bilane ikkje kjem til Noreg, fortel Kvisle.
Kurt Oddekalv, leiar i Norges miljøvernforbund, meiner Henry Ford ville snudd seg i grava viss han hadde visst kva som skjedde med el-bilen. Han trur sleggja hans vil vekke Ford.
![Truls Gulowsen, Greenpeace Truls Gulowsen, Greenpeace](http://img.nrk.no/img/210245.jpeg)
Truls Gulowsen, Greenpeace
- Ford-leiinga må gå
- Vi oppnår at Ford-konsernet skjøner at det ikkje er olje-industrien som skal styre menneska si framtid på jorda. Vi oppnår at Ford kanskje skjøner at dei må kvitte seg med dagens leiing, og få inn folk som har Henry Ford si gamle ånd. For dette er stikk i strid med alt Henry Ford stod for, seier Oddekalv.
Ford sitt argument for å kvitte seg med Think var at dei forlet elektrisiteten for å satse på mellom anna hydrogen. Dette er ifølgje Greenpeace teknologi som ligg eit godt stykke inn i framtida, og det kan verke som eit forsøk på å kjøpe meir tid for bensinbilane.
- Det verkar som om det er det heile bilindustrien tenkjer på når dei snakkar så mykje om ting som kan komme i framtida og som verkar i laboratoriet, og så lite om ting som verkar i dag, seier Truls Gulowsen.
- Håper på julegåve
Ford Europa har ikkje svart på Elbil Norge sitt bod på Think-bilane. Heller ikkje har dei svart på eit brev frå samferdsleminister Torild Skogsholm, sendt i mai.
- Ein ting er å oversjå eit firma som vil kjøpe bilar, noko anna er å oversjå dei politiske styresmaktene i eit land. Så det trur eg er pinleg for bilindustrien, seier dagleg leiar i Elbil Norge Hans Håvard Kvisle.
No håper miljørørsla at bilane er på veg til Noreg.
- Eg håper alle bilane kjem til Noreg, som julepresang seinast, seier Truls Gulowsen.