Hopp til innhold

Kriseråka Viaplay må hente fleire milliardar svenske kroner

Framtida for strøymeselskapet Viaplay er høgst usikker etter at dei fredag morgon la fram ein kvartalsrapport som er alt anna enn lystig lesing.

Viaplay

KRISE: Fredag morgon la Viaplay omsider fram kvartalsrapport.

Foto: NTB

Viaplay gjekk 700 millionar svenske kroner i minus i tredje kvartal, viser kvartalsrapporten som blei lagt fram fredag morgon.

Strøymeselskapet skal selje aksjar for 4 milliardar for å få inn frisk kapital, melder Dagens Næringsliv. Dei må også reforhandle dei 14,6 milliardar kronene dei har i gjeld.

Viaplay-aksjen har kollapsa etter at dei publiserte kvartalsrapporten i morgontimane fredag. Aksjen har kollapsa 80 prosent, melder E24.

Torsdag kom det fram at kriseråka Viaplay har starta å selje unna verksemder for å få økonomien på fote.

Dei har no seld den britiske verksemda si tilbake til Premier Sports utan at det har kome fram kva som kan skje med rettane dei har til å sende britisk fotball.

Salssummen er hemmeleg.

– Dette er på linje med Viaplay sin strategi og plan, skriv dei i ein e-post til den svenske avisa Dagens Industri.

I juli blei det klart at selskapet har tenkt å fokusere på Norden, Nederland og selskapet Viaplay Select.

Det var i sommar det blei klart at Viaplay har store økonomiske problem. Dei varsla då at dei skulle seia opp 25 prosent av dei tilsette. Ifølgje Kampanje har dei kvitta seg med meir enn 30 prosent av dei tilsette.

Sidan då har Viaplay fått inn Canal+, Schibsted og eit tsjekkisk mediekonsern på eigarsida. Dei skal eiga kring 30 prosent av Viaplay-aksjane.

Stoppar veksten

Viaplay blei lenge rekna som ein motor i den europeiske strøymeverda og dei la fram planar om å ekspandere til ei rekkje nye land i 2023.

To gonger har selskapet utsett framlegginga av kvartalsresultata og seinast onsdag morgon blei rapporten utsett til torsdag. Rapporten kom ikkje før fredag morgon.

Ein av årsakene skal vere at selskapet jaktar ny kapital for i det heile tatt å overleve.

I Noreg er Viaplay særleg kjende for at dei har rettane til å sende fotballkampane frå Premier League, samt ei rekke seriar og filmar.

– Spora av

Den svenske finansjournalisten og kommentatoren Richard Bråse er ein av dei som har følgd med på Viaplay sin vekst og fall dei siste åra.

– No verkar det som har spora av fullstendig, sa Bråse til Dagens Industri torsdag.

Viaplay logo på skilt.

Viaplay gjekk 700 millionar svenske kroner i minus i tredje kvartal, viser kvartalsrapporten som blei lagt fram fredag morgon.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

I ein tidlegare versjon av saka siterte vi Fredrik Olimb i Viaplay på at situasjonen var kompleks med ei rekke faktorarar utanfor deira kontroll. Dette var eit sitat frå ein artikkel i VG som handla om ein spesifikk produksjon og ikkje sjølve drifta til Viaplay. Sitatet var tatt ut av kontekst og difor har vi tatt det ut av saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger