Kripos granskar Nygaard-attentat

Drapsforsøket på William Nygaard i 1993 har blitt etterforska av Kripos i eitt år, går det fram av ei ny bok.

William Nygaard

William Nygaard vart treft av tre skot utanfor heimen sin i oktober 1993.

Foto: NRK

Journalist og forfatter Odd Isungset

Odd Isungset kallar attentatet mot William Nygaard for ei terrorhandling på norsk jord.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I boka "Hvem skjøt William Nygaard" avdekkjer forfattaren og journalisten Odd Isungset at politiet gjorde fleire kritiske feil i etterforskinga av attentatet. Han har gått gjennom alle sider ved etterforskinga, og kallar det som skjedde ei terrorhandling på norsk jord.

Det var klokka halv ni 11. oktober i 1993 at tidlegare forlagssjef William Nygaard vart skoten med tre skot utanfor heimen sin i Dagalivegen i Oslo. Han overlevde så vidt attentatet.

LES OGSÅ: 20 år siden fatwaen

LES OGSÅ: Islam og ytringsfrihet

Ayatolla Khomeini

Politiet konkluderte etter fem års etterforsking med at drapsforsøket inspirert av fatwaen som den iranske åndelege og politiske leiaren ayatolla Khomeini proklamerte. Her heitte det at alle muslimar hadde plikt til å drepe alle som var involverte i utgjevinga av boka «Sataniske Vers» av Salman Rushdie.

Ayatolla Khomeini proklamerte fatwaen mot "Sataniske Vers"

Det var ayatolla Khomeini som proklamerte fatwaen mot 'Sataniske Vers'.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Khomein lovde 20 millionar kroner til dei som tok livet av nokon som på ein eller annan måte hadde med utgjevinga av «Sataniske Vers» å gjere.

Få dagar før attentatet demonstrerte 3000 muslimar i Oslo mot at Aschehougs forlag, der William Nygaard då var forlagssjef, hadde gitt ut boka i Noreg.

Saka vart lagt bort av politiet i 2007 med konklusjonen at gjerningsmannen var ukjent. No har statsadvokatne avgjort at saka skal takast opp att og at det er Kripos som skal stå for etterforskinga.

LES OGSÅ: Få terroraksjoner i Norge

LES OGSÅ: Blondinen, bokhandleren og profeten

Palme-drapet

Odd Isungset samanliknar i eit intervju med NRK denne saka med drapet på Olof Palme i Sverige. På same måte som Palme-drapet er eit traume for svenskane, er attentatet på William Nygaard eit traume for det norske folk.

I boka har Isungset gått opp spora etter etterforskinga av attentatet, og han meiner at etterforskinga svikta på alle plan. Han viser også til at når riksadvokaten avgjorde å ta opp igjen etterforskinga, så flytta han saka frå Oslo politikammer til Kripos.

Politiinspektør Atle Roll Matthielsen i Kripos stadfestar at Kripos fekk oppdraget med å etterforske saka for eitt år sidan. Hittil har etterforskinga vore hemmeleg.

Isunget gir ikkje noko svar på kva som skjedde denne oktoberdagen i 1993 i boka, og han er heller ikkje sikker på at saka nokon gong vil bli oppklart.

Video Ny etterforskning av Nygaard-attentatet

VIDEO: Sjå innslaget i Dagsrevyen.

LES OGSÅ: Drapsforsøket på William Nygaard

SISTE NYTT

Siste meldinger