Hopp til innhold

KrFU ber KrF krevje utanriksministeren: Vil kaste Eriksen Søreide

Utanriksministeren blir bytt ut dersom KrFU får viljen sin. Her er postane ungdomspartiet vil at KrF forlangar for å gå inn i regjeringa.

SøreideHareide

HISTORISK: Ine Marie Eriksen Søreide skreiv historie då ho 20. oktober i fjor vart utnemnd til Norges utanriksminister, som første kvinne nokosinne. Her i samtale med Knut Arild Hareide i Stortingssalen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Eit samla sentralstyre i KrFU ber moderpartiet krevje følgjande taburettar i forhandlingane om å gå inn i Erna Solberg si regjering:

  • Utanriksministeren
  • Kunnskaps- og integreringsministeren
  • Barne-, familie- og likestillingsministeren

I dag er det tre av Høgre sine mest profilerte politikarar som sit på postane: Ine Eriksen Søreide er utanriksminister, Jan Tore Sanner er kunnskapsminister og Linda Hofstad Helleland er barne- og likestillingsminister.

LindaSanner

TIL OMPLASSERING: Linda Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner styrer kvart sitt departement KrFU meiner KrF må ta styringa over om dei går inn i regjeringa.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Kvifor vil de ha utanriksministeren?

– Alle utfordringane verda har i samband med til dømes flyktningekrisa, klimakrisa og menneskehandel krev globale løysingar. Dette er noko av det KrF er mest opptekne av å få gjort noko med, og då er det naturleg å be om ein ministerpost som har som oppgåve å finne nettopp løysingar på tvers av land, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

– Men søv ikkje òg KrF-arar godt om natta med Ine Marie Eriksen Søreide som utanriksminister?

– Ine har gjort ein veldig bra jobb, og må sjølvsagt veldig gjerne halde fram å vere minister med ansvar for noko anna. KrF kan ikkje ta stilling til kva personar som er godt likte og ikkje likte når vi skal søkje gjennomslag for sakene som er viktige for oss.

Vil ha Syversen...

KrFU-leiaren nemner for eigen kjøl Hans Olav Syversen som KrFs kanskje beste kandidat til utanriksministerposten.

– Han har erfaringa og tyngden som trengst, og ville blitt ein veldig god utanriksminister både for Norge og for KrF, seier Tønnessen.

Syversen (52) har site tolv år på Stortinget, men fekk ikkje fornya tillit av veljarane i Oslo ved valet i fjor. Han har tidlegare vore både parlamentarisk leiar for KrF og leiar av finanskomiteen på Stortinget.

Hans Olav Syversen (Krf)

HEITT NAMN: Hans Olav Syversen vart nyleg tilsett som spesialrådgjevar i KrFs si stortingsgruppe, for å bistå Kjell Ingolf Ropstad & co med regjeringssamtalar. Over nyttår kan det vanke ministerpost.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Mange i KrF peiker òg på Syversen som ein mogleg ny partileiar etter Knut Arild Hareide.

...og «yngre og spennande» namn

– Så håpar eg generelt at ein vel å sjå til nye menneske no. Det er 13 år sidan KrF gjekk ut av regjering sist, og alle som var med då er blitt 13 år eldre. Vi har mange bra og spennande folk i partiet som er yngre og som burde vere med i det laget vi skal byggje no, anten som statsrådar eller statssekretærar, seier Martine Tønnessen.

På spørsmål frå NRK trekkjer ho fram fleire personar ho meiner bør vurderast for ein posisjon i KrF sitt regjeringsapparat:

  • Rebekka Ljosland (28), byråd for helse- og omsorg i Bergen
  • Inger Lise Hansen (37), tidlegare nestleiar i KrF
  • Ida Lindtveit (26), tidlegare KrFU-leiar og fylkestopp i nye Viken
  • Bjørg Tørresdal (60), tidlegare stortingsrepresentant
  • Dag Inge Ulstein (37), nyleg avgått finansbyråd i Bergen
  • Daniel Siraj (43), konsernsjef i OBOS og tidlegare aktiv i Oslo KrF

I tillegg kjem forhandlingsleiar Kjell Ingolf Ropstad (33). Ropstad er favoritt til å bli ny partileiar i KrF etter Knut Arild Hareides nederlag, og er sjølvskriven som statsråd om forhandlingane med Solberg-regjeringa lukkast.

– På lista di er det, med unntak av Ropstad, ingen frå dagens stortingsgruppe. Du synest de har flinkare folk andre stader?

– Det sit jo flinke folk der som kan bli statsrådar, du har både Bollestad og Grøvan og også andre. Eg meiner berre at når du har ei stortingsgruppe på åtte personar slik vi har, er det mogleg å sjå lenger enn den. Eg håpar ein tenkjer framtidsretta, og då må ein leite også utover dei ein sit på rom med til vanleg, seier KrFU-leiaren.

ErnaTønne

PÅ SAME LAG: KrFU-leiar Martine Tønnessen er svoren tilhengjar av at KrF skal samarbeide med blå side. Her saman med Erna Solberg då sistnemnde besøkte KrFU sitt landsmøte tidlegare i haust.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Vil ha ansvar for familien og skulen

Dei to andre punkta på KrFU si ønskjeliste: Kunnskaps- og integreringsministeren samt barne- og likestillingsministeren, er heilt i tråd med KrF-grasrota sine statsrådsønskje, ifølgje ei undersøking NRK har gjort.

– Eg tenkjer det er opplagt at KrF med sin profil skal ha barne- og likestillingsministeren, og at òg «familie»-begrepet skal inn igjen i den tittelen, seier Martine Tønnessen.

– Så vil vi ha ein kunnskapsminister frå KrF. Vi skil oss i skulepolitikken frå Høgre ved at vi er opptekne av å sjå heile mennesket, og at skulen skal vere meir enn eit testregime, legg ho til.

Høgre: – Litt tidleg å tenkje på

NRK skreiv like etter at KrF-landsmøtet enda med blått fleirtal, at det var sannsynleg at KrF vil få tre statsrådar i ei utvida Solberg-regjering. Ei regjeringskjelde skisserte det som sannsynleg at Høgre avgir ein post, Frp ein post og at det kanskje vert oppretta ein ny. KrFs inntreden i regjeringa vil òg kunne gje ein større rokade, særleg om KrF skulle gjere som KrFU ber om: Å ta tre av dagens Høgre-postar.

– Det er positivt at KrFU vil inn i regjering, og allereie tenkjer på kva statsrådspostar dei ønskjer seg, men det er nok litt tidleg å tenkje på det no, seier parlamentarisk leiar Trond Helleland i Høgre til NRK.

Det pågår for tida samtalar, eller såkalla sonderinger, mellom Høgre-Frp-Venstre-regjeringa og KrF. Dersom alle fire parti ønskjer å gå vidare til formelle regjeringsforhandlingar skjer det først over nyttår.

AKTUELT NÅ