Hopp til innhold

Bollestad om abort: – Dei skal ikkje få nokon fordømmande peikefinger frå meg

Som sjukepleiar reserverte ho seg mot å delta under abortar. Men då ei ung jente fortalde at ho blei valdteken på nasjonaldagen, valde Olaug Bollestad å bli med under inngrepet.

KrF landsmøte 2021 Olaug Bollstad

INGEN OMKAMP: Olaug Bollestad vil ikkje vere med på nokon omkamp om den eksisterande abortlova.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg ville vere der for det sårbare mennesket som låg framfor meg, sa den nyvalde KrF-leiaren då ho talte til KrF sin landskonferanse laurdag ettermiddag.

Dette skjedde då Bollestad vidareutdanna seg til intensivsjukepleiar. Ho var med ei ung jente som skulle få narkose før ein abort.

– På førehand forklarte eg ho at abort er vanskeleg for meg, og eg kom til å gå ut under sjølve inngrepet. Men, eg lova å vere der når ho vakna. Men jenta greip tak ho, og sa: – Eg blei valdteken 17. mai, Olaug.

Då valde Bollestad å bli der gjennom heile prosedyren.

Det har blitt stilt spørsmål om kvar Kristeleg Folkeparti står i abortdebatten, men KrF-leiaren er tydeleg på at dette ikkje er tida for nokon omkamp om den eksisterande lova.

Ei lov som slår fast sjølvbestemt abort til 12. veke i svangerskapet.

– Kvar gong eg snakkar om abort i KrF, i kyrkja eller i andre samanhengar forsøker eg å bruke innestemme. Det kan sitje nokon i salen som har tatt det vanskelege valet. Dei skal ikkje få nokon fordømmande peikefinger frå meg, sa Bollestad i talen.

Fleire parti vil utvide

Framover vil KrF heller stå fremst i kampen mot ei utviding av abortlova som vil gje sjølvbestemt abort til 18. eller 22. veke.

Fleire parti har programfesta ei utviding av denne grensa, blant anna SV, Raudt og Arbeidarpartiet.

– Vi overfører makta frå nemnd til kvinna sjølv. Nemndsystemet er utdatert og har utspelt rolla si, sa SV-leiar Audun Lysbakken til NRK tidlegare i år.

Dette må ikkje skje, seier Bollestad og hevdar at halvparten av jordmødrene vil reservere seg dersom abortgrensa blir utvida til 22 veker.

– Det skjer samstundes som moderne medisin kan redde barn tidlegare og tidlegare. Dei som jobbar i sektoren reagerer. Vi skal vere ei tydeleg røyst mot ei slik utviding, sa KrF-leiaren frå talarstolen.

Ho legg vekt på at KrF framleis skal vere eit parti som vil at barnet i mors mage bør ha eit sterkare vern.

– Eg kan ikkje dømme andre. Eg kjenner ikkje deira situasjon.

KrF landsmøte 2021

OPEN KJÆRLEIK: Olaug Bollestad får gratulasjonar frå ektemannen Jan Frode Bollestad etter at ho blei vald som leiar i KrF laurdag. Samlivet deira er godt dokumentert på Instagram-kontoen til Bollestad.

Foto: Javad Parsa / NTB

Vil vere seg sjølv

Olaug Bollestad blei samrøystes vald til ny leiar i KrF laurdag ettermiddag. Ho får med seg Dag Inge Ulstein og Ingelin Noresjø som nestleiarar i partiet.

Ho forsikrar at ho kjem til å vere seg sjølv og at ho ikkje kjem til å endre seg sjølv om ho no har blitt partileiar.

– Eg vil snakke eit språk som folk forstår. Så veit eg at det alltid vil vere dei som synest at eg er litt enkel, fordi eg brukar eit enkelt språk. Men det, unnskyld uttrykket, det drit eg i, sa Bollestad i talen.

Ho har også blitt kjend for å vere aktiv på Instagram der ho har nær like mange følgjarar som talet på kor mange som røyster KrF.

Det har ho ikkje tenkt å gje seg med.

– Folk vil kjenne igjen Olaug både før og etter, lovar Bollestad.

KrF landsmøte 2021

NY LEIARTRIO: F.v. 1. nestleiar Dag Inge Ulstein, leiar Olaug Bollestad og 2. nestleiar Ingelin Noresjø.

Foto: Javad Parsa / NTB

RETTELSE:

I ein tidligare versjon stod det at KrF også vil fjerne abortnemndene. Dette stemmer ikkje, og er difor fjernet frå teksten i ettertid.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger