Om ein månad er det innrykk for over tusen vernepliktige jenter og nesten tre tusen gutar etter at Stortinget vedtok allmenn verneplikt for begge kjønn.
Ikkje forbod mot å ha kjærast...
Med det store innrykket av kvinner som skal avtena verneplikt, har Forsvarssjefen sendt ut eit nytt dokument; "
". Den er fri for nye reglar, men slår fast det lett kan oppstå tette band mellom personar, og at dette av og til også fører til parforhold. Det er ikkje forbod mot kjæresteforhold i Forsvaret, men alle slike forhold skal meldast til overordna.Men uni-sex-Forsvaret betyr ikkje at det er fritt fram for sex i Forsvaret. For dei som trur at livet på kaserna kan vera like fritt og frodig som på russebussen, må revurdera situasjonen.
...men ingen sex i det offentleg rom
– Det er ikkje lov å ha sex på militært område, konstaterer tillitsvald Cecilie Reppen.
Ho har to år bak seg i Sjøforsvaret, eitt år som meinig, no er ho lønna tillitsvald. Og ho har fått med seg at alle plassar inne på militært område der meinige held til pr. definisjon er offentleg område.
Det gjeld også senga på kaserna og køya på fregatten.
Viktig med tydeleg tale
No vil dei tillitsvalde at forsvarssjefen seier klart og tydeleg frå at det ikkje er lov å ha sex inne i leiren eller på marinefartøy.
– Det er viktig at soldatane veit at «dette kan eg gjera – dette kan eg ikkje gjera», seier Cecilie.
Ho meiner dette bør nedfellast i eit dokument.
– Ja, det synest eg. Om ikkje i denne «policy'en», så ein eller annan stad, sånn at det er handgripeleg og at ein veit «sånn er det!»
Ho er usikker på om ferskingane er klar over at det er forbod mot å ha sex inne på militært område.
– Det vet eg ikkje. Eg håpar dei blir klar over det på innrykk og i løpet av prosessen med å bli kjent med Forsvaret.
– Må vere vaksen nok til å forstå
Forsvarssjef Håkon Bruun-Hanssen fortel at Forsvaret i stor grad organiserer seg slik resten av samfunnet gjer når det gjeld sex.
– Ein har ikkje sex i det offentlege rom, det skal ein heller ikkje ha i Forsvaret. Men det er ikkje det same som å si at «her» er det forbode og «her» er det tillaten, seier han.
Ein presisering av reglane, slik grenader Reppen ønskjer, vil ikkje kome.
– Vi har bustader inne på militært område, bustader som vi leier ut til våre tilsette. Vi kan ikkje regulere det som skjer der. Difor fortel vi kva utfordringane er; kva vi ikkje ønskjer å ha, og så må den enkelte vere vaksen nok til å forstå det, seier forsvarssjefen.