Hopp til innhold

Krev slutt på raudt nivå i skulen: – Dei som har det kjipt vil få det endå kjipare

Raudt nivå vil føre til enno meir einsemd og fare for den psykiske helsa til dei unge, meiner Elevorganisasjonen. No får dei støtte frå SV som ber regjeringa snu.

Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.

KLAR TALE: Edvard Botterli Udnæs er leiar i Elevorganisasjonen i Noreg. Han meiner at raudt nivå vil vere ei psykisk utfordring for mange elevar.

Foto: elev.no

– Regjeringa bør lytte til kritikken og snu. Skulane bør ut av raudt nivå, seier SVs utdanningspolitiske talsperson Freddy André Øvstegård til NRK.

Dermed støttar han krava frå blant andre Barneombodet og Elevorganisasjonen, som krev at regjeringa ikkje vidarefører raudt nivå.

Leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, er glad for støtta frå SV og meiner at regjeringa no må vere ansvarlege og snu før skulane startar igjen etter nyttår.

Utnevnelse av fiskeridirektør

Fredddy André Øvstegård (SV).

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Vi veit at mykje digital undervisning er skadeleg for læringa til elevane, for trivselen og for deira psykososiale skulemiljø. Vi må gjere absolutt alt vi kan for at elevane også i vidaregåande, kan vere på skulen så mykje som råd er, seier Udnæs til NRK.

– I strid med rådet

Regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ikkje fleirtal på Stortinget, men støttar seg til SV for mellom anna å få igjennom statsbudsjettet.

På spørsmål om SV vil gjere noko for å få gjort om avgjerda om raudt nivå i vidaregåande skular, svarer Freddy André Øvstegård at partiet «i første rekkje» ber regjeringa snu.

– Vi bør ha ein veldig høg terskel for å ha elevane mindre på skulen, når vi veit kor hardt det går utover læringa og livet til barna, seier SV-representanten.

Udnæs i Elevorganisasjonen er veldig uroa for den faglege og sosiale utviklinga til alle norske elevar no.

– Det er ikkje det å ikkje stå på matteeksamen som er den største utfordringa. Elevane går glipp av utruleg mykje sosial framgang. For mange kan mindre tid på skulen vere veldig negativt på fleire frontar i liva deira.

Vebjørn Leite Olsen, sentralstyremedlem Mental Helse Ungdom.

Vebjørn Leite Olsen i Mental Helse Ungdom, er uroa for den psykiske helsa til unge i pandemien. Uansett kva nivå regjeringa legg seg på.

Foto: Privat

– Spesiell situasjon

Både Elevorganisasjonen og Mental Helse Ungdom trekk fram Ungdata-tala som syner at einsemd blant unge har hatt ein stor vekst under pandemien.

Over 70 prosent av ungdomane som blei spurt i den landsomfattande granskinga, seier at dei ofte eller av og til er einsame.

– Når ting blir avlyst og du ikkje kan gle deg til ting, så er jo det ein heilt spesiell situasjon som går utover ikkje berre dei som sleit og hadde belastningar frå før av.

Det seier sentralstyremedlem i Mental Helse Ungdom, Vebjørn Leite Olsen.

Han peikar på at både gult og raudt nivå kan gje psykiske utfordringar, men han ber i alle fall regjeringa ha dei unge si mentale helse fremst i pannebrasken.

– Det er viktig for menneske at dei får oppleve eit fellesskap, slår han fast.

Fekk kritikk

Det var måndag at regjeringa kunngjorde at barnehagane og grunnskulane etter juleferien skulle halde fram på gult nivå, medan vidaregåande skular skulle halde fram på raudt nivå.

Den såkalla trafikklysmodellen skil mellom tre tiltaksnivå i skulen: grønt, gult og raudt.

Raudt nivå i vidaregåande inneber ikkje nødvendigvis heimeskule, men ved dei aller fleste skulane vil det bli eit mykje større innslag av digital undervisning enn elles.

Avgjerda om å halde oppe raudt nivå vart treft i strid med tilrådingane frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Også Utdanningsdirektoratet avrådde eit slikt tiltaksnivå.

– Det skal vere faglege råd, ikkje frykt som styrer tiltaka. Å leggje på litt ekstra når det gjeld tiltak for å vere på den sikre sida er uforsvarleg etter to år med pandemi, sa barneombod Inga Bejer Engh til NTB.

Også ho har bede regjeringa snu og setje vidaregåande skular på gult nivå frå 3. januar.

Forsvarar raudt nivå

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) held fast ved avgjerda om raudt nivå, sjølv om faginstansane ville det annleis. Så skal uansett avgjerda opp til ny vurdering om to veker, seier ho.

Pressekonferanse om fraværsreglene

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Regjeringa har lagt vekt på at erfaringane frå tidlegare i pandemien viser at gult nivå ikkje fungerer på vidaregåande, fordi elevane blir blanda på tvers i mange ulike fag og klassar i løpet av ein skuledag, skreiv Brenna i ein e-post til NTB tysdag.

Regjeringa har òg fått støtte for avgjerda si, mellom anna frå Norsk Lektorlag:

– Det er veldig krevjande å ha gult nivå. Det blir så godt som umogleg å unngå smitte, seier leiar Rita Helgesen.

Edvard Botterli Udnæs i Elevorganisasjonen krev derimot at regjeringa brukar dei siste dagane i 2021 til å ombestemme seg.

– Dei som har det kjipt vil få det endå kjipare. Det er ikkje ei utvikling vi har lyst å ha for unge i Noreg.

AKTUELT NÅ