Hopp til innhold

Kraftig oljeprisfall – nordsjøolje ned mot 100 dollar fatet

Natt til tysdag fell oljeprisen kraftig. For første gong sidan februar kostar eit fat nordsjøolje ned mot 100 dollar. For ei veke sidan låg prisen på rundt 130 dollar. – Uvanleg at oljeprisen svingar så mykje på så kort tid, seier sjeføkonom.

Nordsjøolje 15. mars 2022

Rett før klokka 3 i natt nådde nordsjøolje ei botnnotering på 100,08 dollar per fat.

Grafikk: Skjermdump Oslo Børs

Både nordsjøolja og amerikansk lettolje var ned rundt 6 prosent omtrent ein time etter handelsstart.

Etter å nesten ha gått under 100-dollargrensa, stabiliserte nordsjøolja seg på ein pris på drygt 102 dollar fatet. Den amerikanske lettolja stabiliserte seg på litt under 99 dollar fatet.

For ei veke sidan var oljeprisen over 130 dollar fatet. Den urolege situasjonen i verda gjer at vi ser store svingingar no, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

– I det siste har oljeprisen stige mykje på grunn av krigen i Ukraina. No ser vi større frykt for pandemien fordi Kina har stengt minst ein større by på grunn av auke i smitten.

Svikt i sal til Kina

Nyheitsbyrået AFP knyter også nedgangen til sviktande etterspurnad i Kina, der delar av industrien er stengt ned på grunn av koronasmitte.

I det kinesiske teknologisenteret Shenzhen har 17 millionar innbyggjarar fått beskjed om å halde seg heime. Teknologigigantar som Huawei og Tencent er blant dei som er ramma av nedstenginga.

Også Foxconn, som er leverandør til Apple, har fått pålegg om å stengje.

Får konsekvensar

Det er ofte svingingar i oljeprisen, men det er sjeldan vi ser så store endringar på så kort tid som det vi gjer no, seier Knudsen.

Dei kraftige og hyppige endringane vi no ser, merkar også den vanlege mannen og kvinna i gata, seier han.

– Den umiddelbare effekten er at ein del prisar blir dregne opp fordi oljeprisen og gassprisen har stige kraftig. Det har gjeve utslag på drivstoffprisar og høge straumprisar. Noreg har vore vande med ganske dempa gass- og straumprisar, men når dei har gått opp, gir det store utslag for forbrukarane i form av at vi på bruke meir pengar på desse varene.

AKTUELT NÅ