Hopp til innhold

Kraftig auke av klamydia og gonoré

Klamydia- og gonorésmitte aukar kraftig etter pandemien. – Mykje fokus på smittevern, og lite på avgrensing av seksuell smitte, fortel studentar som NRK møter.

Charlotte Sofie Halseth, Sara Vår Kolflåth Grødem og Uno Pålsønn

UIO: Studentane er ikkje overraska over auken etter pandemien.

Foto: Martin Leigland / NRK

Talet på melde tilfelle av klamydia og gonoré auka kraftig i siste halvdel av 2022.

Det viser tal frå FHI sitt meldingssystemet for smittsame sjukdommar.

– Har vore isolert over ein lengre periode

Eg trur det har noko å med at det har vore veldig isolert over ein lengre periode. Og så kjem ein ut igjen. Det er mange som ikkje har vore på byen før. Og ein opplever nye sider ved livet sitt, fortel Johan Grøgaard som NRK møter på NTNU.

Johan Grøgaard, NTNU

Student Johan Grøgaard trur at fleire kanskje tar litt lett på kondombruk.

Foto: Emma Lorin Havend / NRK

Han trur mange som har gått frå vidaregåande til universitet ikkje har fått tilstrekkeleg seksualundervisning.

– Det har vore litt lite fokus på informasjon; mykje fokus på smittevern, og lite på avgrensing av seksuell smitte.

Ein er kanskje veldig nøye på prevensjon for å forhindre uønskte graviditet, men ein er ikkje like flink til å bruke prevensjon for å unngå kjønnssjukdommar.

På Universitetet i Oslo er dei ikkje overraska over auken. Student Sara Vår Kolflåth Grødem trur at folk er for dårlege til å bruke kondom.

Eg trur folk i Noreg er veldig dårlege på det. Det er ikkje så veldig populært å få spørsmål om å ta på seg kondom.

Charlotte Sofie Halseth og Sara Vår Kolflåth Grødem

NRK møter Charlotte Sofie Halseth og Sara Vår Kolflåth Grødem på Universitetet i Oslo.

Foto: Martin Leigland / NRK

Student Anna Sørli Asmervik er einig.

Trur det handlar om at dårleg kultur for å bruke kondom. Og latskap kanskje, fortel ho.

Anna Sørli Asmervik, NTNU

Student Anna Sørli Asmervik trur det er dårleg kultur for å bruke kondom.

Foto: Emma Lorin Havend / NRK

Når mange andre ikkje gjer det blir ein sløv på det sjølv.

Tidobling av gonorétilfelle blant unge kvinner

De siste ti åra har det vore ei tidobling av gonoretilfelle blant unge kvinner. FHI har tidlegare sagt at dei er bekymra for utviklinga.

Smittetilfella har meir enn tredobla seg frå 2021 til 2022.

Les også FHI: Kraftig økning i gonorétilfeller – Nå må vi få de unge til å bruke kondom

 kondomer

Lege ved Sex og Samfunn, Simon Ertzeid, har merka ein sterk auke dei siste åra:

Eg begynte å jobbe fast som lege på sex og samfunn for 2 år sida. Då var gonore ein sjeldan greie ein såg kanskje ein gong i månaden. Kanskje to viss ein hadde litt uflaks.

No har det sidan august vore tre eller fire nesten kvar dag. Vi har sett ein ganske stor auke her på klinikken, og no kjem rapporten frå FHI som seier akkurat det same.

– Grøn gugge som kjem ut av tissen

Ertzeid fortel av gonoré er veldig smittsamt, og at det særleg er kvinner som er utsett for smitte.

Gonore er veldig smittsamt, og viss ein har ein vagina og har sex med nokon med ein penis er det 50 til 70 prosent sjanse for at man får gonore viss den penisen har gonore i seg.

I eit miljø med hyppig partnarbytte og lite kondombruk så stig tala slik vi ser no.

Gonoré blei tidlegare kalla dryppert. Namnet kjem av symptoma sjukdommen gir.

Det er eit veldig skildrande ord. For dryppert er mykje av symptoma ein får viss ein har ein penis. Det er typisk grøn gugge som kjem ut av tissen. Det ser litt ut som ein har ein piggtråd inni der også, fortel Ertzeid.

Har ein vagina eller livmor kan ein få blødingar og smerter. Men det er også 50 prosent sjanse for at ein ikkje merkar at ein har desse symptoma, legg han til.

Bekymra for resistens

–Vi bekymrar oss særleg for gonoré, for vi veit at det er mykje verre enn klamydia, fortel Trine Aarvold, lege ved Sex og Samfunn.

Ho fortel at gonoré er ein bakterie som klamydia, og smittar på same måte.

– Men bakterien trivst i tillegg godt i hals, og kan smitte til hals. Det er ein mykje meir hissig bakterie enn Klamydia. Den krev også ein anna type behandling, fortel ho.

Lege Trine Aarvold ved Sex og samfunn

Lege ved Sex og Samfunn, Trine Aarvold, fortel at dei er bekymra for at gonore etter kvart ikkje kan behandlast med antibiotika.

Foto: ANNA RYDLAND NÆRUM / NRK

No er vi litt på siste moglegheita for behandling for gonore, fortel Simon Ertzeid.

Vi har bytta behandling eit par gonger tidlegare. Sprøyte i rumpa er den siste vi har. Vi har ikkje oppdaga typar av resistent gonore for denne typen behandling i Noreg, men det er ein god del tilfelle ute i verda. Det er berre eit spørsmål om tid før han kjem hit, held han fram.

Les også Gonore kan bli eit alvorleg samfunnsproblem att

Iren Høyland Löhr

FHI: – Viktig at folk testar seg

Kunnskap om seksuelt overførbare sjukdommar er viktig. Og så er heilt klart kondombruk avgjerande for å snu trenden. Det er viktig at folk testar seg viss dei har vore i ein situasjon der dei mistenker at dei har blitt smitta, fortel overlege ved FHI Anne Olaug Olsen til NRK.

Ho fortel at dei ikkje er spesielt overraska over at talet på seksuelt overførbare sjukdommar aukar.

Overlege ved FHI Anne Olaug Olsen

Overlege ved FHI Anne Olaug Olsen.

Foto: Arnfinn Nygaard / NRK

Det overraskar ikkje med tanke på at vi har vore gjennom ein pandemi og samfunnet no opnar. Det som overraskar auken av gonoré blant unge heteroseksuelt smitta.

Ho trur auken skuldast fleire ting. Blant anna at ungdom og unge vaksne ikkje skjønner kor smittsamt gonoré er.

Nytt toppår for klamydia

Det var ein nedgang av klamydia under pandemien. I 2022 er innmelde tilfelle av klamydia på same nivå som i 2019, som var eit toppår for klamydia.

Både syfilis og hiv er også på frammarsj.

Folkehelseinstituttet skriv av hivsituasjonen er prega av at eit stort antal hivpositive flyktningar og innvandrarar kom til Noreg etter pandemien.

I 2022 blei det meldt om 245 hivtilfelle, medan talet i 2021 var 102.

78 prosent av dei 245 tilfella var smitta før dei kom til Noreg.

AKTUELT NÅ