Hopp til innhold

Kongen: – Formen er ganske bra

Kong Harald dukka noko overraskande opp på den tradisjonsrike julegudstenesta i Holmenkollen kapell.

Kong Harald

VELKOMEN: Kong Harald var på plass til gudsteneste 1. juledag.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

– Ganske bra, svarte kongen då han blei spurt av pressa korleis formen er.

Kong Harald var rett før jul innlagt på Rikshospitalet med ein infeksjon, men blei skriven ut 21. desember.

– Kongen er i betring, men vil ta det med ro nokon dagar, var meldinga frå Slottet då.

22. desember kom meldinga om at 85-åringen har bestemt seg for å legge opp som aktive konkurranseseglar.

– Alt har si tid, seier kong Harald til NRK-programmet «Året med kongefamilien».

Til gudstenesta i det vakre kapellet i Holmenkollen, kom kong Harald og dronning Sonja saman med kronprinsfamilien.

Det var uvisst om kong Harald kunne delta i gudstenesta, men rett før klokka 12 kom bilen køyrande opp framfor døra på kapellet.

Med hjelp av krykker gjekk han dei få skritta på den hardtrampa snøen og blei teken varmt i mot av sokneprest i Ris kyrkjelyd, Paul Erik Wirgenes.

Med til kyrkje var også dronning Sonja, kronprinsparet og prinsesse Ingrid Alexandra.

Det er førebels uavklart om det er kong Harald eller kronprins Haakon som held nyttårstalen.

Kongefamilien i Holmenkollenn kapell

Kongefamilien kom til kyrkja, kronprinsen for høvet i tilnærma kongeblå frakk.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Les også «Seilerkongen» legger opp: – Alt har sin tid

Kong Harald seiler VM for 8-metere i Sveits

Les også Kongen sykmeldt og innlagt på Rikshospitalet

Kongefamilien under utdelingen av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

AKTUELT NÅ