NRK Meny
Normal

Vil skjerpe krava til lærarane

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (SV) vil at lærarar skal ha spesialkompetanse i alle faga dei underviser i.

Bård Vegar Solhjell

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell.

Foto: Kjetil Jordan / NRK

- Dette blir praktisk umogleg, seier leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland. Ho meiner at slike skjerpte krav til lærarane vil skape dårlegare forhold for elevane.

Det vil også skape problem for lærarane, meiner ho.

- Elevane vil måtte skifte lærar for ofte, og lærarane kan få for små stillingsheimlar. Det blir ein mindre bra skulekvardag for alle, seier forbundsleiaren.

Helga Hjetland

Helga Hjetland er leiar for Utdanningsforbundet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Bård Vegard Solhjell meiner det er omsynet til elevane som må vege tyngst, og han er ikkje i tvil om at dei har krav på lærarar med spesialkompetanse.

I dag må til dømes ein matematikklærar som underviser ei åttandeklasse i ungdomsskulen ha minst eitt år med spesialisering i faget. Det same gjeld for engelsk og norsk i ungdomsskulen. Og Solhjell trur det kan bli eit krav for alle lærarar både i ungdomsskulen og i barneskulen.

Han varslar at dei nye krava til læarane kan kome alt i ei ny stortingsmelding om lærarutdanning som blir lagt fram i løpet av året.

Helga Hjetland meiner Solhjell ikkje har tenkt over kva problem desse nye krava til lærarane vil føre med seg, spesielt på små skular.

Utdanningsforbundet

Kunnskapsdepartementet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger