Dei bulgarske asylsøkjarane vart først tekne til Tanum asylmottak i Bærum. (NRK-foto)
Politiet seier at mannen farmleis er sikta for menneskesmugling, men at det ikkje var grunnlag for varetektsfengsling. Mannen er sjølv er asylsøkjar og kom til Oslo saman med familien sist veke.
Nye i dag
I føremiddag møtte fem bulgararar på Politihuset på Grønland i Oslo, medan det kom i underkant av 200 i løpet av helga. Politiet veit ikkje korleis busstransporten frå Bulgaria til Noreg er organisert, heller ikkje kven som står bak.
- Vi hadde ikkje grunnlag for å oppretthalde siktinga mot den bulgarske manen. Han er no sett fri, seier politifullmektig Alvar Randa ved Utlendingsavsnittet i Oslo politidistrikt.
Han har registrert at det no kjem bulgararar til Noreg kontinuerleg, og opplyser at Kriminalpolitisentralen er kopla inn i saka.
Uklart
Randa seier at det enno er for tidleg å seie om det handlar om menneskesmugling. For å kome inn under dette begrepet må det vere ei organisert, ulovleg innreise som er gjort med målet om å tene pengar på det.
-Slike saker er vanskelege å bevise, seier Alvar Randa.
Bulgararane vart i går frakta til Tanum asylmottak i Bærum, og derfrå vart dei sende til innkvarteringsstader rundt omkring på Austlandet. Politiet meiner at transporten er organisert, og minst ein av sjåførane er teken inn til avhøyr.
Det norske medlemskapet i Schengen-samarbeidet gjer at det ikkje lenger er kontroll av utanlandske bussar ved grenseovergangane.
Rask heimsending
Utlendingsdirektoratet (UDI) seier at dei aller fleste bulgararane som har kome til Noreg, vil få avslag på asylsøknadene sine.
Avdelingsdirektør Erling Kielland i UDI seier at dei ynskjer å sende dei tilbake til Bulgaria i løpet av 14 dagar. Dei første kan bli sende tilbake alt i løpet av denne veka.
Kielland presiserer at alle vil få individuell behandling av sine søknader, men at han reknar emd at dei aller fleste søknadene er grunnlause.
UDi har planar om å bruke særskilde mottak for bulgararar, blant andre eitt i Våler kommune i Østfold.