Hopp til innhold

Isaksen: – Overgrepa skjer framleis

Aksjonistane som har blokkert departementa i ei veke, avslutta fredag demonstrasjonane med markeringar framfor Stortinget og på Slottsplassen.

Ella Marie Hætta Isaksen
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Etter åtte dager med protester i Regjeringskvartalet, avsluttet Fosen-demonstrantene utenfor Slottet fredag ettermiddag.

Fleire hundre møtte fredag opp på Eidsvolls plass framfor Stortinget for å vise støtte til reindriftssamane på Fosen.

Blant dei frammøtte var sametingspresident Silje Karine Muotka og Mari Boine. Også fleire politikarar frå Stortinget har teke turen ut blant demonstrantane.

Markeringa blei avslutta med ein appell frå artist og aksjonist Ella Marie Hætta Isaksen, som trekte parallellar til Alta-aksjonen for over 40 år sidan.

– Overgrepa skjer framleis. For meg er det tydeleg at ting har gått i feil retning. Det blei gjort eit enormt arbeid for 44 år sidan. Dei kjempa den same kampen som vi kjemper i dag.

Les også Alta-demonstrant om Fosen-aksjonen: – Som å bli kasta tilbake i tid

Anders Heger føre Olje- og energidepartementet der unge samer og naturvernarar demonstrerer mot vindturbinane på Fosen.

Vil legge press på regjeringa

Sjølv om aksjonistane fredag opphevar blokaden av departementa, betyr ikkje det at kampen er over, sa Hætta.

– Tusenvis av blikk er no retta mot regjeringa. Hundrevis av ungdommar ventar no framfor slottet på Kongen i statsråd. Ikkje misbruk tilliten vår ein gong til på dette kritiske tidspunktet i historia.

Aksjonistane som fredag pakka saman sakene sine i Regjeringskvartalet, rusla etterpå oppover Karl Johan for å demonstrere framfor slottet, der regjeringa samlar seg i statsråd kvar fredag.

Aksjonistane flytta seg frå regjeringskvartalet til Slottsplassen for å demonstrere.

Aksjonistane flytta seg frå regjeringskvartalet til Slottsplassen for å demonstrere.

Møtte reineigarar til frukost

Fredag morgon møtte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), olje- og energiminister Terje Aasland og landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) dei som driv med reindrift på Fosen til eit frukostmøte.

Ein time seinare var møtet ferdig. Støre sa det var eit godt møte.

– Målet med møtet var å gjenta beklaginga vi gav i går, og samtidig sjå framover.

Jonas Gahr Støre etter møtet med reindriftssamene på Fosen.

Jonas Gahr Støre møtte pressa etter frukostmøtet med dei som driv reindrift på Fosen fredag.

Foto: Alf Simensen / NTB

Han sa at regjeringa no vil ha tett kontakt med reineigarane framover.

– Høgsterett har slått fast at det er eit brot på menneskerettane at dei ikkje får utført kulturen sin i tråd med tradisjonane. Vi har formidla at det skal vi jobbe med å rette opp denne situasjonen. Vi må lytte meir direkte på dei erfaringane som dei som driv denne næringa har.

Dei samiske ungdommane er veldig opptekne av at regjeringa skal seie at dette er eit pågåande brot på menneskerettane. Vi de seie det no?

– Ja, denne dommen slår fast at konsesjonen slik han er gjeven krenker dei rettane som samane har etter dei konvensjonane vi skal følge. Og at det er eit brot på menneskerettane, så svaret på det er ja, svarar han.

Fosen reindriftsamer på vei ut fra frokost m/ Støre

Reindriftssamar frå Fosen etter frukostmøtet på Statsministerens kontor.

Foto: Inga Máret Solberg Åhrén / NRK

Støre seier også at dommen seier at ein må vurdere avbøtande tiltak for å ikkje vere i ein slik situasjon. Han seier at dette skal dei følge nøye med på og prøve å finne.

– Eg har sagt at eg ikkje utelukkar noko tiltak i den samanhengen.

AKTUELT NÅ