I tre døgn har over 100 aksjonistar sperra Olje- og energidepartementet og fleire andre departement i Oslo.
– Det er vakkert, seier forleggar Anders Heger i Cappelen Damm.
Han står like ved aksjonistane utanfor inngangen til Olje- og energidepartementet i Akersgata.
Dei krev at vindturbinane som står på vinterbeitet til samane i Fosen skal bli rivne ned.
Anders Heger var med på aksjonen i Alta-saka, som gjekk føre seg på 70- og 80-talet. Her går han i demonstrasjonstog på Karl Johan.
Foto: PrivatFor rundt 40 år sidan demonstrerte Heger her sjølv. Saka hadde eit anna namn, men Heger meiner det er to slag i ein kamp.
– Dette er ikkje ein parallell til Alta-saka, det er ei og same sak.
«Umusikalsk og stupid»
Han seier at naturen er ein så samanvoven del av urfolket sine rettar, at det blir feil å skilja det frå kvarandre.
– Å redda natur og å redda urfolk sine rettar er same ting.
Han er svært kritisk til korleis regjeringa har handtert saka, og kallar det forferdeleg umusikalsk og stupid.
– Dette er eit slag i trynet på den samiske befolkninga, akkurat som bygginga av Alta-demninga var.
Han meiner storsamfunnet ikkje eigentleg forstår seg på kva det vil seie å ha ein urfolksminoritet i sin midte.
– Dei framandgjer seg frå ein veldig viktig del av befolkninga som har vore her sidan lenge før nasjonen var eit fenomen, og gjer då Noreg til eit mindre inkluderande samfunn.
Aksjonistar under Alta-aksjonen. Anders Heger sit nede til venstre med pipa i handa.
Foto: PrivatHan synest først og fremst det er trist, og seier det kan tyda på at ikkje så mykje har endra seg sidan han demonstrerte.
– Dei ser på eit sett teoretiske og juridiske spissfindigheiter i staden for å sjå dei politiske og kulturelle underliggjande spørsmåla, seier Heger.
Også i Alta-saka kom Høgsterett med ein dom. Den gongen fann dei at utbygginga var lovleg, men nå har dei funne vedtaket om vindturbinutbygginga ugyldig.
– Det er mogleg at det kan finnast eit kompromiss, men dei kan ikkje lenger seia at dei må greia dette ut. Det går ikkje. Dei har fått ei menneskerettsdom på bordet. Dei får følga han.
NRK forklarer
Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde
Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.
2010: Får tillatelse til å bygge i området
I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

2014: Spilles inn i rettsystemet
Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

2016: Starter utbygging
Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

2018: FN ber om byggestans
FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020.

2021: Knusende dom i Høyesterett
I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

2022: Vil beholde anlegget
Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen.
Sat fem veker i fengsel
Fleire av aksjonistane er blitt borne vekk og har fått bot frå politiet. Det fekk også Heger då han demonstrerte. Han blei fjerna av politiet tre gonger under demonstrasjonane i Alta og ein gong i Oslo.
Men fire bøter på til saman rundt 30.000 kroner blei for mykje å betale for ein student, og Heger måtte derfor sitta fem veker i fengsel.
6. februar 1981 gjekk 14 samiske kvinner inn på kontoret til den ferske statsministeren Gro Harlem Brundtland. Heger blokkerte foajeen.
Foto: Erik Thorberg / NTBI 1978 starta Folkeaksjonen mot utbygging av Alta/Kautokeino-vassdraget. Ti år tidlegare hadde myndigheitene lagt fram planane sine for vasskraftutbygging i Alta-elva.
Det blei møtt med kritikk frå både samar og miljøvernarar, som til slutt enda opp med å lenka seg fast, sveltestreika og okkupera statsministeren sitt kontor.
6. februar 1981 gjekk 14 samiske kvinner inn på kontoret til den ferske statsministeren Gro Harlem Brundtland.
– Det var andre sikkerheitsrutinar den gongen, seier Heger og humrar lett. Han ser bort mot bygget der Statsministerens kontor var før.
Han seier at strategien deira var lik den som demonstrantane brukar i dag.
– Me måtte gå til makta si kjerne, akkurat slik som her.
Og det var i makta si kjerne Heger enda opp med å bli arrestert. Det skjedde då han og andre aktivistar blokkerte foajeen i Høgblokka, samtidig som dei 14 andre aktivistane hadde sett seg ned på Statsministerens kontor i same bygg.
Meiner det er positivt med kraftig motstand
Dei siste dagane har Heger gått forbi demonstrantane utanfor Olje- og energidepartementet på veg til jobb.
– Ein ting er at det er som å bli kasta tilbake i tid, men det er så positivt at motstanden er så kraftig, så synleg og dei er så fulle av vilje til å sigra.
Han pleier å stoppa å snakka med aksjonistane.
– Det er litt både og, for eg vil ikkje forstyrra dei for mykje. Eg veit dei er på si eiga greie.
– Samtidig er det fint å sjå at det held fram, legg han til.
Støre: Krev grundige utgreiingar
Tidlegare onsdag fjerna politiet demonstrantar som sperra inngangane ved Nærings- og fiskeridepartementet.
Dette skjedde etter at politiet fekk oppmoding frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) om å fjerne demonstrantane.
– Fokuset vårt er å sørgje for at departementa får halde oppe dei samfunnskritiske funksjonane sine, gjennom å vareta nødvendig tryggleik og tilgang til departementa. Samtidig som vi er opptekne av å leggje til rette for at demonstrantane får ytre bodskapen sin, seier presseansvarleg i DSS, Liv Nodeland, til NTB.
Måndag sa statsminister Jonas Gahr Støre at han er oppteken av ein tett og god dialog mellom samane og regjeringa.
– Høgsterett har ikkje teke stilling til kva som skal skje med dei to vindkraftverka som i dag leverer ei stor mengd kraft til Midt-Noreg. Det krev grundige utgreiingar for å komme opp med løysingar på denne saka, og det ønskjer regjeringa å gjennomføre i god forståing med reindrifta og Sametinget, sa Støre.