Hopp til innhold

John Carew blir etterforska av Økokrim

John Carew er sikta for grovt skattesvik. Sjølv meiner skodespelaren at han ikkje har gjort noko galt.

John Carew

Økokrim har mistanke om at John Carew har gjeve feil opplysningar i skattemeldinga, og etterforskar no skodespelaren og den tidlegare fotballspelaren for grovt skattesvik.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Bakgrunnen for etterforskinga er ei melding til politiet frå Skatteetaten. Økokrim meiner det er skilleg grunn til mistanke for grovt skattesvik, skriv dei i ei pressemelding.

Carew er sikta for grov skattesvik.

Han er mistenkt for å ha gjeve feil opplysningar i skattemeldinga ved at det ikkje er opplyst om inntekt og formue i utlandet.

Han er også mistenkt for ikkje å ha gjeve rett opplysningar om inntekt og formue og inntekt i Noreg, skriv dei.

– Vi vil no bruke nødvendig tid til å etterforske, for å finne ut om det har skjedd skattesvik eller ikkje, seier førsteadvokat Marianne Bender i pressemeldinga.

Økokrim har gjort ransakingar på fleire adresser, men ingen er gripne i aksjonen.

Verken Carews advokat Amund Noss eller hans mangeårige agent og forretningspartnar Per A. Flod visste om ransakingane til Økokrim, skriv Dagens Næringsliv.

Ransaka fleire adresser

– Vi kan dessverre ikkje gå inn på kva beslag vi har gjort. Det vi vil bruke tid på no er å etterforske saka for å finne ut av, har det skjedd eit skattesvik eller ikkje, seier Bender til NRK.

Bender seier Carew er sikta for grove skattesvik over fleire år, men vil ikkje gå inn i detaljane i saka.

Per A. Flod er kritisk til Rosenborgs håndtering av saken.

Per A. Flod er advokaten til John Carew.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Per A. Flod seier at John Carew reknar med at saka blir oppklart, og at han meiner det ikkje har skjedd noko gale.

Flod seier Økokrim har teke opp problematikken i fleire år, tidlegast i 2008 eller 2009.

– Då spelte John Carew i Aston Villa og trena kvar dag og spelte kampar kvar helg og alt mogleg, så det var ikkje mogleg at han kunne vore i Noreg i 183 dagar, så vi tok ganske lett på det, seier Flod til NRK.

Han legg til:

– Så meiner dei då, at eit år har John teke litt feil då, og vore her nokre dagar for mykje. Så er ikkje John samd i det, men der har ein hatt ei usemje, seier Flod.

Olsenbanden-skuespillerne: 
Fra venstre ser vi Elias Holmen Sørensen spiller Kjell, John Carew i rollen som Benny og Andreas Baasmo som Egon.

John Carew (i midten) spelar Benny i den nye Olsenbanden-filmen som blir spelt inn no.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

Vart overraska over siktelsen

Flod seier saka hadde lege stille i årevis før den vart teken opp i januar i år. Han er overraska over at Carew er sikta.

– Det er ikkje gjort noko gale her i den forstanden, det er ikkje gjort noko strafferettsleg. Det er, John har vore open med ligningsmyndighetene heile tida og alltid ønskt å ha eit ope forhold til likningsstyresmaktene, seier Flod.

– Men kan dette vere slurv frå hans side, meiner du?

– Viss det no er så at han i eit år ikkje har greidd å lage det riktig, så kan ein jo seie at det har vore slurv ja. At han ikkje har følgt med heilt på kor mange dagar han har vore i Noreg. Det kan vere.

– Men Økokrim seier dette dreier seg om fleire skatteår?

– Dei meiner at dei skal kunne konstatere at John har vore meir enn 183 dagar i Noreg eit år. Så har dei, slik eg har forstått det, lagt til grunn at alle dei etterfølgjande åra så skal han skatte til Noreg. Det er det ikkje sikkert er riktig, seier Flod.

Har satsa på eigedom

John Carew har ei lang fotballkarriere bak seg.

Han starta proffkarrieren i Vålerenga, og spelte seinare for blant andre Rosenborg, Valencia, Aston Villa og West Ham United. Han la opp i 2012.

Etter at han la opp som fotballspelar, har han blant anna gjort fleire eigedomsinvesteringar og tent pengar på kjøp og sal av eigedommar.

Ifølge Dagens Næringsliv eig han i dag eit husvære i Oslo, som også er folkeregisteradressa hans, i tillegg til husvære på tre andre adresser.

Carew har også hatt fleire roller som skodespelar. Han har blant anna spelt i to sesongar av dramaserien «Heimebane» og i Disney-filmen «Maleficent: Mistress of Evil».

Nyleg blei det også kjent at han skal spele Benny i den nye Olsenbanden-filmen.

AKTUELT NÅ