Jakta på sommarkroppen 2019: – No er det andre som brukar anabole steroid

Brukarane av anabole steroid har endra seg, meiner den største treningssenterkjeda landet, Sats. Før var det kroppsbyggarane, no startar jakta på den perfekte kroppen ofte i tenåra.

Vekter

Brukarane av anabole steroid har endra seg, meiner den største treningssenterkjeda landet, Sats. Det er ikkje lenger berre den typiske kroppsbyggaren som blir mistenkt.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Før var det domenet til kroppsbyggarane. No er det blitt vanskelegare å avsløre kven som tek ein ulovleg snarveg i jakta på sommarkroppen.

«Martin» var 19 år då han begynte med anabole steroid. Då han såg seg sjølv i spegelen, likte han ikkje det han såg. Kroppspresset blei for stort.

– Du står og ser på deg sjølv i spegelen i fleire timar. Du speglar deg heile tida. I bilvindauge, på gymmen, i eit vindauge du går forbi. Du føler deg så vel når du brukar, fortel «Martin».

"Martin" begynte å bruke anabole steroidar som 19-åring

Som 19-åring begynte «Martin» med anabole steroid.

Foto: Tore Livnollen / NRK

Han ville ha fortgang i treninga, vise fram ein veltrent kropp på stranda om sommaren.

– Ein ser gjerne på gutar som er litt eldre, som ser bra ut og får mykje damer. Sjølvsagt har du lyst å vere som dei, seier «Martin».

– Brukarane endrar seg

Det er ei historie Christine Wisløff, leiar av steroideprosjektet ved Oslo universitetssykehus, kjenner godt. Dagleg møter ho menneske som treng råd etter bruk av steroid.

Christine Wisløff

Christine Wisløff er leiar for steroideprosjektet ved Oslo universitetssykehus. Ho møter dei som misbruker anabole steroid.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Det er ein del som har valt å begynne med dette fordi ein blir fortvila over at uansett kva ein gjer så får ein ikkje like fin kropp som kompisen. Ein får ikkje den same merksemda. På sosiale medium ser ein korleis den ideelle kroppen skal vere og så oppnår ein ikkje det, seier Wisløff

For det er langt frå alle som nøyer seg med å auke intensiteten. Nokre brukar også ulovlege anabole steroid for å nå treningsmåla.

– Då eg begynte i bransjen var det meir den klassiske kroppsbyggaren vi mistenkte mest. No er det heilt vanlege menneske som ønskjer å få større musklar. Dei ønskjer å gå ned i vekt, fortel Atle Arntzen, ansvarleg for personleg trening i Sats.

Dopingtestar medlemmar

Treningssentera er kjent som ein rekrutteringsarena for nye brukarar av steroid. Dei tilsette ser seg ut kundar som kan ha brukt ulovleg stoff. Kanskje har dei hatt uvanleg rask framgang. Viss dei ikkje let seg teste, får dei ikkje vere medlem lenger.

Treningssenterkjeden SATS dopingtestar medlemmar

Mange treningssenter dopingtestar medlemmane sine. Dei som ikkje vil la seg teste, mister medlemskapen i Sats.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Vi må vere merksame på at også våre medlemmar er utsett for dette. Difor er det viktig for oss å vise vår haldning til det. Dei som brukar noko som ikkje er lov, er ikkje velkommen på våre senter, seier Arntzen.

Biverknadane går på psyken laus

«Martin» veit korleis det er når biverknadane slår inn. Når depresjonen og angsten pregar livet etter år med bruk av anabole steroid.

– Du blir psykisk øydelagt av å bruke det over lenger tid. Til dømes kan du vakne på nettene og føle at du ikkje har noko i livet. Ikkje venner, ikkje kjæraste. Du føler at alt handlar om steroid, fortel «Martin».

"Martin" klarte å slutte med steroid

I nesten sju år misbrukte «Martin» anabole steroid.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Helsekonsekvensane ved å bruke anabole steroid er mange. For unge, som ikkje er ferdig utvikla, kan lengdeveksten bremse opp. Kolesterolet kan auke, hjarte- og karsjukdommar kan oppstå. Og så er det psyken. Depresjon, tunge angstlidingar, sosial angst og eit forvridd kroppsbilete er nokre av biverknadane som kan oppstå.

– Tidlegare brukarar har sagt til meg at det er som å spele russisk rulett. Det er mange som kan bli så depressive at dei ikkje ønskjer å leve meir, seier Wisløff.

For «Martin» blei det nesten sju år med misbruk. I snart eitt år har han klart å halde seg unna steroid, men framleis er det av og til vanskeleg å sjå seg sjølv i spegelen.

– No har eg kome over kneika, men sjølvsagt er det slik at du står opp om morgonen og ser deg sjølv i spegelen og tenker huff, eg kunne sett mykje betre ut. Eg må jobbe med meg sjølv kvar dag. Kvar einaste dag, avsluttar «Martin».

SISTE NYTT

Siste meldinger