Partane møttest klokka 15 i dag, men litt over klokka 16 opplyste meklaren Geir Engebrektsen til dei frammøtte journalistane at det ikkje var grunnlag for frivillig mekling. Partane reiste kvart til sitt utan å avtale noko nytt møte.
Truleg er avstanden for partane for stor til at Engebrektsen fann grunnlag for ein nye runde med mekling.
Rykte om møte
Når det gjeld kommuneoppgjeret for resten av landet har det gått rykte om eit uformelt møte mellom partane i ettermiddag, men dette er ikkje stadfesta.
Kommunestreiken blir trappa opp kraftig frå i morgon. Då vil over 40.000 kommunetilsette over heile landet vere i streik. Det rammar skular, barnehagar, sjukeheimar, søppeltømming og fleire andre viktige sektorar.
Meklar Geir Engebrektsen seier i ein kommentar at tida vil vise når meklinga blir teken opp att. Han minner om at det er opp til partane å kome fram til ei løysing, og at meklaren berre er eit kontrapunkt og ein tilretteleggjar.
- Naturleg dialog
– Dette er ein del av den naturlege dialogen. Når tida er moden, vil meklinga starte, seier han.
Dei fleste som er i streik i kommunane er organiserte i Fagforbundet, men UNIO har også ein del kommunalt tilsette i streik.
I går vart streiken for vel 6500 statstilsette avslutta etter at LO Stat og YS Stat vart samde om eit oppgjer på rundt 4,1 prosent. UNIO Stat godtok ikkje tilbodet, og rundt 3500 er i streik. Også denne streiken blir trappa opp over helga.
Saka blir oppdatert
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: