– Kostnadseksplosjonen som starta allereie under pandemien kan vere berre ein forsmak på det som kan komma neste år, ifølge direktør Petter Haas Brubrakk i NHO Mat og Drikke.
NRK registrerer blant anna at prisen på Pepsi Max er opp heile 33 prosent.
Åtvaringa kom berre ei veke før den store prisjusteringa i dag. Daglegvarebransjen gjer dette også den 1. februar, og det skulle i år føra til ein prisvekst på mat på 4,5 prosent.
Den største månadsendringa sidan juli 1981.
NRK har denne veka kartlagt prisendringane på ei rekke daglegvarer hos lågpriskjedene Extra, Kiwi og Rema 1000. Nedover i saka er det tabellar som viser prisendringane.
Sluttsummen på kassalappane våre held fram å stiga.
Foto: Mathias Moene Rød / NRKI prosent er prisauken på fleire basisvarer tosifra frå ein dag til ein annan.
Utanfor ein Extra på nedre Grünerløkka har tre skodespelarar funne ly under taket for styrtregnet i hovudstaden. Berre ein av dei har fått med seg fredagens prishopp.
– Eg hadde høyrt at det skulle vere ei auke i pris, men eg tenkte vel ikkje over det då me handla. Ein må jo uansett ha mat, fortel Vemund Danielsen (25).
Sjølv om dei to andre skodespelarane ikkje har fått med seg prisendringa, er dei opptatt av å vere medvitne på sluttsummen på kassalappen.
– Om noko går opp med ein tredjedel, er det veldig mykje. Om klede er på 30 prosent tilbod, gjer jo det noko med kjøpelysta, seier Amanda (25).
Amanda, Mats og Vemund på handletur den 1. juli. – Ein må jo uansett ha mat, seier Vemund.
Foto: Mathias Moene Rød / NRK– Me lover at me gjer det me kan for at auken skal vera så liten som mogleg, og me forventar at leverandørane våre gjer det same, svarar kommunikasjonssjef i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin.
Daglegvarebransjen er under sterkt press. Rekordhøge prisar på straum, gjødsel og drivstoff bidrog til eit rekordstort jordbruksoppgjer der 1,5 milliardar kronar blir tatt ut i auka prisar.
Det gir blant anna utslag i prisen på norske korn-, meieri-, kjøt- og grøntprodukt.
Mjølk er ei av basisvarene som me no må ut med meir for.
Foto: Mathias Moene Rød / NRKOgså importvarer har og vil bli dyrare av same grunn, seier Dag Fagerlid. Han har lang fartstid som rådgjevar i bransjen.
– Situasjonen er ein perfekt storm, seier daglegvareeksperten.
I denne stormen er ei mykje brukt råvare som kveite sentral. I mai nådde den internasjonale prisen eit historisk toppunkt. Både Europa og Nord-Amerika er ramma av tørke, medan krigen i Ukraina har ført til at over 20 millionar tonn kveite ligg fastlåst i ukrainske hamner.
Daglegvareekspert Erik Fagerlid trur prisstigingane i desse tider vil kunne auka forskjellane i landet.
Foto: Line Tomter / NRK– Russland og Ukraina si betyding for verdsproduksjonen har vist seg å vere veldig stor, seier Fagerlid om landa som produserer ein fjerdedel av kveita i verda.
Uår i land med stor kaffiproduksjon gjer at prisane på nasjonaldrikka er høgare enn på lenge. I likskap med dei fleste andre daglegvarer speler også dei auka transportkostnadane inn på prisen.
Pandemien gjorde at transportkapasiteten blei redusert, og enno har ikkje dette nådd tidlegare nivå.
Det dårlege forholdet mellom Vesten og energistormakta Russland har ytterlegare bidratt til dei allereie høge olje og gassprisane, og igjen dyr transport av varer.
– Kostnadar knytt til matemballasje driv prisane opp i desse tider, seier Fagerlid, og viser til petroleumsproduktet plast.
Under pandemien fekk dei tre daglegvarekjedene ein kraftig omsetningsauke etter eit par år med nullvekst. Likevel trur han at bransjen kjem til å skyva over ein betydeleg del av byrda over på oss kundar. Rema seier det ikkje er til å unngå.
– Den absolutt største delen av våre kostnadar er varekostnaden, så når leverandørane aukar prisen vil det også påverka det kunden betaler, svarar pressetalsperson i Rema 1000, Hege Rognlien.
– Det burde ikkje komma som ei overrasking at ein driv butikk for å tena mest mogleg pengar, men med det prispresset dei opplever, så vil dei ha veldig fokus på kva priser kundane vil tolerera, seier Fagerlid.
– Dei lever av høge marknadsandelar og stort volum, og toler derfor ikkje å vere markant dyrare enn sine konkurrentar over tid. Det er ein vrien strategisk situasjon for dei, legg han til.
Fagerlid trur også at situasjonen kan bli vanskeleg for dei som allereie slit med andre auka levekostnadar.
– Prisveksten i daglegvara har tradisjonelt vore på 3 til 4 prosent i året, men i år snakkar me ganske sikkert tosifra, seier han.
Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen, seier prisutviklinga framover er svært lite føreseieleg.
Ifølge ei undersøking gjort av YouGov i juni er 1,8 millionar nordmenn bekymra for at matvareprisane vil auka så mykje at dei må legga om matvanane sine.
Til dei har økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, nokon tips som kan letta på økonomien.
Økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, seier ein kan gjera grep for å møta dei stigande daglegvareprisane.
Foto: Ole Kaland / NRK- Sjekk appen Mattilbud, som har oversikt over alle tilboda hos alle kjedene. Dei aller fleste butikkar har også eigne kjøleskap med snart utgåtte varer. Det er alltid mitt første stopp når eg handlar.
- Har butikken ferskvaredisk er måndag morgon eit bra tidspunkt for det aller beste utvalet. Man må aldri tenke at det er flaut, snarare tvert om – ein skal vera stolt av at ein er flink til å finna mat på tilbod!
- Eit anna bra tips er å droppa ferdige varer og miksar. Kva skal ein med ein dyr pannekakemiks når ein kan bruka mjøl, egg og mjølk? Ferdige pizzabotnar kan kosta ti gongar så mykje i butikken, enn å laga dei heime. Det same gjeld kaker og bollar. Ikkje går det spesielt mykje raskare heller