– Eg drikk kaffi så å seie kvar dag, seier student Rakel Kydland over ei rykande fersk kopp kaffi på Bokkafeen på Universitetet i Stavanger.
Det er ho på ingen måte aleine om.
Noreg er i verdstoppen når det gjeld kaffiforbruk i forhold til folketalet, berre slått av Finland.
DYRARE BØNNER, DYRARE KOPP: Prisauken på kaffibønner har gjort kaffikoppane våre dyrare.
Foto: colourbox.comGloheit kaffimarknad
Utfordringa for oss kaffielskarar nordpå er at prisen på råvara har dobla seg det siste året. Onsdag var kursen 2,5225 amerikanske dollar per pund.
Slike prisar har ein ikkje sett sidan 2011.
– Det er kaotiske tider i kaffimarknaden, seier Bjørn Grydeland i Norsk kaffeinformasjon.
BRANSJEREPRESENTANT: Bjørn Grydeland i Norsk kaffeinformasjon melder om kaotiske tilstandar i kaffimarknaden.
Foto: Norsk kaffeinformasjonHan er kommunikasjonsansvarleg i det som er ein fellesorganisasjon for verksemder som arbeider med kaffi. Dei organiserer selskapa bak kjente merkevarer som Ali, Kjeldsberg og Friele. Desse lar konsumentane bera ein del av byrda, fortel Grydeland.
– Eksempelvis vil ein pose kaffi som kosta 25 kronar på butikken no kosta 30 kronar.
Men kaffi skal ein ha
Kydland har ikkje lagt merke til prisauken i butikkane ennå.
– Kaffi er liksom noko ein berre skal ha, så akkurat dei prisane sjekkar eg ikkje, fortel ho.
Det er gjengs, ifølge Grydeland. Norsk kaffeinformasjon har følgt nordmenn sitt kaffikonsum i over 50 år og ser at produktet ikkje er særleg prissensitivt.
– Det er ei vare me nordmenn unner oss, så det skal meir til for at etterspurnaden skal falla, seier han.
Men studentar har eit strammare budsjett enn folk flest, og snart kan dei venta seg dyrare brygg på universitetet. Leiar for kafeane på UiS, Thomas Hoøy, fortel nemleg at også deira innkjøpsprisar har auka drastisk. Spesielt det siste året.
SET OPP PRISEN: Leiar for SiS Kafé, Thomas Hoøy, seier dei har prøvd å skåna studentane, men prispresset er no for høgt.
Foto: Studentsamskipnaden i Stavanger– Me veit at kaffi er eit viktig produkt for studentane, så me har ikkje auka prisen på fem år. Men slik det ser ut nå, går det mot eit prishopp neste skoleår.
Det passar dårleg for student Niklas Nystrøm.
– Eg er jo kaffiavhengig, humrar han.
Prisane vil halda seg høge, og godt er det
Frå Grydeland får ikkje Nystrøm godt nytt. Kaffiprisen vil halda fram med å vere høg.
For i Brasil, som er den største kaffiprodusenten i verda og landet me importerer mest frå, er stoda dårleg. Kaffiproduksjonen der er ramma av frost og tørke.
– Og sjølv om dei plantar mange kaffitre, så vil det ta tre-fire år før dei ber frukt, seier han.
Vidare viser han til høge prisar på kunstgjødsel, frakt, arbeidskraft og drivstoff som årsaker til prisauken.
Men Grydeland er klar på at prisen har vore kunstig låg i lang tid, og at det var på tide at kaffibøndene fekk betre betalt for produktet sitt.
MIGRANTLEIR: Låge kaffiprisar er ein av årsakene til dei store migrantleirane på grensa mellom USA og Mexico.
Foto: Inger Marit Kolstadbråten / NRK– Mange stader har dei ikkje hatt levelønn, så på lengre sikt er dette eit insentiv til meir produksjon.
– Dei låge prisane har blant anna ført til at mange bønder i Latin-Amerika har lagt ned og migrert nordover i håp om eit betre liv, legg han til.
Det er dei kaffiglade studentane villige til å punga ut meir for å hindra.
– Men det skal ikkje kaffiselskapa tena på, seier dei.
KAFFIGLEDE: Studentane betalar gjerne meir viss det betyr at kaffibøndene får glede av det.
Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK