Hopp til innhold

Med denne kan du teste deg for HPV sjølv

Heimetesting for HPV kan vere med på å redusere livmorhalskreft i Noreg. 190.000 kvinner har ikkje sjekka seg på ti år eller meir.

Vattpinnen, ikkje ulik ein koronatest, kan påvise HPV-virus.

HEIMETEST: Denne vattpinnen, som minner om ein koronatest, kan fortelje deg om du har HPV-virus.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– HPV er den absolutt viktigaste årsaka til livmorhalskreft. Det er heilt essensielt at vi fangar opp dette, seier Christina Stangeland Fredheim.

Ho er fastlege ved Haugerud legesenter i Oslo, og ein av dei som så langt har delt ut HPV heimetestar.

Prosjektleder for HPV hjemmetest, Hilde Kristin Underthun (t.v.) og fastlege Christina Stangeland Fredheim.

Prosjektleiar Hilde Kristin Underthun (til venstre) og fastlege Christina Stangeland Fredheim.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Prosjektet vert starta av Livmorhalsprogrammet, som eit tilbod til dei kvinnene som har utfordringar med å teste seg hos legen.

– Om vi med denne heimetesten får fleire til å teste seg, så håper vi å redusere tal på livmorhalskreft i Noreg, seier Hilde Kristin Underthun, prosjektleiar for HPV heimetest.

Sjølve testen kjøm i eit testrør.

Sjølve testen kjem i eit testrør.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK
Dei nye HPV heimetestane kjem i ein papirkonvolutt du kan hente hos fastlegen.

Ein slik papirkonvolutt inneheld det du treng for å teste deg for HPV sjølv.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK
Denne lille vattpinnen kan fortelle deg om du har HPV.

Denne vattpinnen, ikkje ulik ein koronatest, kan påvise HPV-virus.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK
Eit informasjonsskriv med illustrasjonar viser korleis du tar heimetesten riktig.

Slik tar du heimetesten.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Vanleg livmorhalsprøve framleis best

Både Underthun og Fredheim fortel at dei først og fremst ønskjer at kvinner skal ta ei gynekologisk undersøking slik at dei også har moglegheit til å spørje om andre ting.

– Det kan vere enkle ting som kløe eller andre underlivsplager, som mange kanskje ikkje hadde bestilt ein time for, seier Fredheim og legg til:

– Om du tar prøva hos legen og HPV vert påvist, kan prøva sjekkast for celleforandringar. Får du positiv heimetest, må du ta ei ny undersøking for å sjekke for celleforandringar.

Denne undersøkinga takast hos fastlege eller gynekolog.

Julia Dorthea Holme

Julie Dorthea Holme fyllar 25 år i år, og har fått si fyrste innkalling til livmorhalsprøve. – Eg har utsatt det sidan eg fekk beskjeden. Men heimetesting gjer det jo veldig mykje lettare, seier ho.

Lucy Rojas Salevik

– Mange synest kanskje det er ubehageleg, den testen er jo ikkje noko hyggeleg å ta. Samstundes er det viktig å besøke gynekologen, for det kan vere andre ting som kan gå umerka elles, seier Lucy Rojas Salevik.

Annika Birkeland Dedekam.

Annika Birkeland Dedekam seier ho synest heimetesting er eit bra tilbod: – Det er jo viktig å testa seg for HPV med tanke på livmorhalskreft. Likar det, støttar det.

Greta Thuen

– Det må vere eit godt tilbod til dei som ikkje kjem seg til legen for å ta prøva på vanleg vis, seier Greta Thuen om heimetestane.

Tre av ti sjekkar seg ikkje

I Noreg får over 300 kvinner livmorhalskreft kvart år. Mellom 70 og 90 døyr av sjukdommen.

– Tre av ti kvinner tar ikkje livmorhalsprøva som anbefalt av oss, seier Underthun.

Desse får oftare påvist livmorhalskreft enn dei som følgjer screeningprogrammet.

Heimetestane er eit tilbod til dei som av psykiske, fysiske eller kulturelle grunnar har vanskeleg for å ta den vanlege livmorhalsprøva.

– Ein kan til dømes ha vore gjennom eit overgrep, eller ein kan ha ei angstliding. Det kan også vere somatiske eller kroppslege grunnar, at ein kanskje har vanskeleg med å komme opp i ein gynekologisk stol, seier Fredheim.

Ho peiker på at det også kan skuldast kulturelle grunnar.

 – Det har vore positive tilbakemeldingar, seier fastlege Christina Stangeland Fredheim, som har delt ut heimetester til fleire kvinner.

– Det har vore positive tilbakemeldingar, seier fastlege Christina Stangeland Fredheim, som har delt ut heimetestar til fleire kvinner.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– Her på senteret har vi ganske mange kvinner med minoritetsbakgrunn, som kanskje ikkje har vore vande med eit livmorhals-screeningprogram i sitt opphavsland.

Kan utrydde kreftforma

Ei undersøking frå Kreftforeningen viser at knapt ein av tre veit om samanhengen mellom HPV-virus og livmorhalskreft.

– Dei fleste får ein gong i løpet av livet ein HPV-infeksjon, så det er veldig, veldig vanleg. Det finst jo mange ulike typar HPV-virus. Dei fleste går over av seg sjølv og treng ikkje behandling, seier Fredheim.

Nokon vedvarande HPV-infeksjonar kan likevel utvikle celleforandringar og bidra til å utvikle livmorhalskreft.

Forskarar meiner vi kan utrydde kreftforma i Noreg i løpet av ti år, men da trengs fleire tiltak enn i dag. Fredheim håper HPV heimetesten kan vere med på å gjere dette til realitet.

NRK har lagt inn at forskarar meiner det trengs fleire tiltak enn i dag, dersom kreftforma skal utryddast innan ti år. I den opphavlege utgåva var ikkje dette presisert.

Skal bli nasjonalt

"Spør meg om livmorhalsprøve". Livmorhalsprogrammet har siden 1995 jobbet for å redusere forekomst og dødelighet av livmorhalskreft gjennom screening.

«Spør meg om livmorhalsprøve». Livmorhalsprogrammet har sidan 1995 jobba for å redusere førekomst og dødelegheit av livmorhalskreft gjennom screening.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Prosjektleiar Underthun fortel at dei i haust har hatt ei uttesting hos fastlegar som er tilknytt AHUS.

Omkring 900 fastlegar, fordelt på 220 legekontor, har fått heimetesten.

– Det har vore såpass vellukka at vi håper og planleggjar no å gå ut til alle fastlegar i resten av Noreg, i løpet av 2024. Vi planleggjar også å sende testen til alle kvinner som ikkje har testa seg på ti år eller meir, seier Underthun.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger