Hopp til innhold

Holzweiler-gründer: – Trur eg aldri har opplevd ei større usikkerheit i bransjen

Nordmenn styrer no i større grad unna dyre merkevarer, ifølgje varehandelsekspert. – I Noreg er konsumentane meir prissensitive enn dei har vore før, seier Andreas Holzweiler.

Andreas Holzweiler, gründer og daglig leder i Holzweiler. På hovedkontoret på Lysaker utenfor Oslo.

STAGNASJON: Andreas Holzweiler seier han ikkje har opplevd liknande krise som bransjen no står i, med høge prisar og stagnasjon i den økonomiske veksten.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Dei mange rentehevingane og den svake kronekursen pregar no bransje etter bransje.

– Det var som om nokon skrudde på ein brytar, vi merka med ein gong at det var ei endring i konsumentane, seier Andreas Holzweiler, dagleg leiar og gründer i det norske klesmerket med same namn.

Han snakkar om tidspunktet då rentene verkeleg begynte å stige tidleg på hausten i 2022.

Sjølv om klesbransjen samla sett opplever vekst inn i det nye året, ser ein no at fleire av dei som lager og sel varer i «mellomluksus»-segmentet er påverka sterkt.

– I Noreg er konsumentane meir prissensitive enn dei har vore før, seier Holzweiler.

Andreas Holzweiler, gründer og daglig leder i Holzweiler. På hovedkontoret på Lysaker utenfor Oslo.

PÅ TOPP: Holzweiler opplever at ein må ha ein skikkeleg god kolleksjon for å lukkast i marknaden i dag.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Han omtaler tida bransjen no er inne i som ei langdryg krise.

– Eg trur eg aldri har opplevd ei større usikkerheit i bransjen enn eg gjer no, seier han.

– Ikkje overraskande

I februar vart det kjent at klesbutikkane Tatler i Oslo, som sel merkevarer som blant anna Michael Kors og Parajumpers, er i alvorlege økonomiske problem. Selskapet forhandlar no med kreditorar, i håp om å unngå konkurs, ifølge rettsdokument frå Oslo tingrett.

Også Høyer, som under pandemien opna fleire nye butikkar, har sett fem butikkeigarar melde oppbod og ein butikk slått konkurs det siste halvåret.

– Vi ser no ein forsterka tendens kor folk prøver å finne billegare alternativ. Når vi ser ei forverring av folk sin økonomiske situasjon er det ikkje overraskande at dei rømmer frå dette segmentet, seier Robert Mueller, varehandelsekspert og partnar i Varde Hartmark.

Mueller forklarer at «mellomluksus»-segmentet voks raskt under pandemien, då renta var lav, mange hadde litt ekstra å rutte med og det var færre reiser og opplevingar å bruke pengar på.

Reidar Mueller, varehandelsekspert og partner i Varde Hartmark.

KORREKSJON: Varehandelsekspert Reidar Mueller meiner det vi no ser er ein korreksjon i marknaden.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Dette segmentet hadde i åra 2018–2022 ein årleg vekst på nærare 12 prosent, høgt over snittet for den samla klesbransjen, som hadde ein årleg vekst på 5,9 prosent, ifølgje Mueller.

Kontinuerleg sal

Under oppturen bestilte butikkar og merkevarer inn haugevis med plagg, som dei no når ting har snudd, strever med å tene pengar på.

– No er det nesten kontinuerleg sal og tilbod, og størrelsen på rabattane er større. Til kundane sin gevinst, seier Mueller.

Ørnulf Høyer, klesgründer og sjef i Høyer Gruppen, stadfestar utfordringane.

Hovudårsaka er ganske riktig ein svakare økonomi generelt blant forbrukarane, kopla opp mot at butikkane har hatt for store varelager, skriv Høyer i ein e-post.

– Ei kjempeutfordring

Holzweiler opplever at kundane er mykje meir forsiktige og kjøper mindre på førehandsordre. Men på eigne kanalar og i eigne butikkar opplever dei, ifølgje Holzweiler, ein overraskande sterk vekst.

– Men ein må ha ein skikkeleg god kolleksjon no for å lukkast, seier Holzweiler

Holzweiler forklarer at dei i gjekk på eit stort valutatap i 2023, som følge av kronesvekkinga.

– Vår kostnadsbase er 70–80 prosent i dollar eller euro, medan store deler av inntektene kjem i kroner. Og du kan ikkje kompensere for dette med dyrare priser til konsumenten, fordi dei er ikkje villige til å betale for det. Så vi må berre stå i det og håpe det snur, seier Holzweiler.

Han forklarer at det går på marginane laust.

– I Noreg er dei 10–15 prosent lågare enn dei burde ha vore. Det er ei kjempeutfordring.

Trass i krisa bransjen no står i, har Holzweiler foten på gasspedalen. Dei arbeider for fullt med å ekspandere enda meir til utlandet – også for å kompensere for den svake kronekursen.

– I utlandet oppfattast prisane våre som bra. Og så er det viktig for oss å få omsetning i andre valutaer, og tene pengar den vegen, forklarer han.

Trur på ny EU-debatt

No håper han den norske krona vil styrke seg.

– Men kanskje ein berre må innsjå at dette er den nye normalen. Det er sikkert ikkje lenge før EU-diskusjonen startar igjen, med rette, tenker eg, seier Holzweiler.

– Er ein styrka kronekurs den viktigaste endringa for Holzweiler?

– Kronekursen er eit element, men det viktigaste er kanskje å gjere noko for at konsumenten ikkje skal vere så skvist. Det har blitt tøffare for absolutt alle, og i alle fall dei regjeringa ville det skulle bli lettare for.

Andreas Holzweiler, gründer og daglig leder i Holzweiler. På hovedkontoret på Lysaker utenfor Oslo.

EU-debatt: Andreas Holzweiler trur den svake kronekursen kan tvinge fram ein ny EU-debatt.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Men eg byrjar å sjå ei betring, og at ting er på veg opp. Så no håper eg det blir lettingar på rentebanene. Og så må kanskje verda berre bli ein litt finare stad med alt som skjer om dagen, det påverkar alt, seier Holzweiler.

AKTUELT NÅ