– Dei som veks opp i dag veks opp i eit fargerikt fellesskap. Det var meir framandfrykt før, og dagens ungdom generaliserer ikkje på same måte som før. Den framandfrykta som finst i dag er gjerne blant eldre menneske.
Det seier ekstremistforskar Tore Bjørgo, som leiar C-REX, Senter for ekstremismeforskning. Han er ein av dei som står bak rapporten «Høyreekstremisme i Norge: Utviklingstrekk, konspirasjonsteorier og forebyggingsstrategier».
Frå gata til data
Gjennom 30 år har Bjørgo følgt det høgreekstreme miljøet, og i tillegg til alder på dei involverte har han også sett ei anna tydeleg utvikling: Miljøet har flytta seg frå gata til data.
- LES OGSÅ:
– Problemet har endra seg. Dataaktiviteten gjer det lettare for folk å finne meiningsfeller, og det oppstår ekkokammer. Det blir færre valdelege konfrontasjonar, men meir hatefulle ytringar av slikt, seier Bjørgo.
Frykt blant politikarar
Tore Bjørgo ser på høgreekstremismen på internett som eit demokratisk problem.
– Me gjorde nettopp ein studie blant stortingspolitikarar. 40 prosent av toppolitikarane har fått alvorlege trugslar, og rundt ti prosent vurderer å trekke seg frå politikken. Mens andre seier dei ikkje involverer seg i kontroversielle tema fordi dei er redde for konsekvensane. Me ser også mykje hat retta mot ungdomspolitikarar. Alt dette er eit problem for demokratiet, seier Bjørgo.
- LES OGSÅ:
Rapporten som vert lansert i dag kjem etter ein initiativ frå Justis- og beredskapsedepertementet som ville ha meir og ferskare informasjon om miljøet etter terrorangrepa 22. juli. Den tek også for seg konspirasjonsteoriar, noko som var det som motiverte gjerningsmannen bak angrepa i Regjeringskvartalet og på Utøya.
– Det er mange i dei ekstreme miljøa som trur på konspirasjonsteorien om eit Eurabia – at muslimar og politikarar i Vesten samarbeide om ein islamistisk maktovertaking i Europa. Dette er ikkje fullstendige teoriar, men meir hatprat. I verste fall kan slike konspirasjonsteoriar bikke over i ekstremisme, slik Anders Behring Breivik gjorde 22. juli, seier Bjørgo.
- LES OGSÅ:
– Må stanse muslimhat
Bjørgo fortel om den same utviklinga ute i Europa – at talet på ekstremistar er på veg ned, at dei er stadig eldre, og at dei har flytta seg over frå gata til data.
– Det er ein tydeleg nedadgåande tendens. Miljøet hadde ein topp på byrjinga av 90-talet, og det var kanskje ei lita auke i høgreekstremisme rundt den såkalla flyktningkrisa, særskild i Tyskland. Men hovudtendensen har gått ned, fortel Bjørgo.
- LES OGSÅ:
Forskaren etterlyser ein handlingsplan mot islamofobi, slik det allereie finst mot antisemittisme. Han meiner Noreg er flinke til å slå ned på jødehat, men at ein ikkje er like flink til å slå ned på muslimhat.
– Me ser at slikt hat kan føre til radikalisering blant muslimar som føler seg utstøytte og hata. Det kan i verste fall bidra til ekstremisme. Det kan også bidra til å skape ei generell kjensle av å ikkje høyre til i samfunnet, seier Bjørgo som likevel understreker at integreringa i all hovudsak fungerer bra.