Hopp til innhold

Høgre vil reforhandle eigen rusreform med regjeringa

Høgre vil ha omkamp for sin tapte rusreform, og seier dei er villige til å inngå kompromiss med Støre-regjeringa. Det er Ap ikkje interessert i.

Høgre-politikarane Sveinung Stensland og Sandra Bruflot.

Høgre-politikarane Sveinung Stensland og Sandra Bruflot ber statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om å rydde opp i hjelpemangel og jussforvirring i dagens ruspolitikk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Problemet er at ein har avkriminalisert, men det er ingen oppfølging. Så målet er å få på plass ein rusreform der ein går frå straff til hjelp.

Det seier Høgre-politikar Sandra Bruflot. Partiet hennar prøver no å redde rusreforma som blei stemt ned på Stortinget i fjor.

– Dette er ein vanskeleg situasjon for alle. Ikkje minst for politiet, men også for brukarar som ikkje har noko å forhalde seg til. Det er bortimot eit lovtomt rom, seier Sveinung Stensland (H) i justiskomiteen.

Rusavhengige Morten, som NRK møter i Storgata i Oslo, seier det er stor forvirring rundt kva som faktisk er straffbart slik situasjonen er i dag.

– Det er ikkje noko bra med straffeopplegget. Det er ingen som får noko ut av straff. Det hjelper ingen, seier han.

En mann setter en sprøye heroin inn i armen sin i Ljubljana, Slovenia.

Høgre understrekar at dei ikkje avkriminaliserte narkotika. – Men dei skulle få ei anna oppfølging, seier Stensland.

Foto: Stringer / Reuters

Frå straff til hjelp

I Stortinget i fjor var Arbeidarpartiet med på å stemme ned Solberg-regjeringa sitt forslag til rusreform, sjølv om det var stortingsfleirtal for hovudprinsippet: Narkotikapolitikken må bli endra til å først og fremst handle om helsehjelp, og ikkje straff.

Etter dette har Høgsterett sagt at det ikkje er straffbart for rusavhengige å ha inntil 5 gram narkotika til eige bruk. Inntil 10 gram skal berre føre til ein kort vilkårsbunden fengselsstraff.

Høgsterett har letta på narkoreglane – Vil føre til endringar for politiet

En mann røyker heroin i et inhaleringsrom i Oslo.

Dette har endra kvardagen, seier Anita Vårvik, som går på heroinassistert behandling.

– Eg har merka at folk har blitt hakket tryggare på politiet også. Dei spring ikkje når politiet kjem.

Har det no på ein måte blitt fritt fram?

– Det er ingen som føler seg trygge på at det er fritt fram. Vi veit jo ikkje kva som er lov.

Den politiske forvirringa etter Stortinget sitt nei må løysast raskt, seier Stensland i Høgre. Ap har sagt at dei vil legge fram sitt forslag til ei rusreform i 2023, men det er for lenge å vente, meiner han.

– Vi er villige til å sjå på dette på nytt, og inviterer regjeringa med på ei ny forhandling rundt rusreforma.

Høgre-politikarane Sveinung Stensland og Sandra Bruflot.

Dei som stemte ned rusreforma har no sørga for «den mest liberale narkotikapolitikken vi nokon gong har hatt i Noreg», meiner Sandra Bruflot og Sveinung Stensland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tre tiltak

Partiet hans foreslår tre tiltak som dei håper kan få regjeringa til å godta rusreform-forslaget.

Det første er å redusere grensa for kor mykje narkotika ein kan ha på seg utan å bli straffa.

– Vi kan vere med å diskutere terskelverdiane, seier Stensland.

Det andre er å auke talet på pliktige oppfølgingsmøte for rusavhengige. Og for det tredje, å styrke kommunane sitt rusførebyggande samarbeid med politiet.

– Vi vil gjere det obligatorisk, og på den måten styrke politiets førebyggingsarbeid, spesielt retta mot unge.

– Kva er dykkar kompromissforslag?

– Vi legg til grunn prinsippa i rusreforma, også ser vi at vi kan bevege oss i retning av det Arbeidarpartiet ønsker, og då vil vi gjerne peike på løysingar som får dei til bordet.

Kan ikkje spele vidare på eigen plan

Ellen Rønning-Arnesen (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet seier nei takk til Høgre si utstrekte hand.

Ellen Rønning-Arnesen.

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet seier Ap vil legge fram ein meir heilskapleg rusreform enn den Høgre-regjeringa la fram.

Foto: Esten Borgos / Borgos Foto AS

– Det er litt prematurt å kome med kompromissforslag no. No er det slik at vi har varsla at vi skal legge fram ein førebygging- og behandlingsreform i 2023. Eg håper då at dei kan vere ein konstruktiv opposisjon når planen blir lagt fram, og ikkje berre spele vidare på det som er deira eigen plan, som faktisk ikkje fekk fleirtal i fjor.

– Kva med argumentet om at det no nærmast er eit rettsvakuum?

– Eit vakuum tenker eg ikkje at det er. Vi er også opptatt av at politiet skal ha gode verkemiddel i møte med brukarane, og det jobbar vi no også med å få innretta.

Vil forhandle – i 2023

Per-Willy Amundsen (Frp) meiner politiet må kunne ha høve til å ransake dei med brukardosar, noko riksadvokaten i april slo fast at politiet ikkje skal gjere.

– Politiet er dårlegare rusta til å kjempe mot kriminalitet. Det er svært alvorleg.

Nestleiar i helsekomiteen, Cecilie Myrseth (Ap), meiner Høgre i det store og heile bør legge frå seg den gamle rusreforma.

– Når eg no høyre på Høgre, så høyre det ut som at vi no skal gå inn i forhandlingar om Solberg-regjeringa sin rusreform, som to gongar har fått eit kraftig fleirtal mot seg i Stortinget.

Cecilie Myrseth

Avkriminalisering av brukardosar kjem ikkje til å skje, lovar Cecilie Myrseth (Ap) i helsekomiteen.

Foto: Pål Hansen / NRK

Myrseth seier fleirtalet som er imot avkriminalisering av brukardosar, som Høgre foreslo, har blitt større etter valet. Men dei kan vere villige til å forhandle med Høgre når Ap legg fram sin versjon av rusreforma neste år.

Bruflot i Høgre seier ho ikkje er overraska over Aps manglande forhandlingsvilje.

– Det er jo mogleg å kome med forslag tilbake også, vi er konstruktive vi altså. Men det er framleis ikkje avklart frå Høgsterett eller andre kven som er avhengige, eller kva som er til eige bruk.

Les også Frp og KrF krever at politiet skal få ransake folk de mistenker har narkotika

Anita Vårvik på Stortorget i Oslo

AKTUELT NÅ