Hopp til innhold

Høgre klart fram – men vennane skapar trøbbel for Solberg

Statsminister Solberg og Høgre går fram igjen, viser målinga for NRK og Aftenposten. Likevel går det mot regjeringsskifte. Høgres allierte gjer det for svakt.

Erna Solberg markerte i dag at det første av dei nye redningshelikoptra blir sett i drift. NRKs september-måling viser at partia på høgresida også treng ein redningsoperasjon om det skal bli regjeringsmakt på ny.

REDNING: Erna Solberg framfor det første av dei nye redningshelikoptra som blir sett i drift. Partia på høgresida treng også ein redningsoperasjon om det skal bli Høgre-regjering etter valet 2021.

– Eg tenker dette er ein respons på at landet har vore godt leia i ein vanskeleg periode, seier Erna Solberg til NRK.

Når ho fokuserer på Høgres resultat og hennar eige resultat i statsministermålinga kan ho gjerne smile. Dei tala er fine. Men det sikrar henne ikkje ein ny periode som statsminister.

Slik er nemleg det uoversiktlege bildet i september-målinga:

  • Høgre går fram og er landets klart største parti med 28,3%.
  • Dobbelt så mange svarar Erna Solberg (55,3%) som Jonas Gahr Støre (27,2%) på spørsmål om kven som er best skikka til å vere statsminister.
  • Ernas problem: Trass ein liten Venstre-framgang er entusiasmen for regjeringspartia Venstre og KrF ørliten. Frp er også svekka.
  • Partia i førre regjering (Ap-SV-Sp) har nesten fleirtal åleine.
  • Dei raude og grøne opposisjonspartia (Ap-SV-Sp-MDG-R) har styrka seg sidan førre val og har solid fleirtal med 93 mandat.

Høgres vennar

Erna Solberg har vore statsminister sidan 2013. Ein ting er sikkert: Skal ho vinne ein tredje regjeringsperiode, må ho få regjeringespartnarane Venstre og KrF over sperregrensa på fire prosent. Parti som har over fire prosent på landsbasis i valet får fleire representantar (såkalla utjamningsmandat). Det er litt lysning for Venstre. Men KrF ser 2-talet.

Partibarometer september 2020

Periode 24/8–31/8. 944 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,4 pp.
R
3,8 %
+0,0
SV
8,1 %
+1,3
AP
24,0 %
−0,2
SP
12,2 %
−1,6
MDG
4,1 %
−0,6
KRF
2,8 %
−1,3
V
3,4 %
+0,6
H
28,3 %
+3,6
FRP
11,4 %
−1,6
Andre
1,8 %
−0,4
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Høgres framgang er den einaste framgangen i målinga som er utanfor feilmarginen, det betyr at det statistisk sett er sikkert at Høgre faktisk aukar oppslutninga. Går vi tilbake til målinga i mars, rett før viruskrisa nådde landet, hadde Høgre 19,9 prosent oppslutnad. No har partiet 28,3.

– Eg tenker at når valkampen spissar seg til og Venstre har hatt sitt landsmøte og valt ny leiing, så vil både Venstre og KrF løfte seg. Men vi får ikkje ei ny borgarleg regjering utan at alle dei fire partia på borgarleg side gjer det bra. Både Venstre, KrF og Frp må mobilisere sine veljarar, vedgår Solberg i intervju med NRK.

Om denne målinga var val, ville KrF og Venstre berre få inn nokre få mandat frå fylke der dei står sterkt. KrF ville fått eitt mandat frå Rogaland. Venstre ville fått to - eitt frå Oslo og eitt frå Akershus.

Venstre-håp

– Det er definitivt eit mål å klare sperregrensa på fire prosent, og då er det positivt at vi no ser framgang, seier ho som etter alt å døme blir valt til partileiar på Venstre-landsmøtet i slutten av september, Guri Melby.

Partiet noterer ein svak framgang frå 2,8 til 3,4.

Guri Melby blir truleg valt til Venstre-leiar i september. No ser ho håp i NRKs meiningsmåling, men partiet ligg fortsatt under fire prosent.

HÅP: Guri Melby blir truleg valt til Venstre-leiar i september. No ser ho håp i NRKs meiningsmåling, men partiet ligg fortsatt under fire prosent.

– Vi har også fått fleire betalande medlemmar fleire stader, eg håpar vi no har eit veldig godt utgangspunkt for vekst og at vi kjem over sperregrensa neste gong, seier ho.

No er det fint mogleg å styre landet med ei regjering utan at regjeringspartia har fleirtal i Stortinget. Også i dag leiar Erna Solberg ei mindretalsregjering, dei tre partia har berre 61 mandat på Stortinget.

Men i denne målinga har regjeringspartia berre 55 mandat til saman, og støtte frå 34,5 prosent av veljarane.

Det avgjerande i den politiske situasjonen i dag er at Frp vil ha Solberg som statsminister framfor Støre, og at regjeringspartia og Frp til saman har fleirtal. I førre val fekk dei fire partia 88 representantar på Stortinget. 85 gir fleirtal. Dersom dagens måling var val, ville dei fire partia på høgresida fått inn berre 76 representantar.

Ikkje ein gong om ei MDG-gruppe på 8 representantar peika på Erna Solberg, ville ho hatt fleirtal. Sjølv om veljarane har tillit til henne som statsminister.

Påtroppande Venstre-leiar Melby ser likevel eit håp for både Venstre og Erna Solbergs allianse. Partiet går fram frå 2,8 til 3,4 prosent oppslutnad. Ho trur det er bra at partiet no er i ferd med å legge leiarstriden bak seg.

– Ein Melby-effekt?

– Eg trur ikkje eg skal ta altfor mykje ære av dette, men eg trur det er ein effekt av at veljarane opplever at det er blitt ro i partiet og tenker at no kan vi ha fokus på politikken. Så tenker dei at Venstres politikk på klima, skule og arbeidsplassar er noko dei vil ha.

Mandatfordeling

Slik ville Stortinget sett ut om denne målinga var val. Samanlikna med stortingsvalet 2017 (dagens storting).

Raudt

2 mandater
1 opp fra 2013

Sosialistisk Venstreparti

15 mandater
4 opp fra 2013

Arbeiderpartiet

45 mandater
4 ned fra 2013

Senterpartiet

23 mandater
4 opp fra 2013

Miljøpartiet De Grønne

8 mandater
7 opp fra 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
7 ned fra 2013

Venstre

2 mandater
6 ned fra 2013

Høyre

52 mandater
7 opp fra 2013

Fremskrittspartiet

21 mandater
6 ned fra 2013
Norstat for NRK og Aftenposten

Men kven skal leike saman?

Sjølv om berre 27,2 prosent meiner Jonas Gahr Støre er best skikka til å vere statsminister, tyder alt på at han ville ha flytta inn på Statsministerens kontor om dagens måling var valresultatet.

Kven han hadde teke med seg inn i regjeringskontora er eit langt mindre avklart spørsmål.

Støre vil ha med seg Senterpartiet og SV i regjering, og vil ikkje i regjering med MDG eller Raudt. Senterparti-leiar Vedum snakkar mest om eit samarbeid mellom Ap og Sp. Mens MDG-leiar Une Bastholm gjennom Klassekampen nyleg foreslo ei Oslo-inspirert regjering samansett av Ap, SV og MDG. Raudt har sagt tydeleg at dei ikkje ser på seg sjølv som regjeringsparti.

I denne målinga er Ap det største partiet på venstresida med 45 representantar, Senterpartiet har 23 og SV 15. Raudt får inn to direktemandat, mens MDG akkurat er over sperregrensa og ville kome inn med åtte representantar.

– Dette viser eit klart fleirtal for skifte, men det er jamt, og Høgre får ein krisebonus, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.

Han seier seg klart misfornøgd med nok ei måling der Ap er under 25 prosent.

– Vi skal høgare, men vi har hatt ting som har teke merksemda bort frå politikk, seier Støre.

Jonas Gahr Støre vil samarbeide med alle parti som vil ha regjeringsskifte.

SKIFTE: Jonas Gahr Støre vil samarbeide med alle parti som vil ha regjeringsskifte.

Målinga der Ap går tilbake med 0,2 prosent er teken opp medan striden om Trond Giske var i ferd med å blusse opp att i Trøndelag, men ein god del av intervjua til Norstat er gjort før årsmøtet laurdag der striden spelte seg ut for opa scene.

– Kven ville du snakka med først om dette var valresultatet, Støre?

– Det får vi sjå når valresultatet ligg der, eg har sagt at Senterpartiet og SV er våre naturlege partnarar i regjering. Men vi vil samarbeide med alle som vil bytte ut Høgre-regjeringa der Frp er støttehjul.

AKTUELT NÅ