Hopp til innhold

Støre avviser å danne regjering med MDG eller Raudt

AP-leiar Jonas Gahr Støre seier at han ikkje har endra oppfatning og at han ikkje vil danne regjering med MDG eller Raudt etter valet neste år.

SWINh82shM

MDG-NEI: Jonas Gahr Støre seier klart nei til å gå i regjering med MDG.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I eit intervju med Klassekampen tysdag seier Støre at det er SV og Sp som er Arbeidarpartiet sine klare samarbeidspartnarar i ei regjering. Han seier klart nei til å danne regjering med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) eller Raudt etter valet i 2021.

– Ap vil utvikle den største næringa vår, MDG vil avvikle ho. Då er det vanskeleg å sitje i regjering saman, seier Støre som siktar til oljeindustrien.

Støre legg til at Raudt er eit parti som fram til no har sagt at dei ikkje ønskjer å sitje i regjering, medan MDG ikkje har vilje seie kva side i politikken dei tilhøyrer. Han seier partia bør gå nokon rundar med seg sjølv før han kan gje meir presise svar på moglege samarbeid i framtida.

Jonas Gahr Støre seier likevel at han ikkje har lukka døra for KrF, sjølv om partiet tok eit klart val om å samarbeide med dei borgarlege partia i fjor.

– Eg har respekt for at KrF har teke sitt val. Skulle dei komme til å revurdere det valet, vil vi sjølvsagt lytte til det, seier han.

Raudt: – Støre må bestemme seg

– Støre må bestemme seg. Enten samarbeider han til høgre for å få så lite endring som mogleg, eller så samarbeider han med Raudt for å ta eit kraftig oppgjer med forskjell-Noreg.

Det seier nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

OqTQEjdtaLM

Nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Ho trur mange veljarar ønskjer seg eit tydelegare skilje mellom den borgarlege og den sosialistiske blokka på Stortinget.

– Eg trur folk flest ønskjer seg ei ny retning for landet, ikkje berre ein ny statsminister, seier ho og utdjupar:

– Då treng vi eit tydeleg brot med den borgarlege regjeringa sin politikk for auka forskjellar, sentralisering og velferdsprofitt.

AKTUELT NÅ