NRK Meny
Normal

Høgare fråvær i grunnskolen enn vidaregåande

22.200 elevar i barne- og ungdomsskulen er vekke frå skulen i ein månad eller meir i året, ifølgje ny undersøking. Marit opplevde at hennar sju år gamle son ikkje ville på skulen.

Ung jente sitter igjen alene i klasserommet. Gjør lekser. Er trøtt

– Fråvær er eit komplekst og samansett område. Ein kan ikkje berre sjå på éin faktor, men fleire, seier Elisabeth Rognli i MentorNord. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Tidlegare har det ikkje vore noko nasjonal oversikt over fråværet i grunnskulen, men no har fagbladet Utdanning utført si eiga undersøking.

Tal frå 32 kommunar syner at 8410 elevar er borte frå grunnskulen i ein månad eller meir i året. På landsbasis svarer dette til 22.200 elevar årleg.

Det betyr at det no er eit høgare fråvær i grunnskulen enn i den vidaregåande skulen.

Ville ikkje gå på skulen

– Etter haustferien i andre klasse, var det bom stopp for han. Det var ikkje det at han berre sette seg på do og hadde vondt i magen og vondt i hovudet lenger. No sa han tydeleg frå om at han ikkje ville på skulen, seier Marit til NRK, som ønskjer å vere anonym.

Det starta med at han ofte måtte på do rett før dei skulle på skulen, og vart sittande lenge. Så lenge at han kom for seint. Den sju år gamle sonen til Marit var heilt borte frå skulen i nesten fire veker.

– Då vi prøvde å få han ut døra, heldt han seg fast i dørkarmen, seier Marit.

– Elevane føler seg gjerne sosialt isolert

Forskar ved Universitet i Stavanger, Trude Havik, er bekymra over kva konsekvensar det høge fråværet får for elevar i grunnskulen.

– Elevane føler seg gjerne sosialt isolert og kanskje einsame etter kvart. Dei går jo glipp av det som skjer i skulegarden og kva andre driv med.

Ho er også uroa over at elevane mister relevant basiskunnskap i dei grunnleggande faga, som norsk og matematikk.

Elisabeth Rognli i MentorNord deler bekymringa til Havik.

– Etter mi erfaring er det ikkje gode nok rutinar i skulen og kommunane for å førebyggje, følgje opp og handtere fråværet.

Elisabeth Bjørnhaug Rognli

Elisabeth Rognli i MentorNord meiner det ikkje er gode nok rutinar i skulen og i kommunane når det kjem til fråvær.

Ifølgje Rognli oppnår ikkje elevane meistringserfaring når dei går glipp av grunnleggjande fag. Då kan det bli ei auke i talet elevar som treng spesialundervisning.

– For enkelte elevar har nok vanskane vore der i utgangspunktet, men dei blir merkbare grunna det høge fråværet.

Fire hovudgrunnar til kvifor elevar er borte frå skulen

– Han vil så gjerne gjere det som er rett og det dei vaksne seier, men det verkar som at han rett og slett ikkje fekk det til, seier Marit.

Den sju år gamle sonen til Marit har ingen diagnose, men han ville ikkje gå på skulen. Før han ikkje lenger ville gå på skulen, hadde familien flytta til ein ny by i Trøndelag.

– Vi tenkte at dette handla om at han hadde skifta miljø og at han frå før kanskje følte at han ikkje meistra skulen godt nok. No seiast det at barn er ganske omstillingsdyktige, men kanskje ikkje alle er det likevel.

Trude Havik

Trude Havik ved Universitetet i Stavanger har skrive doktorgrad om kvifor barn er mykje borte frå skulen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Trude Havik har teke doktorgrad i skulevegring, der ho har snakka med barn på 6.–10. trinn.

Havik si undersøking syner at ein kan dele årsakene til kvifor elevar er borte frå skulen inn i fire hovudgrunnar:

Fekk heimeundervisning

I Trøndelag gav ikkje familien til sjuåringen seg. Dei innførte eit samarbeid med skulen, og fekk hjelp til å få sonen tilbake i klasserommet.

– Lærar eller assistent kom heim til oss og gav han heimeundervisning. Skulen kontakta også andre foreldre og spurte om vi kunne «låne» barna deira.

På denne måten fekk sonen til Marit medelevar i heimeundervisninga.

– Etter dette snudde dei på den slik at sonen vår kom på skulen i kortare periodar. Vidare auka talet timar på skulen gradvis, og no er han der på fulltid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger