Ferguson var det største trekkplasteret på forretningsseminaret Oslo Business Forum torsdag.
Mannen mange ser på som tidenes fotballtrenar ankom konferansen tidleg ettermiddag, men nekta å svare på spørsmål frå media. I tillegg blei frammøtt presse nekta å filme medan Ferguson tala og svara på spørsmål frå TV-programleiar Jan Åge Fjørtoft med ei fortid i engelsk fotball.
NRK erfarer at Ferguson fekk over ein million kroner for å stå på scena i ein knapp time. Her er noko av det han rakk å prate om.
Inspirert av Carlsen og sjakkeliten
Ferguson var innom korleis han hadde skapt suksess, som mellom anna innebar å vere på fornamn med alle tilsette og i tillegg signere, forme og knytte seg til spelarar gjennom tett kontakt med foreldra.
Han meinte at eksplosjonen av fotballagentar hadde øydelagt sjansen for dagens trenarar til å gjøre det same i kontraktsforhandlingar med spelar og foreldre, sidan spelarane no er tettare knytta til agentane enn før.
Den skotske suksesstrenaren ville ikkje snakke om Uniteds dårlege år etter at han ga seg i 2013. Både etterfølgarane Moyes, van Gaal og Mourinho har mislukkast med å ta Englands storklubb tilbake til toppen.
I staden prata han om sin fascinhasjon for Magnus Carlsen, og fortalte at han lot seg inspirere av sjakkspelarane sin konsentrasjon.
– Den norske sjakkspelaren er fantastisk.
– Han og dei andre må halde konsentrasjonen i mange timar. Eg beundrar evna dei har til å gjøre det. Å konsentrere seg gjeld også på treningsfeltet i fotball, men sjakkspelarane sin konsentrasjon er fenomenal, sa Ferguson.
Ba treningsivrig Ronaldo om å slutte
Til inspirasjon for publikum prata han også om Christiano Ronaldos ekstreme treningsiver, som overgjekk det meste han hadde sett i karriera som manager.
– Det var ein gang eg ba han om å slutte å trene. Han terpa og terpa på treningsfeltet. Veret var elendig. Det bøtta ned. Eg sa: «Det er ein viktig kamp i morgon. Du kan gje deg no», sa Ferguson.
– Ronaldo sa «OK», men då eg kom tilbake på kontoret såg eg at han fortsatt stod og terpa på treningsfeltet, la han til.
Ferguson om å bli norsk landslagstrenar
Skotten angrar ikkje på at han pensjonerte seg, og då Fjørtoft hinta om at det var ein ledig jobb i Norges Fotballforbund, konkluderte skotten ganske raskt med kva han skulle unngå den kommande tida:
– Eg har ingen planar om å ta over Norge i alle fall, sa han til latter frå salen.
Truleg meinte han at det ikkje er aktuelt å vende tilbake til trenaryrket i det heile tatt. Kanskje ikkje så rart når han får millionutbetaling for å tale om ei eventyrleg karriere i rundt ein time.