NRK Meny
Normal

Solberg har aldri vore meir populær

Oppslutninga om Erna Solberg som statsminister skyt i vêret på fersk NRK-måling. For første gong meiner over halvparten av befolkninga ho er mest skikka som statsminister.

Borgerlige samtaler

GRUNN TIL Å SMILE: Over halvparten av befolkninga støtter Erna Solberg som statsminister viser ny NRK-måling.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Så hyggeleg, seier statsminister Erna Solberg, i det NRK viser ho at oppslutninga er større enn nokosinne.

Vi møter statsministeren i ei pause mellom møta med samarbeidspartia på Stortinget. Humøret er godt, og nyheita om at 50,2 prosent av befolkninga meiner ho er best eigna til å leie landet, gjer smilet enda breiare.

Dermed er det første gong at Solberg får støtte frå meir enn halvparten av den norske befolkninga.

Statsminister Erna Solberg i møte med KrF, Venstre og FrP.

OPPTUR-ERNA: – Eg er førebudd på tyngre dagar, seier statsminister Erna Solberg (H). Inntil vidare hygger ho seg meg den eine oppturen etter den andre.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det er oppmuntrande å vite at ein har folket i ryggen, seier Solberg.

Ho er likevel førebudd på at det vil kome vanskelegare dagar.

– Ein statsminister må ta vanskelege val og stå for saker som ikkje alle er begeistra for. Då vil oppslutninga gå opp og ned.

– Kva saker kan bli vanskelege for deg framover?

– Det er eit ynskje om å gjere meir enn det vi har økonomisk rom til. Vi har eit behov for å gjennomføre nokre reformer og endringar i samfunnet, og så må vi skape fleire arbeidsplassar.

Ho seier målingane bidreg til sjølvtilliten, men at det skal noko til å miste bakkekontakten.

– Det er nok med folk som brukar kvar dag på å ta meg ned, det er opposisjonen sin jobb, seier Solberg med eit smil.

Støre framleis på veg nedover

Stortingsmøte om konstitueringen.

NEDTUR-JONAS: Dei dårlege målingane for Ap-leiar Jonas Gahr Støre held fram også etter valet.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Er ikkje valet avgjort no, spør ein fleipete Arbeiderparti-leiar på veg inn i møte med partigruppa.

Likevel er målinga alvorleg. Jonas Gahr Støre har aldri vore mindre populær som statsministerkandidat, sidan då han vart valt som partileiar for Arbeiderpartiet i juni 2014. Berre 34,8 prosent meiner han er best skikka til å vere statsminister.

– Det er eit ganske forståeleg resultat etter eit val der Erna Solberg vart statsminister.

Han legg meir vekt på jobben som ventar i Stortinget, der Arbeiderpartiet framleis er størst.

– No får vi gå tilbake til politikken, sakene og det som går føre seg i Stortinget. Det er det eg skal jobbe med, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

På NRK sitt partibarometer for oktober går likevel Høgre noko tilbake og mister fleirtalet, med KrF under sperregrensa. Støre meiner likevel det er lite å leggje i målinga, som ikkje er signifikant.

– Tre veker etter valet er det lite interessant kva målingane seier. Det har vore lite diskusjon om politikk, men mest om kvifor vi har gjort det dårleg. Derfor gleder eg meg til Stortinget byrjar å snakke politikk igjen neste veke, seier han, med tru på at dette vil få målingane til å snu.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger