Etter publisering har NRK gjort endringar i saka for å tydeleggjere premissane for gjennomgangen.
Same dag som KrF-leiar Knut Arild Hareide gav sitt råd om å gå mot venstresida fekk dei store overskriftene, vedtok KrFs landsstyre samrøystes ein rykande fersk strategi for partiet.
STÅANDE APPLAUS: Partileiar Knut Arild Hareide fekk ståande applaus etter sin tale til KrFs landsstyre fredag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixDer prioriterte dei kva saker partiet skal setje på topp framover for å «byggje eit varmare samfunn».
Mange KrF-arar har villa vente med å bestemme seg for å gå til høgre- eller venstresida til denne strategilista kom på plass.
No seier halvparten av fylkesleiarane at dei vil gå til Solberg-regjeringa, og det store fleirtalet av veljarane meiner at KrF høyrer heime på høgresida i norsk politikk, ifølgje ein TV 2-måling.
- Les:
- KrFs vegval enkelt forklart:
Nedprioriterer Israel og ekteskapslova
Men kor får partiet mest støtte for dei nye toppsakene?
Mens somme kristenkonservative veljarar og KrF-politikarar i bibelbeltet tidlegare har lagt vekt på kampen mot kjønnsnøytrale ekteskap, abort og vore for Israel, er ingen av desse sakene nemnd i den nye sakslista.
Kort sagt, er dette er KrFs toppsaker no:
- Å formidle den kristne kulturarven og kjempe for menneskeverdet.
- Å sikre tid til barn og familie.
- Å kjempe mot fattigdom, klimaendringar og moderne slaveri.
Står nærmare raudgrøn side
NRK har teke utgangspunkt i KrFs nye politiske prioriteringsliste (sjå faktaboks) og samanlikna denne med dei politiske partiprogramma til Venstre, Høgre, Frp, Ap, SV og Sp.
Funna er delt opp i tre kategoriar: Grøn når eit parti er samd med KrF, gult når partia er delvis samd eller ikkje skriv noko om eller imot standpunktet, og raudt når partiets politikk er heilt eller for det meste usamd med KrF.
Gjennomgangen viser at partias program viser at KrF står lengst ifrå Frp i dei nye hjartesakene. Det partiet som er mest samd med KrF i flest av sakene, er Senterpartiet, deretter kjem Høgre.
Sett blokkvis ser det ut til at partia på raudgrøn side oftare heilt samd enn dei på borgarleg side.
Om ein ser bort frå bioteknologi og kristendom, er SV og Sp heilt samd med KrF i resten.
Søylediagrammet viser kor mange av KrFs nye toppsaker dei ulike partias program er heilt eller delvis samd eller usamd med KrF i. Punkta tek utgangspunkt i sakene som går fram av faktaboksen (under).
Her følgjer ei meir utfyllande oversikt over KrFs nye hjartesaker, inkludert i kva parti dei vil få gjennomslag for sakene, der det er nemnd i dei politiske partiprogramma til dei andre partia.
Høie: – Mest å hente hos oss
Høgres nestleiar Bent Høie meiner NRKs gjennomgang overser at KrF allereie har fått gjennomslag for fleire av sine viktigaste saker, sjølv om Frp måtte vere imot dei i sitt program.
– Om dei går inn i regjeringa, vil det bli ei fleirtalsregjering som er sikra gjennomslag. I ei mindretalsregjering vil eventuelle gjennomslag mot Ap og Sp kunne bli overkøyrde av SV i Stortinget, seier han.
UEINIG: Bent Høie, nestleiar i Høgre, meiner KrF har mest å hente ved å gå inn i regjeringa Solberg.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpixHøgre-nestleiaren meiner også at det er feil i oversikta. Til dømes viser den ikkje at Arbeidarpartiet har tatt til orde for tidleg ultralyd, som Høie meiner opnar døra for nettopp eit sorteringssamfunn.
– Det kan hende KrF har meir å hente på raudgrøn side dersom ein ser bort ifrå kristendomen, kampen mot sorteringssamfunnet og kontantstøtta. Men då meiner eg at ein i realiteten ser bort frå KrF, seier Høie.
KrF for ei ny tid
NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand, meiner at det er mange KrF-arar som er einige i prioriteringa i den nye strategien til partiet. Men målet er ikkje nødvendigvis ein venstredreiing, sjølv om det er noko debatten framover vil handle om.
NY TID FOR KRF: Sand seier at Hareide i talen fredag ønska å få fram mogelegheitene for at venstre er ein veg mot gjennomslag.
Foto: NRK– Om du legg dette oppå Frps partiprogram, så er det stor skilnad. Men om du legg det oppå regjeringsplattforma, som Frp har gått med på å styre på, vil ikkje forskjellane vere like store, seier han.
KrF har gått til val tre gonger på Solberg som statsminister. Mange i partiet føler ei verdiforankring til høgresida, men det er kanskje ikkje like eintydig lengre.
– Det handlar ikkje berre om sakene, men om det politiske landskapet og korleis KrF skal finne sin plass, sånn det er no. KrF sitt førsteval er likevel openbert ikkje å samarbeide med Ap, seier han.
Sand seier at Hareide i talen fredag ønska å få fram mogelegheitene for at venstre er ein veg mot gjennomslag.
– Han syner at det er mogeleg, gjennom kva for gjennomslag partiet kan få, og prøver å lage eit KrF for ei ny tid, seier Sand.
Hareide vil ikkje samarbeide med Frp
Hareide kom fredag med ei rekke argument for kvifor han ikkje vil samarbeide med Frp. Lista kan også lesast som eit forsøk på å overtyde eige parti om å sjå mot Arbeidarpartiet.
I talen til landsstyret fredag fridde Hareide til Støre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixI nesten alle desse sakene som Hareide nemnde i argumentasjonsrekkja mot Frp, er nemleg Ap på linje med KrF. Unntaket er når det gjeld kontantstøtta, der Ap vil avvikle ordninga, mens Frp vil ha ei kommunal ordning.
– Der KrF kjemper mot aktiv dødshjelp, er Frp fremst i kampen for å legalisere dette. Der KrF vil ha ein meir sosial alkoholpolitikk, vil Frp ha frislepp i alkoholpolitikken, sa KrF-leiaren til landsstyret.
Vidare peika han på usemja mellom Frp og KrF i følgjande saker:
- Søndagsfri: Frp vil ha søndagsopne butikkar. Ap vil verne om søndagsfri.
- Menneskehandel: Frp er mot sexkjøpslova. Ap er for.
- Abortsenkande tiltak: Då KrF fremma forslag om tiltak for å førebyggje uønskte svangerskap i 2014, fekk dei støtte i dei fleste forslaga frå venstresida, mens Høgre og Frp stemde imot dei fleste forslaga. Ap stemte for somme av forslaga.
- Statsstøtte til trussamfunn: Frp vil fjerne statsstøtta. Ap vil halde på ho, men sjå på utrekningsgrunnlag og kriterium, og stille krav til kvinnekvotering og demokratiske valde representantar i styringsorgan.
- Desentralisering: Frp vil legge ned regionar og fylke. Ap vil ha sterke regionar og vil flytte statlege arbeidsplassar ut i landet.
- Ta i mot flyktningar: Frp har bedt kommunane seie nei til å ta imot flyktningar. Ap var med på 2015-forliket om å ta imot fleire kvoteflyktningar.
- Bistand til fattige i verda: Frp vil kutte. Ap vil gi minst 1 prosent av brutto nasjonalinntekt.
- Menneskerettar: Frp skal ha utfordra menneskerettane i asylpolitikken med å bruke lukka mottak i større grad. Ap har gått hardt ut mot dette.
- Klimaendringar: Frp er skeptisk. Ap er oppteken av tiltak for å få eit lågutsleppssamfunn.
- Pornofilter: Frp stemte ned KrFs forslag i Stortinget, mens Ap stemte for. Eit samrøystes storting stemte for at eit utval skulle vurdere pornofilter.
- Kontantstøtta: Unntak: Her er Frp for kommunal kontantstøtte, medan Ap vil avvikle ordninga.