– Det blei litt trongt med økonomien når det var såpass dyrt, seier Jonas Fagereng Jacobsen (23).
I fjor flytta fotojournalistikk-studenten inn i ein studenthybel frå eit privat selskap på 15 til 16 kvadratmeter på Bislett i Oslo, med ei leige på 8700 kroner.
Etter eitt år auka leiga til over 9000 kroner, og Jacobsen såg seg nøydd til å flytta.
Nå skal 23-åringen flytta til eit firemannskollektiv saman med broren og to andre. Der vil leiga ligga på rundt 7000 kroner.
– Det er billigare og det blir sosialt.
– Ikkje realistisk å berre leva på studiestøtta
For studieåret 2022/2023 er den ordinære studiestøtta på rundt 8788 kroner i månaden.
Ifølge Norsk studentorganisasjon sitt studentbudsjett brukar ein student 7690 kroner på husleige.
Då har ein 1010 kroner igjen å leva på resten av månaden.
Den siste tida har også prisane på mat og straum auka. Prisveksten i Noreg har ikkje vore høgare sidan 80-talet, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Førsteamanuensis Dag Jørgen Hveem ved Universitetet i Agder (UiA) og Handelshøgskulen BI fortel at prisstiginga har forverra ein allereie pressa studentøkonomi.
– Realistisk sett er det ikkje mogleg å leva utelukkande på studiestøtta, meiner Hveem.
Førsteamanuensis ved UiA og Handelshøgskulen BI, Dag Jørgen Hveem.
Foto: Torbjørn Brovold / BIHan håper at regjeringa jobbar med tiltak som skal hjelpa studentane i den krevjande situasjonen, om ikkje Stortinget.
– Dette forsterkar forskjellane på dei som kjem frå velståande familiar og som lever på den grøne grein, og barn av foreldre som kanskje sjølv har nok med å halda hovudet over vatn.
Har du nyleg flytta inn i eit kollektiv? Då burde du kanskje vera obs på desse tinga.
Kollektiv er billegast
Færre søkte høgare utdanning i år enn i fjor, og nivået er no det same som før pandemien. Likevel er det framleis mangel på studentbustader.
Heile 17.000 studentar står på ventelister.
På den private marknaden kan ein i snitt rekna med å betala 10.389 kroner på leige i månaden, viser ei undersøking frå Norsk studentorganisasjon.
Det er snittprisen for både leige av leilegheit, hybel og rom i bufellesskap.
Rom i bufellesskap er det billegaste alternativet i alle dei største studentbyane, Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø.
Oslo, med flest rom i bufellesskap, har dei dyraste leigeprisane.
Ser ein på arealprisen, får du som regel mest for pengane om du leigar leilegheit.
Unntaket er Stavanger og Kristiansand, der arealprisen er lågast for rom i bufellesskap.
Må jobba ved sida av
Mange studentar må jobba ved sidan av studiane for å ikkje gå i minus.
Heile 87 prosent av fulltidsstudentar jobbar i tillegg til å studera, ifølge ei undersøking frå Eurostudent.
Til samanlikning jobba 50 og 65 prosent ved sida av studia i Sverige og Danmark, ifølge undersøkinga.
Det er ikkje alle studentar som har moglegheita til å jobba ved sida av studia. Det er heller ikkje alle studentar som kan ta i mot støtte heimanfrå eller spara av storstipendet.
MÅ SPARE: Det er ikkje alle studentar som har moglegheita til å jobbe ved sidan av studia.
Foto: Berit Roald / NTBNRK har spurt professor Ola Honningdal Grytten ved Noregs handelshøgskole (NHH) om råd til denne gruppa. Dei er som følger:
- Vurdera bufellesskap som kan gje lågare leige
- Ikkje eta ute – laga mat sjølv
- Festa mindre
- Kutta abonnement
- Ha sommarjobb
– Men i utgangspunktet veit eg vel ikkje korleis det kan vera mogleg med dei føresetnadane de set, seier Grytten.
Må leva på sparepengar
Jacobsen gler seg til å bu i kollektiv, men fryktar at det kommande studieåret vil bli tøft.
– Eg må leva på sparepengar. Så må eg jobba om sommaren og i feriar for å få det til å gå rundt, fortel han.
Sjølv har han ikkje moglegheit til å jobba ved sida av studia på grunn av helsemessige årsaker.
KOLLEKTIV: Etter sommaren skal Jacobsen flytta inn her saman med broren og to andre.
Foto: PrivatHar mista håpet
Jacobsen føler at studentane har blitt gløymd.
– Me får prøva å vera sparsame. Det er nesten ikkje noko anna me får gjort.
– Eller me kan håpa at dei aukar studiestøtta, men det har eg gitt opp.
Han meiner studentane er ei viktig målgruppe.
– Me skal ut å ta over jobbar og ut i samfunnet, så det å gløyma oss synest eg er litt synd.
– Kva kunne vore gjort for å betre situasjonen din som student?
– For min del kunne det vore å auka studiestøtta. Og hatt endå fleire studentbustadar som er til ein rimeleg og god pris.
Hei
Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til andre saker vi kan lage om studenter på leiemarkedet? Har du opplevd diskriminering, dyre leiepriser eller har du rett og slett mestra leiemarkedet?
Vi vil høre din historie! Send oss gjerne en e-post.